Utposten 1996 Nr 4 - forsiden
See File Next Page

Eksistensen, sorga og oss

Tekst: Eivind Vestbų

Sten Erik Hessling har i dette nummeret ei klok og instruktiv artikkel om plutselig død og gode råd om profesjonelle handlingsalternativ i næraste tida etterpå. Han tek med både pårørande og oss sjølv som legar. Det står likevel ikkje så mykje eksplisitt om legen i artikkelen, men det går klart fram at legen må delta og overvaka den intrapsykiske eksplosjonen som finn stad i dei mange sinn når katastrofen rammar. Deltaking er innleving, og innleving er å kjenna på. Dette er vel å bra i dei fleste konsultasjonar. Men kva , når ferda går mot den allmennt godkjente, eksistensielle katastrofen – døden . Eller når det meir enn å kjenna på , handlar om å tenna fenghetter i våre eigne sinn.

For meg sjølv er skrivande stund den rette for refleksjon. Natta har gått med til å ta hand om den situasjonen at ungdom nummer fire i lokalsamfunnet har hengt seg . Eg er ferdig med det formelle saman med lensmannen , og har vore med dei næraste kameratane i ei gripande farvel på gjerningsstaden før likposen kom på plass. Deretter den tunge gongen til foreldra på natta, og i dag møte med 50 ungdommar som er i sjokk og byrjande sorg. I kveld er det møte med lærarane for å førebu eit opplegg på den vidarengåande skulen for mandagen.

Alt dette er vel og bra, men kva med meg sjølv? Kva med oss som skal ta del om og om igjen. Trongen til å intellektualisera kjem nå, og eg gjev etter: Kanskje er det slik at vi har tre handlingsalternativ. Vi kan satsa på distanse, formell profesjonalitet og rigid forsvar mot det smertefulle. Truleg ein kjent og av pasientane frykta metode. Dersom vi har vilje til å delta, kan prosessen bli så smertefull at vi må trekka oss med større eller mindre sår – utbrente, deprimerte, sorgtunge eller rus-trengande. Det finns lukkelegvis ein tredje metode som ikkje er lettare enn livet sjølv, men som likevel tar vare på både pasient og lege i lengda: For det første må vi våga å gå inn når empatien svir. Men vi må gjera dette reflektert og med tanke på eigne prosessar. Dei er slik eg skjønar det, av to typer. Den stadige påminninga om det eksistensielle hoveperspektiv – det forgjengelege , døden og kanskje slutten – gjer det naudsynleg med eit slag profesjonelt, eksistensielt sorgarbeid i høve til eigen sjukdom og død. Denne opplevinga kjem naturleg for andre med alderdommen og veners død. Det er ei modningstid med det forsonande resultatet at dei fleste eldre er fortrulege og rimeleg trygge heilt utan omsyn til livssyn. Men som legar møter vi dette perspektivet og kravet fleire tiår før. Vi må ta på oss og gjennomleva dei kjenslene som fylgjer med; så intenst, ofte og lenge som sorga over vissleiken om eigen død gjer naudsynleg. Det andre problemet er dei meir personlege sorgpakkane vi har liggande i løkforma skikt bakover i eiga historie. Når profesjonelle opplevingar triggar desse til å opna for sjeleleg smerte, må vi identifisera denne som sorgarbeid, bli i det vonde og styra igjennom. Gode hobbiar og omsorgsfull familie er naudsynleg, men truleg ikkje nok. Vi må meistra ved gjennomleving og stabilisering slik at vi kan ta del i andres tapsoppleving utan å ta skade.

Kanskje må vi sjå på smertefull medoppleving meir som ei profesjonell gåve enn som plikt. Vi kjem utan tvil nærare oss sjølv med etterfylgjande personleg utvikling og modning om vi vågar. Kollegial hjelp etter traumatisk oppleving i yrkessamanheng er heller ikkje godt nok etter ein slik tankegong. «Lege for lege» ordninga og kollegagrupper av ymse slag bør kanskje konsentrera seg meir om å førebygga for både kalde og utbrente legar gjennom å fokusera på eige sorgarbeid – så vel eksistensielt som privat. Kan vi på denne måten forma legar som kan brenna utan å brenna ut? Sjølv trur eg det, dersom slike tiltak kjem i tillegg til alle gode og kjente slik som grensesetting, fritid, interesser og samliv.

Gevinsten er i alle høve stor fagleg sett. Legar som anna helsepersonell, har stor trong til å skifta ut emosjonell deltaking med handling. Vi medikaliserer eksistensielle situasjonar og gjer pasienten ansvarslaus for å sleppa våre eigne vonde kjensler. Det krev refleksjon og trening for å kunna bli i smerten saman med den sjuke. Men får vi dette til, svinn urimelege og føremålslause krav om tiltak frå alle som tek del. Roa breier seg og det utålelege blir litt etter litt, tålt.

Det er sommar, medan mange kanskje har kjensle av at vi har slått an tonen for eit haustnummer.Den deprimerte kan likevel fortelja oss kor meiningslaus sommaren er dersom sinnet er lukka. Og den som har opna opp for livet på ny etter sorgarbeid, fortel om ei modna glede som gir takksame sommaropplevingar dei før ikkje har hatt røynsle med. Først når vi er ferdige med eigne gjennomlevingar og er blitt trygge i ein utrygg profesjon, kan vi ta imot den gode sommaren som vi Utposten ønsker dykk alle!

Litteratur:

Hessling SE, Plutselig død –; hva gjør vi for de pårørende og oss selv? Utposten 1996;25(4):132–35.

See File Next Page


Instituttets hovedside
UiBs Hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag,
sist oppdatert 26.06.96

John.Leer@isf.uib.no
Hogne.Sandvik@isf.uib.no