Nr 4 2002 Årgang 31 |
Globaliseringens
konsekvensar på distriktsmedisinens bord av Reidar Almås Å si noe om framtida for distrikts-Norge og betydninga for ei
distriktsmedisinsk satsing, er jamgodt med å spå i glaskula. Men ein får håpe at 25
års forskingspraksis i og om bygde-Norge gir ein viss bakgrunn. Det kan vel heller ikkje
skade med erfaring frå forsking på bønders helse og førebyggande helsearbeid. Eg vil
starte i fugleperspektiv, med utgangspunkt i den globaliseringa vi ser rundt oss. Deretter
skal eg zoome inn mot lokalsamfunnet, som vi alle lever i, eller i alle fall nesten alle,
det er kanskje noen i dag som er så globale at dei ikkje deltar i noe lokalsamfunn
lenger. Endeleg skal eg avslutte med å vurdere dei sosiale konsekvensane av
globaliseringa på individnivå, og dei endringane den fører til, i lokalsamfunna rundt
om i Distrikts-Norge.
Til grunn for det eg skal seie her, ligg to antakelser, som nok
kan diskuterast, men som eg vil ta for gitt. For det første så vil globaliseringa gå
vidare med uforminska styrke, i 20 år til. Enda motkreftene vil vera sterkare om 20 år
enn i dag, så ser eg i dag ingen kraft som kan stanse denne prosessen, som vi no har sett
dei siste 20 åra. Globalisering definerer eg da som framveksten av ein internasjonalt
finansmarknad kombinert med ein verdsomspennande kommunikasjonsrevolusjon. Det mest
typiske trekk ved globaliseringa er formuar som skiftar eigar verda rundt i løpet av dei
sekund det tar med noen tastetrykk. Dette er ikkje berre spekulasjonsøkonomi, men liv og
død for bedrifter, nasjonars velstand eller ruin, til dømes under trykket av endringar i
valutakursar. Drivkrafta i utviklinga er dei transnasjonale selskapa, og dei som
la det heile til rettes politisk var Ronald Reagan og Margaret Thatcher gjennom sine
avreguleringar og marknadsreformer. Internett var først og fremst den teknologien som
opna den globale arena. Sjølv om varehandelen enno for det meste skjer regionalt, og
mange selskap er lokalt eller nasjonalt forankra, er det finanskapitalen som styrer
løpet, og den vil befeste sin makt ved at store formuar vil bli skapt, omstrukturert og
øydelagt. Totalt sett har globaliseringa ført til auka økonomisk vekst i verda, ikkje
minst i store økonomiar som Kina, Søraust-Asia og India. Om 20 år vil tyngdepunktet i
verdsøkonomien vera flytta til Asia. Om ikkje Europa blir ein utkant, blir vår versdel
meir perifer enn i dag. Samtidig er globaliseringa den kapitalistiske massekulturens
triumf. Spreidd av fjernsynet, som i dag er ein underhaldningsindustri kvalitativt
forskjellig frå det vi såg på 1960-talet. Globaliseringa blir også fremja av dei nye
kommunikasjonsformene, der verdensveven (world wide web) har skapt ein reiskap for å
distribuere informasjon, kultur og varer i eit stigande tempo og omfang. Mange av oss blir skremt av utviklinga, mens andre tar del i den
globale revolusjon med liv og lyst og ser på den med store forventningar. Parallelt med framveksten av globaliseringa ser vi
nasjonalstatanes minkande makt, anten ved at politikarane abdiserer frivillig frå å
regulere økonomi og massekultur, eller ved at dei transnasjonale selskapa ikkje lenger
lar seg styre. Denne prosessen vil også halde fram lenge enda. Politikkens abdikasjon
frå viktige samfunnsområde vil truleg halde fram, utan at det vil bli skapt noen
politisk arena eller aktørar som kan uttrykke allmennviljen på det globale plan. Med
unntak av «Pax Americana» med militære intervensjonar på det militære området,
