forsidemini.jpg (4414 bytes)
UTPOSTEN Nr 1 2000

 

 

Det kostar å vere lag

Ola Jøsendal, f. 1960 gift, fire barn cand med 1988 M.Sc. Health Promotion, UiB 1996 turnus i Kirkenes kommunelege II i Radøy fra 1991–1994 forskningsarbeid ved Universitetet i Bergen fra 1994–1998, derav tre år som stipendiat (DNK), med ansvar for evaluering av "VÆR røykFRI" kommunelege I i Radøy fra 1998


Kommunane i Norge har ansvaret for å gje tilbod om legetenester til innbyggjarane i kommunen. Av grunnar som eigentleg ikkje er vel dokumenterte, finn kommunane i aukande grad at det innan helsetenesta er problemer med:

1. å dekke lovbestemt akuttmedisinsk beredskap

2. å ha ei stabil allmennlegegruppe

3. å rekruttere nye allmennlegar


Legane sjølve har ved ulike høve uttalt at allmennmedisinen kan synast skremmande fordi det er

• aukande arbeidsmengde for legane på dagtid

• aukande arbeidsmengde på vakter etter ordinær arbeidstid

• aukande krav til dokumentasjon og kvalitetssikring

• aukande risiko for klager frå pasientar og tilsynsmyndighet

• aukande risiko for negativ mediafokusering

• færre legevikarar til rådvelde etter lønshoppet i sjukehussektoren

I Utposten Nr 6/1999 gjorde Reymert ei kort oppsummering av tilhøva knytta til legevaktordninga i Namdalen. Det er i alt 12 kommunar knytta til ordninga, og det er om lag 35.000 innbyggjarar som er lagt inn under den nye ordninga. Ordninga gjeld vakt om natta, der ein lege er til stades i akuttmottaket og gjer vurderingar saman med sjukepleiar som betjener sambandet. Fem legar er i beredskap som bakvakter, og kvar tek seg av to til fire kommunar. Bakvaktene blir kalla ut dersom lege i akuttmottak meiner pasienten må ha heimebesøk eller konsultasjon før innlegging, eller ved trong for svært rask medisinsk assistanse.

 

Evalueringa viser at legane lokalt er svært nøgde. Befolkninga ser stort sett ut til å være rimeleg nøgd sidan det så langt ikkje er kome klager eller skryt, medan den kommunen som ligg lengst frå sjukehuset har fått kritikk frå sine innbyggjarar grunna reisetida til lege om natta. Legen som er i beredskap for kommunane i akuttmottaket har sidan 010299 handsama gjennomsnittleg 3 henvendelsar per natt. Sjukepleiar har i tillegg handsama om lag 6 henvendelsar per natt utan at lege har vore involvert. I løpet av 6 månader har bakvakt vore kalla ut til innsats 43 gongar.

I denne korte framstillinga skal vi sjå litt på kvifor det går rimeleg bra i Namdalen, og kva "kvardags-distrikts-kommunar" må kjempa med av tilleggsproblem.

 

A. Sjukehus
Sjølv om det er rimeleg mange sjukehus i landet, er det og mange kommunar som ikkje kan legge sin legevaktstasjon til akuttmottaket i sjukehuset. Det vil seie at kommunar utan lokalsjukehus står overfor store eller små investeringar i bygg og anlegg og leige og vedlikehald og så vidare. Ein kan heller sjølsagt ikkje vente at sjukepleiar i akuttmottaket ved sjukehuset vil kunne ta del i pasientarbeidet som ligg til kommunelegen. Det vil kanskje vere lite eller ikkje trong for innleigd hjelpepersonell til kommunelegen, dersom vedkomande er i eit akuttmottak. Slik er det ikkje for alle.

