Utposten Nr 5 1996

Previous Page See File Next Page

ERIK EGELAND:Blå skygge

Meld av Geir Sverre Braut

Verbum, 1996

138 sider, Kr 248,-

Eg har sjeldan arbeidd så lenge med ei lita bok som med denne. Eg starta på henne, for så å la henne liggje fleire gonger, inntil påske gav rom for å fullføre lesing og refleksjon. Dette er ei bok som bør lesast i fred frå byrjing til slutt.

Egeland fortel om forspelet til sin eigen død; på eit vis ein sjølvbiografi der vekta er lagt på spenninga mellom tru og tvil i den siste fasen av hans eige liv. Boka inneheld mengdevis med perler av poetiske formuleringar, men det er ikkje det verdifulle med henne. I etterhand er det heller ikkje dei skarpe og kortfatta analysane journalisten Egeland presenterer som ein reflekterer over. Omtalen av trua hjå besteforeldra og det irrelevante ved religion hjå foreldra, kan stå som ein karakteristikk over den nære fortida som dei fleste av oss kjenner seg att i. Likeins gjev ein svært kort presentasjon av velferdsstaten i etterkrigstida eit scenebilete som profilerer dei store spørsmåla i velferdspolitikken i dag.

Diskret, men likevel personleg påtrengjande i positiv meining, fortel han om framvoksteren av sitt eige trusliv. Også her vil mange kjenne att drag av noko som litt brutalt kan kallast den «intellektuelle» varianten av omvendinga. Sjølv om han gjennom heile boka balanserer hårfint på grensa mellom det personlege og det private, unngår han å kome i den grøfta han sjølv omtalar når han er ein tur innom den alternative medisinen – «Det er langt mellom de ekte sakene på dette emosjonelle marked», skriv han der. Det same kan seiast om litteratur av dette slaget. Egeland kan kvile i vissa om at han ikkje har gått i den fella han sjølv har observert.

Kva grunnar finst for legen til å lese denne boka? Overlegen slår til i teksten ein gong i mellom med sine «evidente» utsegner om kreftsjukdommen og behandlinga av den. Utan heilt å vite av det, trur eg, viser Egeland korleis han dreg dei medisinske kjensgjerningane til seg og gjer dei til ein avgrensa del av si eiga livssoge. Han er så å seie på sporet av ein narrativ medisin, for å låna ei setning frå ein nyleg publisert artikkel i Tidsskriftet (1). Boka handlar såleis i medisinsk perspektiv om noko av det som vil bli lækjevitskapen sitt store prosjekt i åra som kjem, nemleg å kombinere den evidente medisinske kunnskapen med den narrative røynsla.

Ein kan seie at medisin er medisin og religion er religion, og sjølvsagt er det rett. Likevel må medisinaren forstå og forhalde seg til at den medisinske kunnskapen berre er eit av mange forhold som eit kvart menneske vil ta omsyn til i sitt eige livsprosjekt.

«Man må satse mer, gjøre sitt eget liv til et eksperiment», skriv Egeland. Etter å ha lese boka er eg enno vissare på at dette er eit ansvar for kvar einskild. Om den evidente medisinen får rå i kvart einskild liv utan korrektiv frå personens indre, blir livet eit medisinsk eksperiment – og det var vel ikkje meininga?

Litteratur:

1. Heskestad S, Tjemsland L. Fortellingen om lidelsen. På sporet av narrativ medisin. Tidsskr Nor Lægeforen 1996;116:1092-94.


Previous Page See File Next Page

Instituttets hovedside
UiBs Hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag,
sist oppdatert 14.10.96
John.Leer@isf.uib.no