forsides.jpg (4474 bytes)  

 

"Eg elskar å ta ting på sparket…"

Intervju
med ambulansesjåfør
Geir Venaas, Seljord

Av Elisabeth Swensen

I alle lokalsamfunn er det noen enkeltpersoner som fungerer som bærebjelker for den kollektive opplevelsen av en viss trygghet og stabilitet. En kolonialhandler som "alltid" har vært der (og faren hans før ham og før det farfaren), en klok prest kanskje, en gammel matematikklærer som har lært "alle" i bygda å regne riktig, en lege som kjenner sine sambygdinger og deres historier. Ambulansesjåfør Geir Venaas (50) er en slik vektbærende institusjon i Seljord. Mange av oss, for eksempel vi som kjører legevakt, opplever Geir som nærmest uunnværlig. Han opplever det nok litt slik selv også – etter 31 år sammenhengende i tjenesten! Samtidig er han en mann blottet for arroganse og pompøse forestillinger om akuttmedisinske helter. Han synes bare det er så innmari moro at det "skjer noko". Jeg mistenker ham dessuten for å ha en uvanlig velutviklet yrkesmoral godt pakket inn i muntre sarkasmer, selvironi og et kronisk skjevt smil.

venaas.jpg (8384 bytes)

(Når det videre i intervjuet brukes "han" om ambulansesjåfører generelt, er det av bekvemmelighet. Kona til Geir, Åse, er også ambulansesjåfør og et godt eksempel på at det er urettferdig.)

 

– Hva er de viktigste egenskapene en ambulansesjåfør må ha?

Han må ikkje miste bakkekontakten når det står på som verst, det er viktig å tenke sjølv og finne praktiske løysingar som er tilpassa problemet. Ein må rett og slett kunne ta ting på sparket der og då. Samstundes er det sjølvsagt at ein kan faget sitt. Eg er glad for at det no er kome krav til ein fagleg standard. (Geir tok fagprøva med glans i fjor.) Men eit fagbrev kan aldri kompensere for manglande sunt vett og blikk for kva ein må og kan gjere i ein akutt situasjon. Ein lege kan peike på kva som er naudsynt av medisinske tiltak, ambulansesjåføren si viktigaste rolle er å gjere det mogeleg å gjennomføre dei reint praktisk. Eg trur det er ein naturleg seleksjon i kven som blir legar og ambulansesjåførar. Ambulansefolka er oftast meir teknisk anlagt.

(Her begynner Geir å le.)

– Hva ler du av?

Eg kom på den gongen me laga defibrillator til å ha i bilen. Det må ha vore rundt 1980. Eg hadde høyrt om ein distriktslege som hadde gjenoppliva ein hjertepasient med straum. "Straum skal bli", tenkte eg. Dagen etter gjekk eg ned på Seljord Elektriske og handla inn to slike handtak som sit på elektriske drillar. Desse vart kobla saman med ein del frå ei bilantenne og to ledningar til straumnettet. Utstyret låg i ambulansen i fleire år. Du må endeleg skrive at det aldri vart brukt, for det er heldigvis sant. Men assisterande Fylkeslege fekk hetta ein gong eg kom på å fortelle han om apparatet.

– Fortell litt om ambulansetjenesten i Seljord

Då eg starta i 1969 var det lokalforeninga av Raude Kross som hadde skysskafferavtale med Rikstrygdeverket. Dei kjørte alle slags pasientar, mange slike som i dag tek drosje eller køyrer eigen bil. Eg starta mi karriere i Raude Kross hjelpekorps, på hobbybasis ved sidan av jobb i Telenor. Hjelpekorpset blei brukt til alle ulykker og alt som var akutt, medan lokalforeninga dreiv det me kalla "brødkøyring". Me i hjelpekorpset syntes ambulanse var tøft og spennande, og me utvikla ei teneste med høgt nivå på teknisk utstyr og akuttkompetanse. Det var mykje trafikkulykker på det som den gongen heitte E-76, og me bygde opp eigen hengar med avansert utstyr for den slags. Så arrangerte me flotte beredskapsøvingar som sette heile bygda på ende. Eigentleg trur eg ein lærer vel så mykje av mindre og meir måretta øvingar, men moro var det! Hjelpekorpset og lokalforeninga krangla jamt, og med høg temperatur. Så blei det sett ned eit ambulanseutval i 1978 der både var representerte, og då var det slutt på den moroa.

– Men fortsatt er Seljordambulansen kjent for å holde et høyt nivå?

Det er nok sant. Me har vore ganske flinke til å prøve ut nye prosedyrer, til dømes var me tidleg ute med å henge opp infusjon i ambulansen. Og me følte at me hadde tillit frå dei legane som hadde det medisinske ansvaret. Ellers hadde det ikkje gått.

ambugaupe.jpg (5268 bytes)

– Har du lyst til å kommentere forholdet mellom leger og ambulansesjåfører? Har det for eksempel forandret seg mye, synes du?