B. Pengar
Departementet går inn med friske midlar, i storleik 1,8 millionar kroner til DRIFT i Namdalen. Kostnaden berre med å ha lege på vakt (gjennomsnittleg 5.950,– kroner per natt, x 365 døgn = 2,92 millionar kroner) blir oppunder 3 millionar kroner. Dersom det er to til fem "normale" småkommunar som skal inn med slike midlar for å ha lege på vakt, vil den politiske velviljen forsvinne som eit blylodd i Nordsjøen.

C. Tal på kommunar og folk
Dersom 12 kommunar legg saman sine skjervar og driv fram ein felles legevaktstasjon etter modell frå Namdalen, blir økonomien god for alle partar. Dersom det derimot er færre kommunar som ser på eit vaktsamarbeid, er det langt verre å finne kjøt til beina. Det skal vi sjå litt til på. Tross alt er det nokre mil frå tettstad til tettstad mange plassar i landet, og samlar du i hop fire fem kommunar vil det nokre stader bli lange bilturar for halvsjuke bygde-entusiastar.

 

Tre kommunar i Nordhordaland

Vi tek utgangspunkt i vår "kommunetrio" i Nordhordland som arbeider for bemanna legevaktstasjon. Kommune 1 har 12.400 innbyggjarar med 9 legar, kommune 2 har 1.800 innbyggjarar og 2 legar (eller ofte berre ein), og kommune 3 har 4.600 innbyggjarar og 5 legar.

I særavtalen mellom Dnlf og KS står det at kommunen kan tilplikte legen tilstadevakt i eigne lokale med hjelpepersonell dersom det er fleire enn 10 leger som deler vaktturnus. Våre tre kommunar har om lag 16 legar, og fell difor inn under ei slik mogeleg tilstadevakt.

Vi kan rekne med ein driftskostnad (leie av lokale, straum, vedlikehald, vask, utstyr etc.) på om lag 1 mill. kroner per år. Gjennom året kan ein rekne 250 kvardagar og 115 helgedagar. Dersom ein skal ha hjelpepersonell til stades (1 person) frå 15.30 til 23.00 alle dagar utgjer det ei arbeidsbelastning på 1,6 full stilling. Dersom ein skal ha tilsvarande hjelpepersonell til stades frå klokka 23.00 til 08.00 alle dagar utgjer det ei arbeidsbelastning på 1,8 full stilling.

Kvar slik fullfinansierte stilling for sjukepleiar med lønnstrinn 27 kostar 395.000,- inkludert absolutt alt av tillegg og vikarar og medrekna sjukemelding osb. For full vaktdrift utanom kvardagar frå 08 til 15.30, må det finansierast 3,4 stillingar til ein kostnad av 1,343 mill kroner per år for hjelpepersonell. Ein lyt tru at det må vere 10–12 personar som deler på å fylle desse 3,4 stillingane på budsjettet.

Vi har så langt kome til at driftsmidlar til stasjonen og løn til hjelpepersonell vil utgjere ein kostnad på om lag 2,34 mill kroner.

 

Så er det legane

Dersom vi trur at Namdalen skal være retningsgjevande for kva som vil skje, kan vi sjå på to enkle modellar: ein med berre nattevakt, og ein med full drift alle tidspunkt unnateke kvardagar frå 08.00 til 15.30


Kun nattevakt:

9 timar x 750 kroner x 365 dager = 2,464 mill kroner

Med full drift:

Kveld/natt, kvardagar: 16,5 x 750 x 250 = 3.09 mill kroner
Døgndrift, helgedagar: 24 x 750 x 115 = 2.07 mill kroner
Totalt: 5.16 mill kroner

 

Det kostar å vere lag

Om Namdalsprosjektet skal vere ‘veiledende’ for avlønning av legar, og om ein satser på full drift av ein slik legevaktstasjon, vil årlege kostnader vere om lag 7,5 mill kroner. I vårt tilfelle er tre kommunar saman med ein samla populasjon på 18.800 innbyggjarar, det er 16 legar involvert.
Den ordninga kommunane har no med døgnvakt for ein lege i kvar kommune, (på "gamlemåten" med koffert og telefon og radio) kostar mindre enn ein million kroner per år for alle tre kommunane til saman. Dersom vi trur at dei 16 legane klarer å skvise ut 250.000,– kroner kvar av pasientane + RTV gjennom hard innsats kvart år, har vi kanskje ytterlegare fire millionar å bidra med i rekneskapet på inntektssida. Ein kan kanskje anta at innteninga i ein legevaktstasjon vil vere i samme storleik som for dei 16 legene samla. Men då må "komfort-rushet" på ettermiddagen bli handsama og innlemma i rekneskapen.