vil det herske eit slags kapitalistisk anarki internasjonalt. Attac og Eva Joly vil ikkje ha sigra om 20 år, for å si det
sånn! Denne globaliseringa vil bidra til å valse ned mange av dei
lokale og nasjonale strukturane som vart skapt i det moderne samfunn. Motstand vil
oppstå, men motstandsgruppene vil kvar for seg vera for veike, Ein av vår tids største sosiologar, den polsk-britiske Zygmunt
Bauman, har i boka «Globaliseringens og dens menneskelige konsekvenser» samanlikna vår
situasjon med å vera om bord på skipet Titanic, seglande framover med musikk og fest på
dekk, mens det ligg ei rekkje isfjell, det eine større og meir forrædarisk enn det andre
forut. Mellom dei største isfjella, som kvar for seg er nok til å senke
oss, er det økonomiske isfjellet, valutaspekulasjonen som skaper astronomiske
finansbobler som vil sprekke. Så er det atombombeisfjellet, med meir enn 30 land som er i
strid med sine naboar, og kan tenkast å bruke kjernefysiske våpen i løpet av dei neste
20 åra. Vidare ser han det økologiske isfjellet, der utsleppa av klimagassar med den
globale oppvarminga vil endre klimaet totalt i vår levetid. Og så det sosiale isfjellet,
der tre milliardar menneske er arbeidslause, utan å kunne bidra til samfunnet, og så
endeleg befolkningsisfjellet, der kanskje eit fleirtal av ungdommen i den tredje verda ser
seg om etter ein utveg til å koma seg til den rike verda. Mange av dei vil risikere livet
for å koma hit. Kvart eitt av desse isfjella er i stand til å senke vår tids
Titanic. Bauman er blant pessimistane, men ingen kan nekte å ta inn over
seg dei alvorlege faresignala som han peikar på, eller nekte å sjå dei djupe sosiale
sår som globaliseringa skaper på sin veg. Så til mitt andre tema, det gode lokalsamfunn. I kvart menneske
ligg eit grunnleggjande behov for to verdiar som kvar for seg står i konflikt med
kvarandre: tryggleik og fridom. I det gamle samfunnet fekk medlemmane tryggleik i
familien, i ætta, i grenda, i bygda. Alle visste kven du var, dei fleste var esla til å
bli livet ut der dei var fødd og hadde vakse opp. Fødsel bestemte dine kår på jorda,
og gudstrua gav ei meining til det heile. Industrialismen sprengte dette lokalsamfunnet, der det var lite
fridom. I det høgmoderne samfunnet, mellom 1945 og 1973, fekk dei fleste mye meir fridom,
ramma var ikkje lenger lokalsamfunnet, men nasjonalstaten. Vi flytta og vi lærte, vi
søkte profesjonane og vart mangfoldige tannhjul i det norske velferdssamfunnet. Kva er eit godt lokalsamfunn? I mitt arbeid i Verdikommisjonen var eg med på prosjektet «De
grunnleggende kjennetegn ved et godt lokalsamfunn». Oppgåva var å identifisere dei
grunnleggjande verdiar som folk i by og bygd legg vekt på for å ha eit godt
lokalsamfunn. Eit punkt i vårt mandat er å identifisere fellesskapsverdiar som samlar
brei oppslutning, så dette var eit viktig spørsmål for oss. Det kom svar frå om lag
140 kommunar. Materialet var omfattande, mangfaldig og interessant. Det varierer også mye
kor representativt det er, og kor stor prosess som har vore gjennomført lokalt. Er det så noen verdiar som ofte går att i dette svært varierte
og omfattande materiale? Eg har analysert svara, og følgjande verdiar ved eit godt
lokalsamfunn vart ofte nemnt i svara frå kommunane: Lokale fellesskap Den verdien som oftast blir nemnt, er det lokale fellesskap. Med
det vert uttrykt at dei som bur i lokalsamfunnet, bør ha møteplassar der det er stor
aktivitet, og at alle skal vere integrert i lokale nettverk. Ufrivillig einsemd, sosial
utstøyting og sosial isolasjon for grupper eller einskildpersonar opplevast som ei stor
