Gå til innhold
English A A A

Faggruppe for sjukepleievitskap


I 1979 oppstod sjukepleievitskap som fag i Noreg, og det fann stad ved Universitetet i Bergen (UiB), Medisinsk fakultet.

I 1980 vart det mogeleg å studere sjukepleievitskap på grunnfagsnivå ved UiB. I 1982 blei det etablert eit mellomfagstillegg og i 1986 oppstod hovudfags- og doktorgradsstudier i sjukepleievitskap

I samband med 25-års jubileet for sjukepleievitskap i Bergen, skreiv Margareth Bondevik eit festskrift om dette. Dette finner dere som vedlegg nederst på denne siden.

I vår tid er 5 professorar knytt til faggruppa i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen: Astrid Blystad, Eva GjengedalGerd Karin NatvigKarin Anna Petersen og Berit Rokne. Sistnemnde har permisjon fram til 31.11.2013. Fyrsteamanuensisane Jeanne Boge og Jorun Drageset vikarierer for Rokne i kvar sine 50% stillingar.

Faggruppe i sjukepleievitskap har ansvar for mastergrad i sykepleievitenskap. Studiet er organisert under helsefag, Institutt for samfunnsmedisinske fag (ISF), Medisinsk- odontologisk fakultet. Deler av mastergradsstudiane vert gjennomført som fellesundervising i lag med andre helsefag ved UiB. Fulltids mastergradsstudiar i sjukepleievitskap varer to år. Det er også tilbod om å ta mastergraden som deltidsstudium over 3 år .

Personane som er knytta til faggruppa deltar og i tre ulike forskningsgrupper, livskvalitet, global helse og praxeologi.

Sist endret: 18.3.2011