Previous PageSee PageNext Page Utposten Nr 6 1997  

   

bokmeld.jpg (2065 bytes)PIA DELLSON

Klinisk blick.
Reflexioner kring läkekonsten

 

Natur och Kultur. Stockholm, 1997. 103 sider. SEK 164,-

Meld av Geir Sverre Braut

Pia Dellson er 27 år. Ho er nyutdanna lækjar og har gjort noko spanande. Ho har skrive poesi om lækjarkvardagen. Det kan knapt kallast ei diktbok, kanskje meir ei samling aforismar. Same kan det vera kor boka høyrer heime litteraturteoretisk sett. Pia Dellson maktar å formidla ord, korte setningar og vers som gjev eit bilete av den kvardagen dei fleste medisinarar kjenner så alt for godt. Eit lite døme:

 

De som talar jagat

och håller mig kvar med ord

måste jag sätta mig ned hos

så de ser at jag inte flyr.

 

Dette er god klinikk. Det er også haldbar poesi fordi det formidlar personlege røynsler i ei allment gjennkjennbar form.

 

Eller kva med eit spørsmål som dette:

 

Ibland undrar jag

vem det är

jag vårdar mest.

Patienten eller de anhöriga?

 

Eigentleg så sjølvsagt at dei fleste av oss tykkjer at vi kunne ha skrive det same. Men kvifor gjer vi då ikkje det? Eg trur det medisinske faget hadde stått sterkare både som vitskap og handverk om fleire av oss hadde våga eit prosjekt som Pia Dellsons.

Ikkje alt hjå henne er like originalt. Noko byggjer på lånte fjør, som dette frå Forkynnaren:

 

 

Att leva har sin tid,

att bota har sin,

att dö sin.

 

Så enkelt är det,

och så svårt.

 

Mitt råd er:
Les boka ! Kjenn deg att ! Og ta sjølv pennen fatt !
Ikkje nødvendigvis for å få gjeve ut ei bok, men for å laga tydelege bilete av eigen kvardag. Det gäller att aldrig bli färdig, er siste verset i siste diktet i boka. Eg vonar at Pia Dellson sjølv lever opp til det. Eg høyrer gjerne meir frå henne.


Previous PageSee PageNext Page

Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 27. oktober 1997
John Leer

.