Previous PageSee PageNext Page Utposten Nr 6 1997

Kvalitetssikring av laboratoriearbeid i primærhelsetenesta

Av laboratoriekonsulentane Torill R. Solaas, Reidunn Fremstedal og Steinar Holmeset

 

ringheim.jpg (1264 bytes)Toril Ringheim Solaas.
Bioingeniør, Laboratoriekonsulent i Sogn og Fjordane. 100% stilling.

 




holmeset.jpg (1652 bytes)Steinar Holmeset.
Bioingeniør, Laboratoriekonsulent i Møre og Romsdal med distrikt Sunnmøre, 50% stilling. Kvalitetskoordinator ved Lab. for Klinisk kjemi ved Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal, Ålesund. 50% stilling.



fremsted.jpg (1342 bytes)Reidunn Fremstedal.
Bioingeniør, Laboratoriekonsulent i Møre og Romsdal med distrikt Romsdal og Nordmøre, 50% stilling.
Bioingeniør ved Vestnes Legesenter, 50% stilling.



I 1992 inngjekk Norske Kommunars Sentralforbund, Staten og Den norske lægeforening ein avtale for å betre kvaliteten på laboratoriearbeidet i primær-helsetenesta. Avtalen gjekk ut på at det ved årlege forhandlingar blir sett av midlar til eit kvalitetssikringsfond.

org.gif (2520 bytes)

Organisering:

Heile arbeidet blir leia av ei styringsgruppe og ei faggruppe som begge består av representantar frå dei tre avtalepartane. Faggruppa utarbeider retningslinjer for verksemda, behandlar søknader om økonomiske løyvingar til fylka og arrangerer faglege konferansar for personale frå heile landet. Prinsipielle avgjerder blir tekne av Styringsgruppa som er det øvste organet for prosjektet.

foknok.jpg (11801 bytes)

NOKLUS (Norsk senter for kvalitetssikring av laboratorieanalyser utanfor sjukehus) har sentral ved universitetet i Bergen. NOKLUS sender ut kontrollmateriale til fleire ulike analyser til alle legekontor. På grunnlag av dei svara som blir returnerte, utarbeider NOKLUS ei kvalitetsvurdering av analyseringa ved kvart legekontor. Sidan kvart legekontor analyserer prøvene to gongar, kan NOKLUS gi eit mål både for presisjon og nøyaktigheit. Utifrå kor stort avviket er, får legekontora karakterane "meget god", "akseptabel", eller "dårlig" på prestasjonane sine. NOKLUS sender deretter tilbakemelding til kvart enkelt legekontor og ein samla rapport til FOKLUS, laboratoriekonsulenten ved det fylkesansvarlege laboratoriet.

I 1996 vart det sendt ut kontrollmateriale for analysene Hb, glukose, CRP, kolesterol, TT, urin-stimmel, cellestatus, klinisk kjemi, HbA1c, mononukleosetest og streptokokkar gruppe A-test.

FOKLUS (Fylkesdelen av ordninga for kvalitetssikring av laboratoriearbeid utanfor sjukehus).

Det er peika ut eit "fylkesansvarleg laboratorium" i kvart fylke. Her er det tilsett ein bioingeniør som laboratoriekonsulent. Avdelingsoverlegen ved dette laboratoriet er ansvarleg for det arbeidet som blir utført i kvart enkelt fylke. Kvart fylke er tildelt midlar utifrå storleik, kommunikasjonsmessige forhold og antal legekontor. I gjennomsnitt er det ei konsulentstilling i kvart fylke. Nokre fylke har sett det som mest praktisk å dele denne i to halve stillingar, slik at vi i alt er 27 konsulentar i landet. I snitt har vi ansvaret for 90 legekontor pr. heil stilling.

I kvart fylke er det dessutan oppretta eit fylkeslaboratorieutval med representantar mellom anna for praktiserande legar og hjelpepersonale. Dette utvalet har som oppgåve å gi råd og korreksjon med omsyn på gjennomføringa av verksemda i fylket.

I dag er om lag 1700 legekontor med i kvalitetssikringsprosjektet. Det utgjer 97 % av alle legekontor i landet. Bedriftshelsetenester, sjukeheimar og andre kan også melde seg på, men dei må pr. i dag betale det det kostar med å vere med på ordninga.

vagen.jpg (3988 bytes) Kirsten Vågen tar blodprøve av ein pasient.

Arbeidet som
laboratoriekonsulent:

Som vi ser av organisasjonsmodellen så er laboratoriekonsulentane heilt sentrale i ordninga. Arbeidsoppgåvene er både utfordrande og varierande. Arbeidsforma er temmeleg ulik "vanleg" bioingeniørarbeid.

Dei fleste av oss hadde liten erfaring med arbeid i primærhelsetenesta. Vi har fått sett at kvardagen der ikkje er mindre hektisk enn på eit sjukehuslaboratorium. Vår hovudoppgåve er å vere ei støtte og hjelp for medarbeidarane på legekontor i deira arbeid med kvalitetssikring av eige laboratoriearbeid. I mange tilfelle er dette ein prosess som må ta litt tid. Ei arbeidsgruppe av laboratoriekonsulentar har utarbeidd ein laboratorieperm med generell informasjon, prosedyrer og opplegg for kvalitets-kontroll. Denne kan kvart enkelt legekontor bruke som dokumentasjon for eigen analysekvalitet.

Vi har som mål å besøkje alle legekontor ein gong årleg. Ved slike besøk vert det gitt råd, rettleiing og opplæring innan alt som har med laboratoriearbeid å gjere.