utfordring i mange lokalsamfunn. Kommunikasjon og integrasjon mellom generasjonar og
kulturar opplevast som nødvendig i eit livskraftig lokalsamfunn. Lokal identitet I denne samanhengen legg også mange kommunar vekt på lokal
identitet, at folk kjenner at dei tilhøyrer og er stolte over heimstaden sin. Det blir
framheva kor viktig det er å ta vare på lokal kultur og lokale tradisjonar for å gje
lokalsamfunnet sjel og preg som folk kan identifisere seg med. Noen kommunar opplever
sterkt splitta lokalsamfunn, til dømes omkring etnisk identitet (samisk/norsk,
innvandrarar/norsk). Noen kommunar legg vekt på toleranse og romslege haldningar som
forutsetning for trivsel i lokalsamfunn med ulike sosiale og etniske identitetar. Det blir
også vist til at det er viktig å vere trygg på eigen identitet dersom ein skal kunne
møte andre identitetar opent og raust. Fridom Verdien fridom blir nemnt i mange svar, særleg frå bykommunar og
bydelar. Det blir lagt vekt på at lokalsamfunnet skal gje valfridom i arbeid og fritid,
og at det skal vere eit dynamisk samfunn i utvikling som gir rom for personleg
livsutfalding. Bydelen Grünerløkka-Sofienberg bydel i Oslo svarar at «Det gode
lokalsamfunn er urbant. Et godt lokalsamfunn er et samfunn i utvikling». Ønsket om
fridom til å velje kva for grupper og kulturar man vil høyre til, og retten til
anonymitet synest å stå sterkt. Det blir peika på at krava frå fellesskapet kan bli
så sterke i små og gjennomsiktige lokalsamfunn at særleg unge kjenner seg innestengt og
overvaka. Tryggleik Mange kommunar nemner verdien tryggleik i svara sine. Perspektivet
på tryggleik og tillit kan vere forskjellig, frå dei som legg vekt på tryggleik for
arbeid, til andre som legg vekt på tryggleik for helse. Det er overraskande å sjå kor
sterkt verdien tryggleik står ifrå den lokale synsvinkelen. Her tenkjer ein ikkje minst
på den tryggleik og omsorg som den lokale velferdskommunen kan gje barn og eldre. Av
mange svar går det fram at mange synest å trenge lokalsamfunnet mest ved livets byrjing,
når dei stiftar familie og får barn og ved livets slutt. Tryggleik mot trafikkskader,
vald og kriminalitet blir nemnt i mange svar frå sentrale strok, mens tryggleik for
rovdyr blir nemnt av fleire utkantkommunar. Mange svar legg vekt på at balansen mellom behovet for tryggleik
og å høyre til på den eine sida og behovet for fridom på den andre er grunnleggjande
for å sikre trivsel og for å unngå at lokalsamfunnet går i oppløysing. Ansvar og frivillig innsats Elles ser vi at mange svar frå kommunane er opptatt av at vaksne
tar ansvar for å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår. Eit typisk svar på kva som er
eit godt lokalsamfunn for barn og unge, er «voksne som bryr seg, tar ansvar og setter
grenser». Tidsklemma ser i mange samanhengar ut til å vera lokalsamfunnets verste
fiende. Mange vaksne bruker det meste av sine ressursar på eller på veg til og frå
arbeidsplassen og har derfor lite overskot til innsats på fritida for barn og unge i
nærmiljøet. I følgje mange svar er den viktige lokale dugnadsånda trua av
mangel på deltaking og engasjement. Typisk svar: «frivilligheten er i krise». Nyare
forsking har dokumentert at dette er tilfelle. Men samtidig kan det vere at nostalgien
etter det som var, spelar oss eit puss og gjer at vi overser noen av dei nye formene for
frivillig engasjement. Dugnadsånda blomstrar på stadig nye område. Utan denne
frivillige innsatsen frå små og store i bygd og by ville det sivile Noreg gå i stå. Lokalt demokrati Når det gjeld rammevilkår frå storsamfunnets side, er det eit
