Previous PageSee Page Utposten Nr 5 1997

Om samfunnsmedisinen, fylkeslegane og kjærleiken

Tekst: Frode Forland
forland.jpg (2542 bytes)

Frode Forland er født i 1956. Spesialist i samfunnsmedisin. Arbeider no som prosjektleiar i Statens Helsetilsyn med «Prosjekt for kunnskapsbasert praksis». Kommunelege I i Nissedal i Vest-Telemark frå 1987–1995, med to års permisjon som distriktslege i Zimbabwe. Opptatt av utkantmedisin nasjonalt og internasjonalt. God kunnskap og behandling skal være like lett tilgjengelig periferien som i sentrum!


Kor er kommunelegen?
– spurde kongen etter flaumkatastrofen på Austlandet i fjor.

Korleis kan vi styrkje lokalsamfunnsmedisinen?
– spurde stortingsrepresentant Tove Kari Viken frå SP i fjor.

Kva er samfunnsmedisin?
– har vi spurt kvarandre dei siste 10 åra.

Korleis kan fylkeslegane fagleg forvalte oppgåva med å vere samfunnsmedisinens andrelinjeteneste?
– spør eg.

Schweitzer og Evang

Innleiingsvis vil eg kort minne om nokre sitat frå ein par store samfunnsmedisinarar som makta å gjere noko med det som er vår oppgåve, å setje ord og filosofi ut i handling.

1944: Karl Evang:

«Uansett hvilken ordning man treffer, må den medisinske sakkyndighet være tilstrekkelig sterkt representert, slik at det egentlige formål, nemlig å gjennomføre de mest mulig effektive, moderne forebyggende metoder for å hindre sykdom, og de beste metoder for å helbrede sykdom, kan fylles».

Han peikar på at vi må ha sakkyndighet nok til å få gjennomført effektiv førebygging og effektiv behandling. Ikkje så orginalt, men det eg ønskjer å minne om var korleis han arbeidde på den helsepolitiske arena for å få gjennomført dette.

1923: Albert Schweitzer:

Han peikar på stresset og tidspresset i den moderne tid:

«Gjennom de siste to-tre generasjoner har et utall av mennesker levet bare som slitere og ikke som mennesker. Ved storbylivet mister vi det åpne forhold til vår neste. Svekkes bevisstheten om at ethvert menneske angår oss som menneske, så vakler både kultur og etikk. Da er den videre utvikling i retning av umenneskelighet bare et spørsmål om tid».

I novemberkulda hausten 1996 prøvde ni-time reporter Rune Alsted seg som boms i Oslos gater. I ettertid kunne han gje ei sterk tilbakemelding om det norske folks umenneskelighet – gråtande for åpen mikrofon i ni-timen fortalde han korleis han hadde blitt tråkka på som menneskje, fordi han ba om litt penger, litt mat, litt varme…

«Forholdene i storbyene», skriv Schweitzer «tillater oss ikke å nærme oss til hverandre som menneske til menneske. Helt naturlig blir storbymennskets sinnsliv påvirket også av dette forhold, og virker så i sin tur uheldig tilbake på hele samfunnets sjelelige tilstand».

Underteikna gjekk inn i det nye året 1997 med ein kraftig influensa. Eg måtte halde meg i seng og sofa ei vekes tid. Og der fekk eg ha det fredeleg. Eg bur i eit betre strøk av Oslo, og har budd der i ca eitt år, og eg har mange gode vener, men mange bur sjølvsagt all verdens andra plassar. Ingen var det som banka på mi dør i løpet av ei veke. Det korkje var eller er synd på meg, men det seier noko om samfunnet vårt. Det er klart et ein kan bli deppa av slikt, og korleis er det med dei som er deprimerte frå før, som er angstfylte, funksjonshemma og gamle.

Eg køyrer litt legevakt i Oslo øst. Det er mi von at eg slepp å bli gammal og einsam i denne byen.

