Utposten Nr 2 1997

Previous PageSee PageNext Page

Helsearbeidarar i alle fylke, samein dykk!

(No skal vi endeleg ha det moro)

Pasienten først!

Ledelse og organisering i sykehus.

NOU 1997:2 (Steine-utvalgets utredning)

Meld av Geir Sverre Braut

Det er ikkje heilt vanleg å melda offentlege utgreiingar som bøker. NOU 1997:2 er likevel noko meir enn berre eit politisk dokument. Den utforminga utvalet har gjeve utgreiinga gjer at ho kjem til å stå som eit viktig kjeldeskrift i drøftinga av leiarskapsspørsmål i helsetenesta i årevis framover; uavhengig av om ein er samd eller usamd i konklusjonane utvalet har falle ned på.

Utgreiinga tek utgangspunkt i «Pasienten først»-retningslinene som er framsette av den politiske leiinga i Sosial- og helsedepartementet. Dette er eit sjølvsagt utgangspunkt. Når eg les innhaldet i desse retningslinene, undrar eg meg eigentleg over at det meste ikkje alt er på plass. Eg stiller meg spørsmålet om kvifor organisering av helseteneste og sjukehus, for det er sjukehusa som er i brennpunktet, i det heile er noko problem. Men utgreiinga går djupare inn i dette og får på ein overtydande måte fram kvifor stoda er slik at korkje pasientar, helsepersonell eller folkevalde er særleg nøgde.

Ved første tilnærming kan ein få inntrykk av at «Pasienten først»-retningslinene berre rettar seg mot helsepersonellet. Stikkord som «lydhørhet», «punktlighet», «åpenhet», «helhet», «vennlighet» og «gjensidighet», er sterke imperativ til grundig ettertanke hjå tenesteytarane. Men folkevalde og andre styrande skal nok få merka at helsepersonell gjerne stiller opp og gjer sin del, dersom viktige rammeføresetnader er til stades slik at ein kan få alvor bak dei andre stikkorda: «tilgjengelighet», «faglighet», «forsvarlighet» og «ansvarlighet». Dette maktar utgreiinga å syna på ein truverdig og oversiktleg måte. Det kjem tydeleg fram at det slett ikkje berre er legar og sjukepleiarar, og «kampen» mellom desse, som er rota til det vonde i styringa av sjukehusa.

Utgreiinga byggjer på ein profesjonelt basert leiarskapstanke. Tida då det greier seg med allmenn leiarutdanning er tydelegvis forbi. Men helsefagleg bakgrunn er ikkje nok. Ein som skal leia ei sjukehusavdeling, må ha formell leiarkompetanse. Den samla faglege og formelle kompetansen må gje autoritet.

Utvalet har falle ned på at både funksjonelle og formelle omsyn talar for at sjukehusavdelingar skal ha ein leiar som spelar på ein tverrfagleg stab. Ei vesentleg utfordring for leiaren vert då å fungera som leiar for ein organisasjon og ikkje ei yrkesgruppe. Heilt konkret føreslår utvalet at einskapleg leiing bør innførast ved alle sjukehus i løpet av to år.

Utvalet peikar også på ei rekkje andre tiltak som må til for å betra ytingsevna til norske sjukehus. Stikkord som opprusting av kontortekniske funksjonar, betre arbeidsmiljø og middel til kompetanseutvikling kjenner vi att frå dei fleste problemomtalar og tilsynsrapportar frå sjukehusa dei seinare åra. Utvalet viser ikkje nokon annan overtydande veg til dette enn gjennom auka løyvingar.

Av omsyn til kontinuitet og kvalitet i pasientbehandlinga, ønskjer utvalet at ein kvar pasient skal ha krav på å vita kven som er ansvarleg lege og sjukepleiar for nett vedkommande. Dette er eit poeng som truleg også legar utanfor sjukehus vil merka seg med glede.

Utvalet presiserer at staten ved Sosial- og helsedepartementet og tilsynsorgana må spela ei meir aktiv rolle i det faglege utviklingsarbeidet, m.a. gjennom utviklinga av faglege standardar.

Mange legar vil nok finna det litt leitt at utvalet ikkje har peika ut legen som pater omnipotens i sjukehuset. Eg trur ikkje det skal fellast mange tårer for det. Den legen som ønskjer å vera leiar vil likevel finna vegen open, om framlegga frå utvalet vert realiserte. Føresetnadene er mest berre at vedkommande sjølv ønskjer det og har tilstrekkeleg leiarkompetanse.

Når helsepersonellet har funne seg til rette under ei og berre ei avdelingsleiinga, trur eg at dei største utfordringane i å følgja opp vil felle på dei folkevalde. Kva skal dei gjera når pasientane, godt støtta av helsepersonellet, krev tilgang til fagleg forsvarlege tenester til rett tid? Og all medkjensle med sjukehuseigarane når dei no får definert som hovudoppgåver utdanning av helsepersonell og forsking i tillegg til pasientbehandling som dei så vidt klarar av i dag! For helsepersonell må slike utsegner mest likna på det som står i Openberringsboka. Bodskapen min til alle helsearbeidarar etter å ha lese utgreiinga er: Brett opp skjorteermane og set i gang – framtida ser lys ut! Steineutvalet har høyrt på røystene frå helsepersonellet og trudd på utsegnene om at helsepersonell vil pasientens beste. Det fortener dei ros for.


Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 9 april 1997

John Leer

Previous PageSee PageNext Page