Eg opplever ein større gjensidig respekt i dag enn før i tida. Før var det doktoren som bestemte, me på ambulansen ver forsiktige med å gje doktoren råd. I dag er det ei tydelegare rollefordeling der me har kvar våre funksjonar. Eg er oppteken av at ambulansesjåførane ikkje skal strekke fellen lengre enn han rekk, me er ikkje legar fordi om me har fått delegert ansvar for å gjere ein del tradisjonelle "legeting". Ein må kjenne si begrensing. Eg synes ikkje det er heilt uproblematisk at me stadig får delegert meir og meir ansvar for både vurderingar og administrering av medisinar. Kvifor har du gått sju år på universitetet for å bli lege hvis eg kan gjere jobben like godt?!

– Blir du stressa og redd iblant?

Faktisk ikkje. Eg kjenner meg ganske sjølvsikker i jobben og blir ikkje stressa i akutte situasjonar. Då gjer eg det eg trur er rett. Det aller verste eg kan tenke meg er å kome til ein situasjon – til dømes ein brennande bil med folk som sit fast – der eg ikkje kan gjere noko. Men eg kan og kjenne eit visst ubehag når ein unge blir kvit og stille. Så lenge dei pustar og skrik er det greit. Sjølv om eg ikkje kallar det stress, så er det sjølvsagt fryktelege hendingar som går inn på ein, slik som krybbedød. Då må ein prøve å gje omsorg, ikkje alltid med ord, men ved å vere roleg og til stades. Eg har god hjelp av Åse (kollega og ektefelle, min anm.). Me er eit godt team i slike høve, trur eg.

(Vet jeg!)

– Hva er det beste med jobben din?

Variasjonen. At det hender noko, nye utfordringar. Så møter eg alle slags folk, hyggelege og slike som kjefter. Det er moro det og. Eg har forresten lagt merke til at det er dei som er lågast på den sosiale rangstigen som oftast takkar oss for innsatsen, ikkje alltid dei som objektivt har fått best hjelp. Men det plager meg at me stadig får dårlegare tid til folk. Den nye ordninga med AMK-sentralen som koordinator gjer at me blir sendt hit og dit utan forvarsel. Ofte må me bare hive pasienten av på sjukehuset og reise vidare. Før kunne me vente og sjå litt korleis det gjekk, halde kontakten med pasienten. Me lærte litt fagleg av det og.

– Hva er din erfaring med den interkommunale legevaktsentralen?

(Legevaktsentralen er lokalisert på legekontoret i Seljord og betjener nå to kommuner på kveldstid, fire kommuner på natt/helg, vedtatt utvidet med ytterligere to kommuner fra 1. juli.)

For fagpersonellet, og særleg ambulansetenesta, er legevaktsentralen eit stort fagleg pluss. Me samlast der til ein prat og ein kaffekopp, det blir mykje bra fagutveksling av det. Men eg kan forstå at pasientane som bur langt frå både legevaktsentral og sjukehus kan bli engstelege. Med større vaktdistrikt trur eg me vil trenge fleire ambulansar, og så bør me skilje mellom akuttbilar og det eg kallar bårebilar.

– Fortell en legehistorie…

Eg har sett mange redde og usikre legar i akuttsituasjonar, det er klart. Nokon gonger blir det ufriviljug moro av det. Eg hugsar legen som kom til ei bilulykke ei stund etter at me frå ambulansen hadde kome dit. Bilen var stygt skadd, og føraren sat fastklemt i vraket. Eg hadde etter mykje strev fått lagt inn ei intravenøs nål og hengt opp eit drypp. Så kjem legen heilt stressa springande, og kva trur du han gjer? Snublar i infusjonssettet og dreg ut nåla!

– …og en pasienthistorie…

Me vart kalla ut til ein gamal mann som hadde fått slag. Han budde i eit av desse gamle husa utan skikkeleg trapp opp til andre høgda, og det var sjølvsagt der oppe han låg. Det var ikkje tale om å få mannen ut. Då kom sonen med motorsag og skar utan vidare hol i ytterveggen slik at me kunne kome til. Det var heilt vilt.

– …og til slutt en historie om ambulansen og deg!

Du veit at eg elskar å jakte. For eit par år sidan hadde eg skote ei stor gaupe som eg ville få stoppa ut. Han som skulle gjere jobben bur i nabobygda på veg mot sjukehuset. Eg måtte frakte gaupa i frosen tilstand, heilt utstrekt, så eg passa på ein gong eg skulle hente ein pasient heim og altså hadde tom bil bortover. På vegen møtte eg ein ambulansekollega som visste kva eg hadde i bilen. Me stoppa ved vegkanten så han skulle få sjå gaupa. I ettertid har eg tenkt at det sikkert såg spesielt ut med to ambulansar som sto parkert medan sjåførane røykte og studerte noko på båra som likna ein pasient i ein søplesekk! Gaupa blei fint utstoppa, ho sit på ein stein og kneiser. Men ho blei ganske høg. Så då eg skulle frakte henne heim, sette eg henne i sikkerhetsselen i passasjersetet attmed båra bak i ambulansen. Ho sat bra der. På heimvegen stoppa eg for å ete flesk på Fossen Kro. Det var fyrst då eg kom ut på parkeringsplassen etterpå og såg folk rundt ambulansen at det gjekk opp for meg kva for eit syn ho var der ho sat med kvasse, hårete øyre i akkurat passe høgde bak det stripete glaset.

 

 

 

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page 
Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 27. juni 2000
John Leer