Kva kan vi gjere for å sleppe fleire førstesideoppslag som dette i VG?

doeden.gif (12597 bytes)

Eit samfunn der personane vert upersonlege og møteplassar for einskildmenneskje ikkje finns, vert eit samfunn med ei forkvakla sjel, for å omskrive Schweitzer noko.

Vi treng altså fyrst og fremst sakkyndighet, som kan påvise samanheng mellom samfunn og sjukdom. Deretter treng vi folk som kan formidle denne kunnskapen, og som kan sørge for at tiltak blir sette ut i praksis.

Petrella

Gamle rustne professor Petrella frå Leoven i Belgia hadde eit avslutningsinnlegg på ein europeisk konferanse om health policy i desember 1996.

Temaet var: The role of technology policy in the 21st century.

Etter å ha snakka om the knowledge society, the education society, the sustainable development paradigm and the information society, kom han med sitt hovudanliggande: Den viktigaste teknologien for framtida handler ikkje om telelinjer eller fiberoptikk. Det handler om tilgang til reint vatn, for halvdelen av jordas befolkning: It´s about waterpipelines! Som kapitalkreftene har kontroll over oljeressursane, prøver dei no å få kontroll over vassressursane i verda. Folks agenda vert ikkje lenger sett av politiske, demokratiske krefter, men av markedskreftene. Vi lever i eit samfunn der menneskje er redusert til ein økonomisk ressurs, og der markedets og konkurransens lov rår, som han formulerte slik:

«Competetiveness is the destruction of the capacity of your competetors»

Eit samfunn og ein nasjon som vår som har markedet som grunnlov, får eit mellommenneskeleg klima som er prega av dette med oppsplitting, kamp for å vinne fram på andres bekostning, liberalisme, profitt og privatisering som drivkrefter.

Framtida ligg i å skape eit samfunn med tilhørighet der folk er positivt avhengige av kvarandre. Vi må arbeide for at framtidas teknologi vert ein teknologi i tjeneste for menneskja og ikkje for markedet, var hans bodskap.

Korleis skal ein så få til det? «The how is in you», sa den gamle public health professor. Men han kom og med sine svar:

Eg nemner tre punkt:

1. Vi må delegitimere markedskreftenes agenda og livssyn
2. Vi må arbeide med eit verdistandpunkt, og støtte lokale krefter
3. Vi må lære oss å sjå våre medmenneskje
Eg trur vi treng nokon til å seie i frå om at menneskja i norske kommunar treng å bli sett.

Kva skjer med menneskje som ikkje blir sett? Dei forsvinner;
– nokre utfor ei Puddefjordsbru
– nokre inn i rusproblem
– nokre, mange forsvinn inn i seg sjølv (kan psykiatrien hjelpe folk til å bli sett resten av livet?)
– nokre blir kanskje «shopoholikarar» på vegen i eit forsøk på å kompensere?

Kven kan overleve når ein som menneskje er blitt gjort til maskin/ein økonomisk ressurs for markedet?

Afrika

Etter å ha arbeida 3 år i Afrika tør eg våge påstanden at viktigaste forskjellen på å vekse opp og leve i Afrika og i Norge, er at i Afrika blir du sett.

Rugås, kor er dei offentlege rom i det norske hus?

Heile Afrika er eit offentlig rom! Eg trur at dette er ein av hovudårsakene til at psykiatrien på landsbygda i Zimbabwe kun hadde tre aktuelle diagnosar: Schizofreni, manisk depressiv psykose og epilepsi (epilepsi fordi dei ikkje hadde medisinar å behandle dei med, så til slutt ble dei hjerneskadde og tullete).

Eit opnare samfunn fekk vi for nokre år sidan i Norge. Det var visst Astri Gjertsen som fekk æra for det. Opnare kva? Jau, lenger opningstid i butikkane, meir søndagsope og meir kveldsope var det vi fekk. Eit samfunn enno opnare for markedet. Var/er det det vi treng?

