forsidens.jpg (4245 bytes)


Fare

Av Solveig Aarreskjold
Fra Kyss meg i diskursen, Det norske samlaget, 1996

Av og til hender det at folk spør: Reiser du aleine, er ikkje det farleg? Stort sett blir eg smigra ved tanken på at ei dame i min alder skulle bli så nedrend av galante tilbod at det utgjorde eit reelt problem. Men spørsmålet avslører ein tankegang som er å likna med trua på nissar og troll: Mange har høyrt om dei, men få har sett dei. 

Faktum er at yndige små jenter heilt frå nitten-tjueårsalderen dreg mutters aleine på jordomsegling og kjem velberga heim. Mens to damer på vift er reine lokkematen for menn på jakt etter eventyr. Skal du ha bråk, så ta med deg ei fnisande venninne. Skal du utsetta deg for livsfare, så gå ombord i ei ferje. Ei transportform som heilt til nå i haust har stått som noko riktig så trygt og heimekoseleg, trass i den fœle brannen på Danmarks-ferja for nokre år sidan.

Nå er det ikkje det at mine reiser alltid har gått så smertefritt for seg. Men dei uhella som har ramma meg, har visst aldri vore knytta til jaktande mannfolk. I vår, til dømes, reiste eg nedover Tolvøyane. Kvar gong eg gjekk i land på ei ny øy, kom der ein mann og kasta seg over meg, førte meg gjennom tronge gater eller dytta meg inn i ein bil for å frakta meg til hotellet sitt. Heilt i orden for meg, så hadde eg tak over hovudet den natta. Vanskane begynte først då eg kom til Kreta for å gå på dansekurs i lag med gode nordmenn. Alt første dagen kom eg til skade og heldt på å måtta gi opp. Men det var fordi ei overvektig dame med stiletthœlar trødde meg på vrista.

Sommaren 1988, på ferie med familien på turistøya Rhodos, blei eg angripen av ei solseng. Det er allment kjent at ein kan få hudkreft av å sola seg for mykje, så eg hadde klint meg inn med såkalt solfaktor. Men kven tenker på at der er stålfjører i den solsenga som du har kjøpt billett for å ligga på? At dersom du ikkje behandlar henne korrekt, vil ho smella til som ei rottefelle? Eg fekk meg ein mellom auga så eg såg både stjerner og månar og var uskadeleggjort for resten av den ferien.

Året etter reiste eg aleine rundt omkring i Hellas med båt og tog og buss. Der i landet har dei ein motorsykkelkultur som liknar ingen ting. Når der er raudt lys, flokkar alle mopedane og motorsyklane seg fremst i krysset, klar til å skyta over straks det blir grønt. Ingen bruker hjelm. Ei dame i min alder, hustru og mor, burde halda seg langt borte frå denslags. Likevel, ein dag i Aten sat eg plutseleg over skrevs på den største motorsykkelen, med armane omkring ein tiltrekkande student. Kor vettet var blitt av er der ingen som veit. Men eg hugsar kor festleg det var å tre seg inn og ut mellom bilar og bussar. Rett nok kjørte me oss vill og brukte resten av dagen til å finna ut kor eg budde, og regna gjorde det òg. Men samanlikna med samanstøytet med solsenga var det ei rørande uskyldig oppleving.

Ikkje lœrte eg noko av det heller. Ein kveld ei vekes tid seinare, i det segnomsuste Mykene, gav eg meg i lag med tre unge mannfolk og kjørte avgarde med dei i ein bil. Mørkt var det, og ouzo drakk me, og etter kvart begynte dei tre å krangla om det vidare arrangementet utover natta. I alle fall var det på tide å gå heim og legga seg. Eg hadde leigd meg rom oppe på eit tak. Men då eg kom til der taket skulle vera, kunne eg ikkje finna det. Der var bare vegger, og stummande mørkt. Mens eg gjekk der og vasa, støytte eg på nokre bord som blei brukte i kafeen om dagen. Eg blei gripen av ein uimotståeleg trong til å stabla dei oppå einannan og bruka dei til trapp. I mitt indre let der ei formanande røyst som sa at det var like farleg som å legga seg på ei solseng på Rhodos. Likevel, tanken var lokkande, og når eg bare passa på å setta det eine bordet skikkeleg oppå det andre ... Skulle eg kanskje sova her ute på bakken i natt? Mens fornuft og lyst kjempa i mitt indre, skjedde det at den veggen eg sto og støtta meg til, på underfullt vis forvandla seg til ei dør. Eg datt inn i trappehuset og rusla uskadd opp på taket og la meg.

I 1990 reiste eg omkring i Tyrkia. Det er eit land som ein kan ha mange innvendingar mot. Men eitt er sikkert, og det er at dei passar godt på einslege damer med ryggsekk. I 1990 visste tyrkarane at Norge er eit farleg land. For der risikerer ein å brenna inne i ei ferje.

  

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page 
Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 29. mail 2000