samstemt ønske om å ta vare på verdien ved det lokale demokratiet. Her ønskjer mange
meir kommunal sjølvråderett og råderett over eigne inntekter og eigen økonomi. Det
blir klaga på stramme økonomiske rammer og stor grad av overstyring og øyremerking frå
statleg hald. Dei tre siste regjeringane har tatt opp denne problemstillinga og uttrykt
vilje til forandring. Men det er enno for tidleg å seie om dette har fått merkbare
praktiske konsekvensar for kommune-Norge. Nasjonale politikarar tar lokaldemokratiet for
gitt. Innfallsvinkelen for diskusjonen om fylkeskommunens framtid og kommunesamanslåing
har vore effektivitet og økonomi. Omsynet til lokaldemokratiets framtid har kome i
bakgrunnen. I staden for å presse på for å få større kommunar, burde kommunane bli
mindre, sett frå eit demokratisk synspunkt. Utkantkommunar Mange svar frå utkantkommunar viser at dei kjenner seg
marginalisert og misforstått i dagens mediesamfunn. Typisk for slike svar er svaret frå
Sørfold kommune i Nordland: «Det oppleves ofte slik at jo lenger borte fra Oslo folk
bor, jo dummere er de, jo mindre opplyste er de, ja i det hele: Jo mindre verdifulle er
de. De verdifulle bor sentralt. Det er kanskje bakgrunnen for at mange tiltrekkes til der
hvor de verdifulle bor». Her kan ein stille spørsmål om det sosiale limet mellom by og
land i ferd med å gå i oppløysing. I så fall er det ein verdi å skape forståing
mellom by og land. Det skal vere lov å vere stolt over heimplassen sin, både for den som
kjem frå Sørfold og frå Grünerløkka. Men vi skal passe oss vel for å gje eit romantisk bilde av det
gode lokalsamfunn. Vi som vaks opp på 50-talet, hugsar godt at det var eit mannssamfunn.
Mennene bestemte, sånn var det berre. Og det var godt vaksne menn! Og i bygdesamfunnet
var det gjerne menn av god slekt som kom frå dei store og veldrivne gardane. Barna levde
nok i mange lokalsamfunn eit friare og enklare liv enn i dag. Men barnets stemme vart
høyrt i langt mindre grad enn no. Å reise bort «Borte fann eg bygda att», seier diktaren Tor Jonsson. For mange
unge i små lokalsamfunn er det avgjerande å kome seg ut for å kunne lære og for å
utvikle seg vidare. Derfor er det viktig å skjøne at lokalsamfunnet ikkje er like viktig
for alle og i alle livsfasar. Svaret frå Fredrikstad framhevar at «Lokalsamfunnet har
forskjellige formål for ulike mennesker. Noen bruker en stor del av livet og ressursene
sine der, mens andre bruker det som en base og konsentrerer seg om utenforliggende
aktiviteter». Noen streifar rundt som biene og samlar seg honning. Men det vart
ikkje produsert honning dersom ingen var bufast og sto i ro som blomsteren på same
staden. Viss alle flakka rundt, kven skulle da skape trivelege bu- og nærmiljø? Det
synest ut ifrå svara å vere slik at noen er gratispassasjerar i lokalsamfunnet. Dei
brukar det når dei er i ein livsfase der dei treng det, mens elles i livet fartar dei
rundt i mange lokalsamfunn, både i Noreg og i utlandet, utan at dei bidrar særleg mye
til lokalsamfunnet dei bur i til ei kvar tid. Elles ser det ut til å vere ein verdibrist i dagens samfunn at
mange ventar på at noen annan skal ordne opp. Dette har vi valt å kalle «Bukken
Bruse-syndromet». Når det oppstår eit problem eller ei utfordring, på ein
arbeidsplass, i eit lokalmiljø eller i ein organisasjon, så kjem det lett forslag om at
noen annan skal ordne opp. «Bak meg kjem den mellomste bukken Bruse, han er sterk
han
» Gode liv utan gode lokalsamfunn? Kan vi ha «det gode liv» utan å leve i eit godt lokalsamfunn?
