Utposten Nr 7 1997

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page

bokmeld.jpg (2065 bytes)

PETTER AASLESTAD

Pasienten som tekst

Fortellerrollen i psykiatriske journaler

Gaustad 1890-1990

Tano Aschehoug, 1997.

Pris kr. 238,-

Meld av Geir Sverre Braut

Medisinen har ein lang forteljartradisjon, men ingen forteljingsteori. Det er tankevekkjande at språket, som kanskje er den viktigaste arbeidsreiskapen til medisinarar, ikkje er betre uteska av fagets eigne utøvarar. På dette området ligg vi langt attom t.d. psykologane. Viktig er det difor at andre tek fatt i analysen av den medisinske forteljinga. I denne boka har Petter Aaslestad, professor i litteraturvitskap, teke for seg journalmateriale frå psykiatrien frå ein 100-årsperiode. Det er spanande stoff Aaslestad presenterer for lesaren av denne boka. Lesaren får ikkje berre snusa på grunnlaget for ein forteljingsteori; stoffet er også fascinerande i historisk og antropologisk perspektiv.

pastekst.jpg (5524 bytes)

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page

Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 14. desember 1997
John Leer