Utposten Nr 7/8 1996

Previous Page See Page

baksidebildet


Ein rose er utsprunget

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot så grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann, og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved mørke midnattstid.

Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
og natti vart til dag.

Oversett av Peter Hognestad

(Norsk Salmebok, 38)

 


Previous Page See Page