Det finst noen som kan klare seg utan lokalsamfunn i det heile i periodar av livet. Ikkje
minst med marknadsløysingar på stadig nye område, kan noen kjøpe seg forbi mangelen
på kollektive gode. Da blir det viktig å spørje om kva slags sosiale fordelingsverknad
det har å satse på gode liv utan gode lokalsamfunn. Som sosiolog opplever eg ofte når eg intervjuar folk ein tørst
etter å oppleva eit meiningsfullt lokalsamfunn hos mange, særleg hos unge i ein
etableringsfase. Dei tørstar ettertryggleik, mange av dei etter å ha reist rundt i mange
delar av verda i fleire år. Eg trur denne tørsten etter lokalsamfunnet både kjem av at
mange lokalsamfunn er i ferd med å døy ut, på grunn av flytting og mangel på
rekruttering, men også fordi globaliseringsprosessen truar lokalsamfunnet og den
tryggleiken det representerer. Den globale arena er fridomens tumleplass, men utan at den er
forankra i eit fellesskap ingen reell fridom, i alle fall ikkje for dei mange. Globaliseringens konsekvensar No er vi ikkje lenger i det høgmoderne velferdssamfunnet, men
kome inn i ein meir uklår seinmoderne, noen vil seie postmoderne tidsalder, der
velferdstaten er på hell, eller under omforming, der folk tviler på ekspertar og
profesjonar, og der nasjonalstaten ikkje lenger er det sjølvsagte ankerfeste for
kollektive løysingar. Korleis verkar dette inn på bygde-Norge? Eg skal presentere to hypotesar om bygde-Norge i 2020. Hypotese 1: På grunn av globaliseringa av økonomi, kultur og politikk vil
alle lokalsamfunn blir meir og mindre like. Det betyr at særeigne trekk vil forsvinne,
det som kjem frå eit bestemt distrikt, ein bestemt land, eller eit bestemt politisk
ellersosio-kulturelt klima. Kort fortalt, alle samfunn vil konvergere mot individualiserte
og deregulerte samfunn med USA som leiarstjerne, der staten er mager, den lokale kommunen
enda magrare, og der folk må sørgje for seg sjølv, si eiga forsikring mot sjukdom,
alderdom, eller andre risiki. Dette blir mye fridom og lite fellesskap. Drivkrafta i denne konvergensen er sjølvsagt at næringslivet
ikkje kan greie seg i konkurransen med høge skattar og avgifter, og at eit fleirtal av
dei seinmoderne borgarane vil betale mindre skatt, enda vi aldri har hatt betre råd til
å betale skatt enn no. Dersom denne hypotesen slår til, vil lokalsamfunna bli mindre
prega av det lokale næringsliv. Før var det viktig for distriktslegen å kjenne til den
lokale næringsstrukturen, om den var dominert av jordbruk, skogbruk, fiske, industri
eller tenesteyting. For 20 år sia var det viktig for distriktslegen om plassen heitte
Røst eller Meldal. På Røst måtte han kjenne fiskarens kår, ja han lærte dei å
kjenne anten han ville eller ikkje. For 20 år sia kom det skogsarbeidarar med kvite fingrar til lege
i Østerdalen. Om 20 år er det praktisk talt ingen skogsarbeidarar att. Først på 1900-talet var verkslegen Støren på Løkken
Orkla-dalførets første sosiolog. Slik er det ikkje lenger, og mindre slik skal det bli. Om 20 år vil den lokale økonomien for 60, 70, 80 prosents del
vera dominert av folk som flytter papir og løfter, ber og trøystar kvarandre. På bygda,
slik som i byen. Dei vareproduserande næringane vil vera mekanisert, automatisert, og der
det trengst manuell arbeidskraft, vil det vera eit stort innslag av folk frå den tredje
verda. Landbruk, fiske og industri vil både bli flagga ut i bokstaveleg forstand, men
også «flagga ut» på den måten at arbeidskrafta blir innleidd, innvandra. I dag er det legen og adoptivungane som set farge på bygdene, om
20 år vil det i tillegg finnast ein farga, rural underklasse, slik det alt er i noen
bygder nordpå med fiskeindustri. Det manuelle arbeidet i reiselivsnæringa blir ikkje noe
unntak. Folket i bygdene vil stelle med folk og papir, yte tenester til
barn, gamle, unge, til dei rike på turistdestinasjonane, på hyttepalassa. Noen vil
stelle med natur, som skjøtselsvaktmeistrar. Dei få som produserer vil i større grad
enn no overvake produksjonar som går ved hjelp av sjølvstyrte system. Mjølkeroboten er
komen til Trøndelag. Eit landbruk nestan utan bønder er ikkje lengt unna. Lokal kultur, slik vi kjenner den i dag, med dialektar, sterke
organisasjonar som held oppe eit lokalt kulturliv, song og musikk, ein stor frivillig
sektor, vil vera svekka. Vanskar med kommuneøkonomien, og offentleg sparing i
kultursektoren gjer at ein stor del av frivilligheten døyr ut dei neste 20 åra, saman
med den store frivillighetsgenerasjonen som er fødd mellom 1920 og 1960. Dei fekk
sykkelen og bilen, radioen og telefonen opp i hendene. Fjernsynet og internettet vil også
vera med å ta livet av frivilligheten.