Saka si kjerne er at ei eventuell ordning som dette vil auke kostnadene for kommunane med om lag 2,5 mill kroner. Då er lønnskravet til legane "krisemaksimert", slik at det faktisk vil vere minst ei dobling av dagens avlønning, og nærme seg andre kollegar med tilsvarande oppgåver.

Dersom legane i våre tre kommunar går tilbake til halvdelen av timesatsen til Namdalen, kan kommunane kanskje svelge forslaget til ny organisering av legevakt.

Det blir med andre ord tre heilt avgjerande moment: Kva kan RTV tilby, kva kan legane arbeide for per time, og kva kan kommunane svelge av nye utgifter.

Eg er redd for at svara er gitt på førehand. RTV vil ikkje gje noko som helst, og kommunane har igjen fått tredd eit umogeleg budsjett over seg frå staten. Øyremerka midlar er lagt inn i rammeløyvinga til kommunane, utan at rammene er auka (organisert stupiditet). Kommunane er på steinhard jakt etter salderingsposter, og møter nye utgiftspostar med overberande og hastige kommentarer.


Då munner dette ut i en indre konflikt i legegruppa: Dei som ynskjer seg ordna arbeidstilhøve og sjeldnare vaktbelastning på ei side, og dei som held si lønnsfane høgt heva, til ære for ei ordning som har gjeve legane i distriktskommunane ei reell lønsnedgang på over 20 prosent under legevakt dei siste fire åra. Under "splitt og hersk" taktikk frå kommunale budsjettramme ryttarar, er det lett å løyse opp den vesle hæren som finst att.

Styringsprinsippet i kommunane er etter kvart blitt budsjettramma, og metoden for å oppnå mål er å velje kva for god og lovpålagt teneste som skal ofrast denne gongen.

 

Konklusjon

Dersom det skal vere reelle planar om å bygge opp ei legevakt-teneste i stasjonar med bemanning, må RTV finne fram såkalla "friske" midlar. For såvidt vil dette passe godt i ein statleg strategi der slike midlar er øyremerka, medan rammetilskott blir stramma inn. Og friske midlar finst til gagns.

Tvangsrituala som kommunane går igjennom kvart år i form av å kutte budsjetta inntil det absurde skjer samstundes med at staten har lempa om lag 80 milliarder kroner ut til "investeringar" i et virtuelt pengemarked. Ja, i form av oljefondet. Enkeltmenneske i private investeringsføretak får hand om fleire titals statlege milliardar kroner som blir investert i ulike obligasjonar, aksjar og så bortetter. Døme er kjøp av aksjar i tobakksprodusenter i USA. Ein brutal knekk i det allminnelege pengemarked og /eller aksjemarked vil koste staten mange titalls milliarder kroner, kanskje i løpet av få dagar. Den kommunale schizofreni blir behandlingstrengande av slik bruk av våre felles ressursar.

Professor Norman ved Handelshøgskulen i Bergen har påvist at investering i statlege og kommunale føretak er ei framifrå bruk av midlar. Då er det underleg at kommunal armod skal vere inngangen til eit nytt millenium, når staten hiv arvesølvet etter internasjonale profittorganisasjonar. Medan kommunelegane i somme distrikt slit buksebaken av seg for knappar og glansbilete.

 

 

Ola Jøsendal

Kommunelege I, Radøy

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page 
Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 08.mars 2000
John Leer