Utposten 1996 Nr 1

Previous Page Utposten Next Page

Praksislærarar på tur til Nederland og Belgia !

Tekst:

Lars Moland

Lars Moland f. 1953 har vore kommunelege 2 i Aurland kommune sidan 1983. Han er spesialist i allmennmedisin og allmennpraksislærar ved instituttet i Bergen. I okt. 1995 var han med på eit praksislærarkurs i Maastricht og Leuven.

Ord som Leffe og Duvel har no fått eit innhald for allmennpraktikarar på Vestlandet. Deltakarane på seksjon for allmennmedisin fekk rikeleg høve til å smaka på desse utmerka ølsortane då me vitja universitetsbyane Maastricht i Nederland og Leuven i Belgia.

Seksjon for allmennmedisin ved Universitetet i Bergen arrangerer jamleg kurs for legar i allmennpraksis som har studentar hjå seg i løpet av året. Tilbod om opplæring og fagutvikling gjer det meir interessant og spanande å vera praksislærar. Betre kvalifiserte lærarar gjev sjølvsagt og betre undervisning. Studentane får ein nyttigare praksis og det verkar positivt i høve rekruttering til faget allmennmedisin.

Kvart 3. kurs vert lagt til utlandet. Ein har tidlegare vitja allmennmedisinske fagmiljø i England og Canada/USA. I oktober i år reiste 19 kursdeltakarar frå Farsund i sør til Molde i nord, til Maastricht og Leuven. Tittelen på kurset i år var «How to teach medical students». Me fekk ei brei innføring i legeutdanninga ved to spanande og høgst ulike lærestader. I tillegg fekk me, dels gjennom forelesningar og dels gjennom samtaler med kollegaer, vita mykje om belgisk og nederlandsk allmennpraksis.

«Skillslab»

Medisinstudiet i Maastricht er av ny dato, fakultetet vart etablert i 1974. Eit hovudprinsipp i studiet er problembasert læring med hyppig evaluering og tidleg kontakt med pasientar. Det er lagt stor vekt på trening av praktiske prosedyrar og trening av konsultasjonsteknikk. Denne opplæringa går føre seg på «skillslab».

«Skillslab» er eit avansert laboratorium der studentane øver på alt frå enkel blodprøvetaking til gjennomføring av fullstendig pasientkonsultasjonar. Verksemda ved laboratoriet er organisert slik at teori og praksis går hand i hand frå fyrste studieår. Dersom temaet i ein studiebolk er anemi, vil studentane læra om det i smågrupper og ved sjølvstudium. Samstundes vil dei på «skillslab» gjera relevante øvingar, t.d. prøvetaking, intravenøs infusjon, gynekologisk undersøking, rektaleksplorasjon, urinmikroskopi, suturering o.s.b. Til disposisjon for studentane står plastmodellar av dei fleste lekamsdelane og rikeleg med medisinsk utstyr. Prosedyrane vert fyrst utførte på modellar. Sidan undersøkjer studentane kvarandre, og laboratoriet har og ein stab av løna «simulated patients» som stiller opp til konsultasjonar. Etter kvart får studentane prøva seg på «ekte pasientar».

Laboratoriet har og utdanna personar til å instruere studentane i særleg intime undersøkingar, t.d. g.u. og rektaleksplorasjon. Med lærarrettleiing får studentane utføra undersøkingane på instruktørane som så evaluerar studenten direkte under og etter undersøkinga.

Kursdeltakarane frå Noreg fekk prøva seg på «skillslab». Me vart delte i tre grupper som skulle laga program for opplæring i å gje intravenøs infusjon, gjera gynekologisk undersøking og overbringa triste bodskap. Me gjennomførte undervisninga på velvillige medisinstudentar. Sidan testa me at dei hadde lært det dei skulle læra. Både lærarar og studentar kom gjennom undervisninga utan mein. Mange av oss norske, lett grånande legar fekk til og med gode kjensler av å oppdaga at me hadde noko å tilføra ungdommen.

Sølv på eit framande språk var ikkje generasjonskløfta umogeleg å koma over.

I Noreg har det i det seinare vorte kjent at nyutdanna legar har for dårlege kunnskaper og for lite røynsle når det gjeld praktiske prosedyrar. På bakgrunn av det vart opphaldet på «skillslab» svært relevant. For mange av oss hadde namnet Maastricht frå tidlegare ein dårleg klang. I denne samanhengen er det berre å seia: «Look to Maastricht»!

Universitetet i Leuven

Leuven er ein gamal universitetsby, universitetet er det eldste i Nord-Europa. Medisinstudiet er gamalmodig og autoritært. Dei fyrste 6 åra ser studentane knapt ein pasient og kateterforelesningar utgjer det meste av undervisninga.

For å verta allmennpraktikar må ein gjennom tre år i tillegg til grunnutdanninga. I det fyrste av desse åra (7. studieår) er det lagt inn ein bolk på 8 veker der kommunikasjon og konsultasjonsteknikk står sentralt.

Bolken vert kalla «I.T.W.course» som står for Intensiv Training Weeks. Kursdeltakarane frå Noreg gjekk gjennom dette kurset i kortversjon. Me fekk føla intensiteten på kroppen.

Kurset tek utgangspunkt i ein detaljert konsultasjonsmodell der konsultasjonen vert delt i 5 hovudavsnitt.

