Utposten 1996 Nr 4 - jubileumsseminar
Previous Page See File skarv

jubileumsseminar 11. – 12. november 1996

Målet med dette seminaret er å gje innsikt i korleis generalisert teoretisk kunnskap og praktiske røynsler samverkar i oppbygginga av kompetanse hjå praktikarar innan allmenn- og samfunnsmedisin. Vidare vil ein prF8íva å syna foresetnadene for ei fagleg forsvarleg formidling av røynsler frå praktisk allmenn- og samfunnsmedisinsk arbeid.

I ei tid der ein fokuserer mykje på kunnskapsbasert medisin («evidence based medicine»), trur redaksjonen i Utposten at det er viktig også å sjå nærare på korleis dei «unike» hendingane ein møter i lokalsamfunnet og hjå pasientane kan og skal påverka praktikaren si faglege utvikling. Vi ønskjer også å sjå på behovet for og krav til media som skal formidla røynsler mellom praktikarane i primærhelsetenesta.

Målgruppa for seminaret er legar som arbeider som praktikarar eller akademikarar innan allmenn- og samfunnsmedisinske fag og som har interesse for formidling av praksiserfaringar.

Sidan dette seminaret er kome i stand i samband med 25-årsjubileet for Utposten, ønskjer vi også å sjå nærare på den rolla dette bladet har hatt dei seinare åra.

Kursleiing: Redaksjonen i Utposten. Kontaktperson: Geir Sverre Braut, Fylkeslegekontret, Postboks 680, 4001 Stavanger.Telefon 51 56 87 17. Telefaks 51 53 00 79. Påmelding: Program blir tilsendt.

Måndag 11. november 1996

11.15 – 11.25 Opning - Geir Sverre Braut

11.25 – 12.15 Kva kjelder har praktikaren i dag som grunnlag for (akademisk og praktisk) oppdatering? - Olav Rutle

12.15 – 13.30 Lunsj

13.30 – 14.00 Kva verknader har Utposten hatt gjennom 25 år? - Helge Worren

14.00 – 14.15 Samtale i plenum

14.15 – 15.00 Kva hjelp kan vi ha av nye media i åra som kjem? - John Leer

15.00 – 15.15 Kaffipause

15.15 – 16.00 Kvalitetskrav til primærmedisinsk kunnskap i framtida - Per Hjortdahl

16.00 – 16.15 Pause

16.15 – 17.00 Erfaring og eksperiment – kunnskapskilder med ulike kvalitetskrav/kriterier? Om redaktørens rolle i kvalitetssikringen. - Magne Nylenna

17.00 – 17.45 Kan norsk overleva som fagleg formidlingsspråk i framtida? - John Nessa

Tysdag 12. november 1996

09.00 – 09.40 Biletet som kommunikasjonsmiddel i allmenn- og samfunnsmedisin. Finst det alternativ til tekstjournalen og kasuistikkartikkelen? - Torgeir Gilje Lid

09.40 – 09.50 Pause

09.50 – 10.40 Korleis skilja det verdifulle frå det unyttige i informasjonsmengda? Analyser av praksis ut frå journalmateriale. - Petter Aaslestad

10.40 – 10.55 Samtale

10.55 – 11.15 Kaffipause

11.15 – 12.00 Kva skal legen lesa – og kvifor? Ein primærmedisinsk kanon. - Per Fugelli

12.00 – 12.15 Samtale

12.15 – 13.15 Lunsj

13.15 – 14.45 Refleksjon over unike erfaringar. Om å læra av eiga røynsle med grunnlag i trygg fagkunnskap - Kjell Nordstokke

14.45 – 15.00 Samtale

15.00 – 15.15 Kaffipause

15.15 – 16.00 Tankar om vegen vidare - Eivind Vestbø

Kurset arrangeres under Primærmedisinsk Uke 96

Previous Page See File skarv


Instituttets hovedside
UiBs Hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag,
sist oppdatert 26.06.96

John.Leer@isf.uib.no
Hogne.Sandvik@isf.uib.no