Det var ein mandag og
influensatid, og han hadde vore hjå meg på kontoret for 3 dagar sidan med eit nummulært
eksem på leggen, fekk noko eksemsalve og mor og barn var fornøgde. Han var ein av dei
mange med framandkulturell bakgrunn i bydelen. Sjetteklassing og ein stor gut, og ei mor
som snakka godt norsk. Ei av dei mange velfungerande og ressurssterke foreldre som bur i
ein bydel med eit dårleg rykte.
Han hadde fått feber i helga, og kom seg inn på ein av dei mange
øhj.-timane (dvs. minuttane) legekontoret i denne bydelen har i influensasesongen. Han
blei ein av dei 25 på lista denne dagen. Mor hadde tilkalla legevakt som hadde vore på
besøk dagen før og beroliga med at dette var influensa. Men ho var likevel ikkje heilt
trygg, og fekk pressa seg inn til ein ny time hos legen.
Guten kom litt slentrande inn og sette seg, såg ut som på fredag, og
nærmast unnskylte mor litt som drog han hit igjen. Eksemsalven hadde ikkje fått tid å
virke enno. Eg undersøkte han, og fann lite, hals og øyrer normale, ingen pustevanskar,
vondt i kroppen, ikkje nakkestiv og feber i 39.5. Eg kunne bekrefte legevaktslegen sin
diagnose, trudde eg
Men det var noko i andletet til mor, ho var bekymra, og guten som låg
på benken der eg hadde undersøkt han, låg og småduppa litt. Han hadde vel sove dårleg
om natta, tenkte eg. Vi tar ein CRP, før de går, sa eg.
Og endeleg, medan prøven var til undersøking, og guten enno låg på
benken, og eg sat og skreiv journalnotatet, (det hadde gått 20 minutt no, og eg var alt
for sein til neste pasient) kom mine ettertankar
Eg skreiv mine funn, men
konkluderte ikkje enno..
CRP over 100, guten sov no. Det blei nokre fleire spørsmål til mor om
reiseaktivivtet den siste tida. Jau, dei hadde vore i Pakistan på juleferie.
Ambulansen blei tilkalla. På innleggingsskrivet hadde eg ikkje så
mykje meir å tilføye. Lite å finne, men feber, somnolens (som først blei oppdaga etter
at konsultasjonen for lengst skulle ha vore ferdig), høg CRP og ei bekymra mor. Malaria
eller thyfoid?
På Epikrisen frå Ullevål stod å lese:
"Det ble tatt prøver og startet behandling med Ciprofloxacin i.v.
på mistanke om Thyfoidfeber. Denne diagnosen ble bekreftet da man fant salmonella thyfi i
fæces og blodkultur. Etter 8 dagers behandling med Ciprofloxacin hadde pasienten
fremdeles høy og svingende feber og løs avføring. Det ble skiftet til Claforan 1,5g x 4
i.v. Etter dette kom det ganske raskt bedring. Pasienten følges opp av smittevernlegen i
bydelen."
Ettertanke nummer to kom først nokre dagar seinare:
Så nær, så nær ei alvorleg feildiagnostisering, som kunne fått
fatale følgjer. Så nær, så nær ei klagesak som kunne gitt meg både tilrettevisning,
straff og erstatningskrav.
Var det ein systemfeil som kan lastast den einskilde lege som
organiserer sin private praksis med 56 pasientar i timen, eller helsestyresmaktene
som tillet (og endå til oppmodar alle til stykkprissystemet med fastlegeordninga), slik
at observasjonstida pr. pasient vert minimal, eller var det nesten ein såkalt
individfeil, som inneber at mitt kliniske skjønn så nær, så nær var for dårleg?
Frode Forland,