Modellen er pasientsentrert. Det er lagt vekt på at pasienten med eigne ord skal leggja fram kvifor kan kjem til lege. Legen skal vera aktivist lyttande og gjennnom opne spørsmål freista å avdekka kva som er pasienten sine plager og problem. Heile tida er det viktig å kontrollera om det er samsvar mellom legen og pasienten sine oppfatningar.

Konsultasjonsmodellen er demokratisk. Pasienten og legen skal gjennom samtale og undersøkingar verta samde, «come to an agreement».

Mange av elementa i modellen var kjente, m.a. frå Pendeltons teoriar og Kirsti Malterud si doktoravhandling om dei kvinnelege pasientane. Det som likevel var nytt og fascinerande for meg, var det systematiske oppsettet og at modellen var praktisk. Ein la ikkje vekt på teoretisk tankegods, men på at studentane skulle få eit nyttig verkty i konsultasjonane.

Undervisninga i konsultasjonsteknikk ved fakultetet i Leuven startar med generelle kommunikasjonsøvingar leia av psykolog. Etter det vert studentane kasta inn i videokonsultasjonar med «simulated patients». Ein går stegvis fram i konsultasjonane med utgangspunkt i modellen. Treninga skjer fyrst med to og to studentar som ser på kvarandre sine konsultasjonar saman med lærar, så kalla «parallel consultations». Etter det får studentane gjennomføra heile konsultasjonar med reelle pasientar. Konsultasjonane vert videofilma og analyserte i detalj i grupper på 6 studentar.

Dette er eit krevjande opplegg der det er særs viktig at studentane kjenner seg trygge. Det var ei utfordring for røynde, norske allmennpraktikarar å gå inn i studentrolla, me opplevde stotring og fomling og klamme hender. Langt verre må det vera for studentar utan røynsle. Undervisarane sa at dei la stor vekt på å skapa ei trygg og god stemning i kurset. Eg er likevel ikkje overtydd om at studentane alltid vart tekne godt nok vare på.

Alt i alt trur eg me har mykje å læra av fakultetet i Leuven når det gjeld opplæringa av studentar i kommunikasjon og konsultasjonsteknikk. Seksjon for allmennmedisin i Bergen bør vurdera om dei kan nytta røynslene frå Leuven til å styrka undervisninga av eigne studentar. Heile den modellen me vart presentert for, kan ikkje nyttast i alle konsultasjonar. Einskilde delar vil likevel vera relevante i nesten alle samtaler med pasientar.

Nederlandsk og belgisk allmennpraksis

I Nederland var allmennpraksis gjennomregulert med eit listesystem svarande til det som no vert prøvd i nokre kommunar her i landet. Kvar lege har totalansvar heile døgnet for ca. 2.300 pasientar. Legevakt vert ikkje organisert av det offentlege, men på kollegial basis av legane i eit område. Legen får eit fast tilskot for kvar pasient på lista og pasientane betaler ikkje eigenandel ved konsultasjonane. Ventetid er eit ukjent omgrep i Nederland. Alle får koma til hjå lege same dag eller dagen etter dei tingar time. Legane har 5–6 pasientar i timen. Det vert naturleg nok ikkje tid til å høyra korleis det står til med bestemor eller til å diskutera reinsjakta. Arbeidsdagen er frå ca. 08.00 – 19.00.

I Maastricht var me ein halv dag utplasserte på kontoret til ein kollega. Det var slåande å sjå kor disiplinerte pasientane var. Dei var tydeleg innstilte på å få hjelp til å løyse det helseproblemet dei hadde og ferdig med det. Pasientane såg ut til å vera nøgde.

Det er likevel grunn til å spørja om alle pasientar vert teke godt vare på med denne arbeidsforma. Pasientar med psyko-sosiale problemstillingar vil eg tru vert skadelidne. Eg har og mistanke om at mange pasientar vert viste vidare til spesialistar. Det høyrer og med at det er mykje nederlandske allmennpraktikarar ikkje gjer. Til dømes har dei særs avgrensa laboratorietenester. Dei har heller ikkje nok med sjukemeldingar eller trygdesaker å gjere. Det tar eigne legar seg av.

Av nederlandsk allmennpraksis har me litt å læra. Legetenestene var ekstremt tilgjengelege. I Noreg har me kanskje gjort det for vanskeleg å koma til lege. Har legane sin arbeidssituasjon kome for mykje i fokus?

I Belgia er legetenestene organiserte etter kapitalistiske prinsipp slik ein kan venta det i unionen. Alle godkjente allmennpraktikarar kan etablere eiga verksemd, og pasientane betaler det det kostar å gå til lege. Resultatet er at det i Belgia er ein lege på 600 personar; legane kjempar om pasientane. Det vert jobba med å endre systemet.

Når ein legg eit kurs til utlandet, må innhaldet vera særs godt og spesielt. Berre då kan ein forsvara dei auka uttgiftene. Dagane i Maastricht og Leuven var interessante, lærerike og intense. Kurskomiteen hadde gjort ein framifrå jobb. Ikkje minst var det godt for slitne praksislærarar å rekreera ei helg i Amsterdam etter endt kurs. Me kom alle heim i god stand og med lada batteri.

Lars Moland,
kommunelege 2
5745 Aurland

Previous Page Utposten Next Page


Instituttets hovedside
UiBs Hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag,
sist oppdatert 03.03.96

John.Leer@isf.uib.no
Hogne.Sandvik@isf.uib.no