Vi treng eit samfunn opnare for våre medmenneskje. Opnare for dei som fell utanom. Utan kjærleik dør eit barn. Utan kjærleik vert vaksne folk sjuke!

Vi får: Magesår, kreft, wip-lash, fibromyalgi, el-overfølsomhet, amalgamforgiftning, rusmisbruk, psykiatri an-mass, bekkenløysning, muskel og skjelett.

Vi får halve trygdebudsjettet.

Etter tre års observasjonstid frå landsbygda i Afrika; Eg såg det nesten ikkje, bortsett frå rusmisbruk, eg var distriktlege for ca. 150.000.

Etter ca 10 års oservasjonstid frå min vesle norske kommune; Eg har sett det til det svarta for augo.

Eg trur det skuldast vårt kalde samfunn, ikkje meterologisk klima, men vårt kalde medmennskjelege klima.

Så lenge vi i dette samfunn ikkje ser våre medmenneskje, må vi ha uendeleg mange allmennlegar som gjer det, og slik sett kan ein kvar allmennmedisinsk konsultasjon vere fornuftig og vel anvendte pengar, som John Nessa sa det ved opninga av Primærmedisinsk Veke i november 1996.

Men når vi som samfunnsmedisinarar ser denne samanhengen, kan vi ikkje berre vere der som passive observatørar, som ein doktor som kan noko om analysemetoden. Vi har nok av legar som er passive observatørar, som ikkje ser anna enn taksameteret som rullar og går i takt med den skeive samfunnsutviklinga.

Fugelli

Det krevs av vår stand. Det kreves av vårt helsevesen, om det framleis skal vere av folket og for folket som Evang sa, at vi må ta stilling i verdispørsmål i samfunnsutviklinga.

Vi må saman våge oss inn på kontroversar som Per Fugelli har prøvd seg på åleine hittil:

Då gjeld det ikkje i fyrst rekke korleis EU verkar inn på folkehelsa, men korleis dagens Norge verkar inn på folkesjela.

Eg hever mi røyst her som kommunelege. Eg gjer det fordi eg framleis trur vi treng samfunnsmedisinaren i norske kommunar til å seie ifrå, til å analysere, til å ta standpunkt og gje klare råd. Vårt markedsstyrte samfunn fører ikkje berre folket bort frå fellesskap og solidaritetstanken, men det er i ferd med å gjere det same for vårt eige fag. Snart har vi berre privatpraktiserande allmennlegar att i kommunane om utviklinga held fram. Norske kommunelegar etterlyser ei samfunnsmedisinsk 2. linjetjeneste, bl.a. dokumentert gjennom ei hovudoppgåve ved Folkehelsa i 1996. For at samfunnsmedisinen som desentralt fag skal overleve i Noreg, treng den ei sterk ideologisk forankra 2. linjetjeneste, der omtanken for dei som fell utanom i konkuransesamfunnet må vere vår verdiprioritering.

Denne debatten må vi ta innanfor faget samfunnsmedisin, både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Fotsoldatane i alle norske kommunar har vi enno – enn så lenge.

Fylkeslegane bør bli eit klart 2. linjeledd, meiner eg. Så får Helsetilsynet, Folkehelsa, Strålevernet og fleire vere støttespelarar og rådgjevarar på 3. linjenivå.

Kva var det så Evang og Schweitzer hadde felles?

Den eine forankra i kristen tru, den andre i ein venstreradikal politisk ideologi: Dei arbeidde ut frå eit verdistandpunkt.

Eg trur det ligg i botnen for dei aller fleste som velgjer samfunnsmedisin som fag.

Det bør vi løfte både til inspirasjon i vårt daglege arbeid, og som hjelp til rett prioritering både for 1. og 2. linjetenesta.

Frode Forland Statens Helsetilsyn Pb. 8128 dep. 0032 Oslo

Previous PageSee Page

Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 5. oktober 1997

John Leer