Det er både ynskje og behov for at vi arrangerer kurs for medarbeidarane på legekontora. Det vert halde kurs i alle fylke, gjerne fleire gonger i året. Innhaldet på kursa kan vere medisinske emne, gjennomgong av ulike instrument og analyser, kvalitetskontroll, praktisk laboratoriearbeid, prøvetaking og prøverbehandling m.m. Vår målgruppe er på ingen måte bortskjemde når det gjeld kurstilbod. Derfor føler vi at dette tilbodet blir særs godt motteke, og det er alltid stort frammøte på kursa.

Ei anna viktig oppgåve er utprøving av ulike analyseapparat som er i bruk i primærhelsetenesta. Dette fordi at vi lettare kan gi råd og rettleiing ved innkjøp og bruk av laboratorieutstyr.

Ein stor del av arbeidet går ut på å hjelpe til med å "rydde opp" når legekontora får tilbake kontrollresultat frå NOKLUS og desse har gitt dårleg karakter. Legekontora ber ofte om hjelp for å løyse problem og for å kontrollere instrument og utstyr. Kan problemet ikkje løysast via telefon, er det berre å leggje av garde med buss, båt, bil eller fly. Mange av oss har eit heilt fylke som arbeidsfelt, så det kan til tider bli mykje reising.

Konsulentane har eit nært samarbeid med kvarandre. Vi sparer mykje tid og krefter på å utveksle erfaringar, idear, undervisingsmateriell, kursprogram o.l. med kvarandre. For å vidareutvikle dette samarbeidet, legg vi vekt på å møtast ein til to gongar i året.

froystad.jpg (4291 bytes) Solveig Frøystad pakkar prøver som skal analyserast ved sjukehuset.

 

Har vi oppnådd noko etter
desse fire åra?

Ja! Analysekvaliteten på alle dei undersøkte komponentane har betra seg.

Som eksempel kan vi vise til NOKLUS-resultata for glukose (sjå figur under). 2/3 av laboratoria (ca. 150 legekontor) som utførte analysen dårleg i 1994, analyserer no glukose med god eller akseptabel analysekvalitet. Eit gjennomsnittleg legekontor utfører ca. 800 analyser pr. år til ein takst på kr. 20,- pr. analyse. Ein unngår dermed 2,5 million kroner i utbetaling for dårlege glukoseanalyser.

Fordeling av resultat av nasjonal kvalitetskontroll for glucose i 1994 og 1996:

Glukose Meget god Akseptabel Dårleg
1994 64% 20% 16%
1996 75% 19% 6%

Som eit synleg bevis på resultatet av arbeidet desse åra, vart ordninga tildelt "Det nytter"-prisen for 1997. Dette er ein pris som kvart år blir delt ut av KS og Sosial- og helsedepartementet. Vi som laboratoriekonsulentar meiner at æra for prisen i første rekkje må gå til medarbeidarane på kvart enkelt legekontor som har lagt ned eit stort arbeid for å betre eigen analysekvalitet.

Kva betyr ordninga for
legekontora?

Vi har spurt legar og personale ved Fræna Legekontor i Møre og Romsdal om deira synspunkt på kvalitetssikringsprosjektet; ført i pennen av kommunelege Petter Holen.

Fræna Legekontor har hatt eit godt laboratorierepertoar over mange år. Dette takka vere stor interesse og stort engasjement til vår tidlegare kommunelege, no pensjonist Svein Tjåland. Han var også på dette området tidleg ute med å ta opp nye ting, og tok ansvar for både utstyr, teknikk, vedlikehald og rutiner.

Då tilbodet kom om å delta på NOKLUS-kontrollane, var det naturleg for oss å bli med. Vi hadde ingen direkte ansvarleg for laboratorieverksemda. Dette tilbodet vart ein spore til auka interesse for laboratoriearbeid for legane. For vår del har svara på kontrollanalysane stadfesta at våre eigenkontrollrutiner har vært gode nok. Det har for det meste vært svært godt samsvar mellom våre resultat og fasiten. Dette er trygt for legane, og ikkje minst ei svært positiv tilbakemelding til laboratoriemedarbeidarane. Dei har elles få tilbakemeldingar på arbeidet sitt, og er ikkje vant til ros. Særleg ikkje på denne kanten av landet der skamrosen sit langt inne.

Laboratoriekonsulentens besøk har vore ein inspirasjon i arbeidet. Ho har gitt råd og bistand i høve til innkjøp av nytt utstyr, og har gitt råd når problem har dukka opp. Medarbeidarane har delteke på kurs, og dette har vært viktig for motivasjonen til å gjera ein god jobb for ei gruppe som tidlegare har hatt få slike tilbod i eige distrikt.

For framtida meiner vi at det er positivt med utsending av kontrollar. Kanskje kan repertoaret utvidast noko etter kvart.

Case-oppgåver viser at sunn og open diskusjon omkring eigne rutinar kan være svært nyttig.

For medarbeidarane er det viktig at dei får kurstilbod i eige nærområde slik at det er praktisk muleg å delta for alle.

Legane treng i tillegg dei kliniske vurderingane, og kursa bør være ein del av den vidare- og etterutdanninga som vert driven i regi av Lægeforeninga, eventuelt i samarbeid med FOKLUS.

Samarbeidet med NOKLUS / FOKLUS er ei god hjelp i det kvalitetssikringsarbeidet vi alle bør gjera, og etter kvart no må kunne dokumentere at vi har rutiner for.

 

 

Laboratoriekonsulent
Reidunn Fremstedal

Fylkessjukehuset i Molde
6400 Molde

 

Previous PageSee PageNext Page

Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 27. oktober 1997
John Leer