forsidexsmall.jpg (1786 bytes)
Nr 6   2000


BegBegge forfattarane
arbeider i
Avdeling for
samfunnsmedisin
i Statens helsetilsyn,
m.a. med informasjon
og
kunnskapsformidling.
ingulfsen.jpg (3283 bytes)
Jostein Ingulfsen
er internettredaktør
for Helsetilsynet
sine heimesider og
forland.jpg (4351 bytes)
Frode Forland
er fungerande
avdelingsdirektør.

 

Kva for internettsider er til å stole på?

Det dukkar stadig opp nye internettadresser med helseinformasjon til publikum og til helsepersonell. Vi ønskjer med denne artikkelen å setje søkjelys på spørsmålet om kvalitetskrav til nettbaserte helsetenester, og trur det ville vere bra med ein debatt i fagmiljøa og blant nettleverandørane om dette temaet.

Straumen av informasjon via nettbaserte kjelder er jamt aukande. Internett er alt i dag ei viktig kjelde til oppdatert kunnskap for mange legar. Kunnskapsformidling via nett er nytt, og det tek tid å venne seg til å skilje klinten frå kveiten i denne åkeren. Korleis skal ein vurdere kvaliteten på internett-sider og den informasjon som vert formidla på denne måten? Vårt inntrykk er at mange er utrena i kritisk vurdering av informasjon og kunnskap som er publisert på nettet. Kva er det som er seriøst og kva er ukebladsprega av det som ligg der, kva er det som kjem rett frå legemiddelindustrien, og kva er det som er formidla og utvikla fagleg uavhengig og utan binding til sponsor eller investor? Ofte kan det vere vanskeleg å finne kjeldene for informasjonen og målsettinga til dei som har tatt jobben med å legge denne informasjonen ut på nettet.

Vi trur at internett-teknologien kan bli det viktigaste formidlingsverktøyet for fagleg oppdatering i åra som kjem, men då må ein øve blikket og den kritiske sansen, slik at det ikkje vert "Se og Hør" på nettet som vert legen sin primære informasjonskanal. Vi trur det er viktig å utvikle kriterier som kan hjelpe brukarane til sjølve å vurdere kvalitet på innhald, presentasjon og brukargrensesnitt, forhold til industrien, oppdateringsrutiner, gjennomsiktighet i eigarforhold og produksjon mm.

Det er gjort mange studiar om kvaliteten på helsestoff på internett. Dei fleste har sett på nettstader og artiklar som gir råd til publikum.

I ein systematisk oversikt (Eysenbach, Gunther: A framework for evaluating e-health: Systematic review of studies assessing the quality of health information and services for patients on the Internet. In: J Med Internet Res 2000;2 (suppl2) http://www.jmir.org/2000/3/suppl2/index.htm   vert 41 studiar som har evaluert kvaliteten av helseinformasjon på internett gjennomgått. Konklusjonane frå dei fleste arbeida er at kvaliteten på informasjonen til publikum via internett er eit problem, men det er ikkje noko som tyder på at informasjonen er dårlegare enn i andre media som t.d. ukeblad.

Internasjonalt er det fleire instansar som har publisert forslag til evalueringskriterier for internettartiklar og heimesider på nettet:

Her er referansar til nokre sentrale artiklar:

• Kim, Paul et.al. BMJ 318 647-9, 1999 Published criteria for evaluating health related web sites: a review

• Winkler, M.A. et.al. Guidelines for medical and health information sites on the internet. Principles governing AMA web sites. JAMA 283 no 12 1600-1606

• Quality standards for medical publishing on the web. British healthcare internet association. http://www.bhia.org/reference/documents/recommend_webquality.htm  

Mange nettstader for medisin og helsefag brukar sjølvpålagde kriterier for publisering. Nokre av desse kriteria ligg nærare etiske programerklæringar enn vurderingskriterier for innhald.

Vi har sett på fleire sett av evalueringskriterier. Dei fleste er smidd over same lest, og mange av kriteriesetta er samanfallande. Slik vi ser det, er nokre av setta for omfattande til praktisk bruk både for nettredaktørar og for brukarane. Eitt av dei enklaste kriteriesetta er det som er publisert av HON (Health on the net) http://www.hon.ch  Den norske oversettinga av dette finn du på denne adressa: http://www.hon.ch/HONcode/Norwegian/  

Men også dette settet er det krevjande å leve opp til, og vi har sett at mange nettleverandørar som publiserer for publikum fell igjennom. Dette gjeld ikkje minst for kravet om oppdateringsrutiner og referansar til kjelda kunnskapen er henta frå.

Norske nettstader vil bli meir truverdige overfor publikum dersom dei har kriterier for kvalitet og inklusjon av materiale, og i tillegg har retningslinjer for korleis reklame og annonsering skal profilerast i forhold til redaksjonelt stoff på nettsidene.

Kunnskapsbasert publisering på internett

Eit uttalt mål for dei som arbeider med kunnskapsbasert medisin, er at publikum skal ha tilgang på fagleg informasjon som legg kunnskapsbaserte kriterier til grunn. Dette vil gje brukarane/ publikum høve til å vere deltakarar i beslutningar i mykje større grad enn i dag. Gjennom god fagkunnskap vil brukarane kunne krevje at dei som yter helseteneste leverer eit produkt av høg kvalitet.

Eit spennande initiativ for å "merke/stemple" kunnskapsbasert pasientinformasjon på nettet er eit prosjekt støtta av EU som heiter MedCERTAIN. (MedCERTAIN – MedPICS Certification and Rating of Trustworthy and Assessed Health Information on the Net). Her utviklar ein eit stempel og eit sett med metadata som kan brukast til å filtrere kvalitetsinformasjon for publikum. MedCERTAIN vil bli eit desentralisert system der enkeltpersonar og organisasjonar kan samarbeide om å evaluere og kvalitetsvurdere helsefagleg informasjon.

Målet er å gje brukarane eit verktøy for å evaluere og velje kvalitetsinformasjon.

Det skal og utviklast eit sett med evalueringskriterier med basis i ein internasjonal konsensusprosess. Dette arbeidet har sitt utgangspunkt i eit miljø ved Universitetet i Heidelberg. I haust vert det arrangert ein konsensuskonferanse i Heidelberg som har tittelen "Quality criteria for health related websites: A foundation for rating and filtering health information." Helsetilsynet deltar på konferansen.

Vi ønskjer synspunkt på spørsmålet om felles norske evalueringskriterier for helseinformasjon på internett for tenester retta både mot fagpersonar og publikum.

 

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htmNext Page 
Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 26. oktober 2000
John Leer