Previous PageSee PageNext Page Utposten Nr 5 1997

bokmeld.jpg (2065 bytes)JAN-OLAV HENRIKSEN OG ARNE JOHAN VETLESEN

Nærhet og distanse

Grunnlag, verdier og etiske teorier i arbeid med mennesker

AdNotam Gyldendal, 1997.

246 sider. Pris 280,– kroner.
Meld av Geir Sverre Braut

Kollega Øgar har klaga til meg på bokmeldingane mine. Han meiner dei er for positive og at eg snart må skriva ei negativ bokmelding. Såleis er det kanskje uttrykk for dårskap å gje enno eit godt skussmål om ei bok; og denne gongen attpåtil peika boka ut som den beste eg har skrive melding på i Utposten til no.

Henriksen og Vetlesen har makta å skriva ei bok om yrkesetikk som både står på solid teoretisk grunn og som gjev rettleiing i praktiske tilnærmingar til etikkmetode i dagleg yrkespraksis i arbeid med menneske. Forfattarane syner at grunnlaget for etisk forsvarlege handlingar kjem fram gjennom eit samspel mellom eigne føresetnader og vurderingar («autonomi») på den eine sida og den sosiale forankringa («avhengigheit») på den andre sida.

Mennesket som avhengig av andre, slik dette er formulert m.a. av E. Lévinas og K.E. Løgstrup, er teke som eit grunnleggjande synssett i boka. Dette meiner eg er ein god innfallsvinkel ikkje minst for etiske vurderingar i helsetenesta, der ein i praksis sjeldan kan sjå på mennesket som autonomt i absolutt forstand, anten det er behandlar eller pasient.

Boka knyter det etikkfaglege stoffet nært opp til sentrale omgrep i det psykologiske og sosiologiske grunnlaget for behandlingsverksemd. Såleis er t.d. meistring og grensesetting samt empati og makt inngåande drøfta og knytt til presentasjonen av etikkteorien. Denne koplinga mellom ulike fagtradisjonar har forfattarane fått til på ein prisverdig måte. Dette styrkjer truverdet til boka som rettleiar til eiga utvikling av ein etikkfagleg ståstad.

Sjølvsagt gjev også boka ein presentasjon av tradisjonelle tilnærmingar til teoriar for etisk forsvarleg yrkesutøving. Forfattarane framstiller sentrale synsmåtar som t.d. pliktetikk, nytteetikk og dydsetikk på ein oversiktleg måte; godt illustrert med praktiske døme og stundom støtta av utdrag frå annan litteratur. Her er vi ved bokas høgdepunkt, nemleg bruken av det unike, den særlege livserfaringa, som grunnlag for allmenngyldig kunnskap og klokskap. Dette er kjernen i det ein kan kalla narrativ etikk. (Finn lesaren av denne meldinga dette omgrepet pirrande? Ja, les då til dømes kapittel 5 i boka. Der får ein ei god framstilling av dette omgrepet og samstundes eit innblikk i kva kvalitative metodar handlar om).

Forfattarane konkluderer med å presentera ein enkel, nesten algoritmisk, metode som ein kan støtta seg til ved etiske vurderingar av handlingsalternativ i praksis. Denne set ein i stand til å vega mellom allmenne prinsipp, eigne røynsler og sosiale forventningar når ein står overfor dagleglivets yrkesetiske utfordringar. Kort fortald handlar det om å vurdera situasjonen gjenom å analysera kjernen i problemstillinga, sjå på liknande tilfelle, ta omsyn til omstenda og ha auga for konsekvensane («KLOK»!) Sjølv om denne modellen berre er ofra 12 sider på slutten av boka, må lesaren ha teke seg tid til å lesa gjennom dei over 200 føregåande sidene for å få utbytte av tenkemåten i praksis. Det er der ein finn argumenta for nett denne vurderingsmodellen.

På mange måtar er det også dette teorigrunnlaget som skil KLOK-modellen frå t.d. allmenn juridisk metode. Det hadde vore spanande om nokon hadde nytta KLOK-modellen på ein del kasuistikkar frå den medisinske kvardagen, t.d. slik dessa framstår gjennom klagesaker som kjem til fylkeslegane. Kanskje resultata, både for klagar og innklaga, då ville ha vore lettare å forstå?

Det er verd å merka seg at forfattarane, ein teolog og ein filosof, har makta å skriva ei bok som framstår som ei god innføring i yrkesetikk for helsearbeidarar trass i at boka har ein svært allmenn innfallsvinkel. Dette gjev òg boka auka truverde og stor slitestyrke som praktisk rettleiar i etikkmetode.

Boka er gjeven ei tiltalande utforming med ein reproduksjon av eit måleri av Jan Kristofori på framsida. Dette biletet gjev i seg sjølv mat til meditasjonar over innhaldet i boka. Det er sjeldan eg finn så mykje relevans i eit bokomslag som dette.

Og så til slutt til kollega Øgar; dårlege bøker fortener inga bokmelding om dei då ikkje er i slike klassar at ein bør åtvara folk mot dei. Denne boka er så langt frå slike klassar som det er råd å koma. Eg vil hevda at dette er det beste kjøpet på norsk i 1997 når det gjeld etikkbøker av interesse for helsepersonell.

 

Previous PageSee PageNext Page

Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 5. oktober 1997

John Leer