forsidexsmall.jpg (1786 bytes)
Nr 6   2000
kel.gif (54571 bytes)

Risiko for postherpetisk nevralgi –
viktige resultat frå Island

Islandske allmennpraktikarar med professor Johann A Sigurdsson i Reykjavik i spissen har dei siste åra levert eit viktig bidrag til kartlegging av sjukdommars naturlege forlaup; denne gongen herpes zoster og postherpetisk nevralgi (1,2). Forskinga er eksempel på frontlineforsking frå allmennpraksis med resultat som kan brukast i den allmennmedisinske kvardagen nærmast direkte. Og resultata utfordrar gjeldande bodskap om bruk av antivirale middel for å førebyggje smertefulle komplikasjonar.

Men først vil eg gjere merksam på ein lesbar artikkel for dei som interesserer seg for diagnostikk, forlaup og kliniske manifestasjonar frå ein meir teoretisk synsstad. I JAMA sin serie om User’s guides to the medical literature er ein kommen til artikkel nr 24 (3). Den omhandlar korleis kunnskap om dei kliniske manifestasjonane til ein sjukdom skal tolkast, og kva fallgruber ein kan falle i dersom ein ikkje veit nok om det naturlege forlaupet til dei tilstandane ein tek ansvar for. Artikkelen har mange gode eksempel på korleis lærebokomtalar og "klassiske" ytringsformer lurer oss, spesielt oss som møter tilstandane tidleg og der differensialdiagnosane er mange og ofte ufarlege.

Klassiske ytringsformer og symptomkompleks kan ha høg spesifisitet, men opptrer ofte sjeldan. Berre 30% av lungeembolipasientar har hemoptyse, berre 13% av nyrekreftpasientane hadde den klassiske triaden hematuri, smerter og palpabel svulst ved diagnosetidspunktet. Artikkelen understrekar at for førstelinediagnostikaren er kunnskap om presentasjonssymptoma viktige, ikkje symptom i endestadiet.

I sin artikkel frå 1996 viser islendingane resultata frå ei prospektiv studie der 44% (!) av alle islandske allmennpraktikarar tok del (1). Gjennom 5 år diagnostiserte dei 462 zoster episodar hos 457 pasientar. Insidensen var 2 per 1000 innbyggarar per år. 26% var under 20 år, 34% var 60+. Det var ingen sesongvariasjon. Dermatomfordelinga var slik: Torakal 62%, lumbal 14%, cervikal 11%, auge 8%, ansikt 2%. 2 pasientar (0,4%) hadde zoster oticus. 4% vart innlagt, noko som viser den sterke seleksjonen ein finn i sjukehusmateriale.

Pasientane vart kontrollert etter eitt år. Ingen under 40 år hadde smerter, 2 av 108 mellom 40 og 60 år hadde milde smerter, og 12 av 141 60+ hadde smerter, ingen svært sterke. Med 2000 pasientar i praksisen vil ein antiviral terapi som reduserer risikoen for postherpetisk nevralgi med 20% komme ein pasient til nytte kvart tiande år.

Ved den nordiske allmennmedisinkongressen i august 2000 la islendingane fram ei oppfølgjingsstudie etter meir enn 7 år etter første zosterepisode (2). Berre 3 av 421 pasientar hadde fått antiviral terapi, så vi kan rekne kohorten som rein når det gjeld naturleg forlaup. Av dei 14 pasientane omtalt ovanfor, vart dei fleste smertefrie etter eit par år, medan 5 rapporterte mild eller moderat verk etter 7 år. Forfattarane konkluderer med at risiko for langvarig smerte etter zoster er ytterst liten i allmennpraksis hos elles friske pasientar som ikkje får antiviral behandling. Dei som får nevralgi, kan ha den lenge, men spontan tilheling skjer utover i heile forlaupet. Risikoestimata frå selekterte materiale er overdrivne.

Den islandske studien vart i haust publisert i BMJ2000; 321: 794–6

Blomster til Island!

Litteratur:

1. Helgason S, Sigurdsson JA, Gudmundsson S. The clinical course of herpes zoster: A prospective study in primary care. Eur J Gen Pract 1996: 2; 12-6.

2. Sigurdsson JA, Helgason S, Petursson G, Gudmundsson S. Postherpetisk neuralgi, en ovanlig komplikation til herpes zoster. 11. Nordiske kongress i allmennmedisin, København 13-16. august 2000, Abstract nr. P01.181.

3. Scott Richardson W, Wilson MC, Williams MC, Moyer VA, David Naylor C. User’s guide to the medical literature. XXIV. How to use an article on the clinical manifestations of disease. JAMA 2000; 284: 869-75.

Previous Pagehttp://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htm 
Instituttets hovedside
UiBs Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 28. oktober 2000
John Leer