forsides.jpg (4058 bytes)
Nr 5       2000       
 

 

Utsette menneskje

 

v.jpg (2183 bytes)i har høyrt historiene om borna som blei sette ut i skogen, dei uønskja borna som ingen ville ha.

På veg til jobben i helsebyråkratiet syklar eg dagleg forbi ein liten plen ved trafikkmaskinen nær Oslo S. Der held dei seg, tidleg og seint – mellom søppel og brennande bål, ein flokk utsette menneskje, dei som først blei jaga frå Slottsparken, så frå Egertorget og no til sist frå området utanfor Oslo S. Her har dei samla seg mellom vegane og under bruene, der berre bilar durar forbi. Vi berre ser dei i eit glimt – hengande med bøygde kne eller sovande mellom søpla – når vi køyrer forbi.

Den allmennmedisinske bøtta er full, skriv Irene Hetlevik i Tidsskriftet nr 1999, 119(24) 3547-8. Problemet er at ein del av dei mest trengande pasientane ikkje har fått plass oppi bøtta! I eit av verdas rikaste land, med ei legedekning som nesten berre Cuba kan overgå, har enno mange av dei som mest treng til legehjelp, dårleg tilgang på slike tenester.

OLL sitt samfunnsmedisinske seminar på Kongsvold i vår sette desse problema på dagsorden, og vi gjengir i dette nummeret av Utposten fleire artiklar frå seminaret. Rognerud og Iversen refererer til ein samanliknade studie initiert frå EU, og påpeikar at det er mangelfull kunnskap om mange av desse pasientgruppene. For innsette i fengsel finst ikkje norske helsedata i det heile.

Faget sosialmedisin døde for nokre år sidan, men professorane lever i beste velgåande! Det er bra, for pasientane lever og, om enn kortare enn oss andre. Situasjonen for pasientane som fell mellom stolar kan vere svært ulik frå by til land. Vi veit og at mange allmennlegar brukar mykje tid på desse pasientane, og vi trur at fastlegeordninga kan bli ein viktig reform for pasientane i denne gruppa.

Det er interessant å merke seg at by-kommunar som Skien og Tromsø prøvar ut særskilde tiltak m.a. for rusmisbrukarar, slik Johannessen og Høifødt skriv om i sine artiklar i dette bladet. Vi trur at dette kan vere eit nyttig supplement, men det bør ikkje vere ei erstatning for ein fast legekontakt. Sosialmedisinen utfordrar grenseflata mellom samfunnsmedisin, allmennmedisin og politikk. Kombilegen var godt skodd for denne utfordringa. Korleis møter vi den i dagens primærhelseteneste?

Utfordringa til dei akademiske miljøa må vere å framskaffe gode data som skildrar røyndomen for dei vanskelegstilte, evaluere og kvalitetssikre metodane som ein nyttar innanfor faget sosialmedisin, og arbeide for at ein får frigjort midlar til forsking på dette store problemområdet, der det er lite å hente med pilleintervensjon.

Frode Forland

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page 
Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 11. oktober 2000
John Leer