Kulturelt vil bygda vera langt meir differensiert enn i dag,
mindre einsarta «norsk», meir multikulturell. Samtidig vil det vera ei landsbygd der
mange er ekskluderte frå det gode selskap, økonomisk, sosialt, kulturelt eller politisk.
Alt i dag ser vi fleire slike eksklusjonsprosessar. Eg skal ta noen eksempel: I primærnæringane trengst det mindre folk, 3000 færre i året
berre i landbruket. Det same gjeld industrien, berre ved at vi har bestemt oss for å
bruke meir av avkastninga av oljeformuen, vil titusenvis av industriarbeidsplassar
forsvinne. Dei fleste ligg i distrikta, der vasskrafta finst, der råstoff som tømmer og
fisk finst, eller rett og slett der industrien vart lagt under distriktsutbygginga frå
1960-talet og utover. Derfor vil distrikta blø mest under globaliseringa fordi det meste
av primærnæringane, industrien og bergverksdrifta ligg der. Den tenesteytande sektoren
og kunnskapsindustrien som veks, veks mest der det er mest folk å yte service til og der
dei fleste med høg utdanning finst. Mange unge som før vart sugd opp av arbeidslivet ved at dei
begynte på fabrikken i bygda, at dei tok over garden eller vart med far på fiske, dei
blir no gåande heime med strøjobbar, eller endar opp i ein tettstad med dårleg sjanse
på arbeidsmarknaden. Eit fleirtal av dei er menn, og mange vil finne seg vanskeleg til
rette i servicenæringane. Her har kvinnene det lettare, også fordi mange nye jobbar i
det offentlege omsorgsapparatet vil tilfalle kvinner. Men kvinner misser også arbeidet under omstillingane, ikkje minst
i offentleg sektor. Fristillinga av dei store statsforetaka og omstillinga i dei
offentlege etatane, fører både til sentralisering og mange overtallige kvinner i
distrikta. Dette fører til ein dobbel eksklusjon, dels ved at tilårskomne kvinner blir
gåande utan arbeid, og dels ved at yngre kvinner misser ei mulighet til rekruttering.
Bustadmarknaden i distrikta fører også til sosial og økonomisk
eksklusjon. I noen land er dette sterkare enn i Noreg, ein skotsk kollega Mark Shucksmitt
har vist korleis landsbygda i England og Skottland ofte blir oppsamlingsstad for
multiproblemfamiliar. Desse problema endar opp hos legen, på skolen, hos sosialetaten,
mens nabolaget i minkande grad kan utføre si førstelinjeteneste. I lokalsamfunnet er det
ein skjør balanse mellom nærande og tærande medlemmar, det vil seie dei som bidrar med
noe sosialt og kulturelt, og dei som berre er der, eller tærer på den sosiale og
kulturelle kapitalen. Dette er følsame saker, men noen må si det. Vi ser også i vårt land ei tilbakeflytting til landsbygda av
typiske klientfamiliar, der billeg bustad er det som rekrutterer. Når folk har lide
skipbrot i liva sine, søkjer dei att-ende til det vesle dei har av bustadkapital,
nettverk og røter. Vi vil gjerne tru at små tette samfunn kan vera til hjelp og støtte
for ei einslege mor eller familiar som slit. Men på mindre skolar og i kommunar med ein
liten sosial- og helseetat kan hjelpebehovet raskt overstige evna til å hjelpe. Vi ser no
ei rekruttering som styrker den tærande delen av bygdesamfunnet, særleg i marginale
område med stor fråflytting og på einsidige industristader som har vore utsett for
nedlegging eller store omstillingar. Dei tærande kan koma til å overmanne dei nærande. Bygdene er også utsett for ein subtil sosial og kulturell
eksklusjon, på den måten at det sosiale livet på bygda er meir avgrensa enn i byen. Det
er naturleg nok færre folk å velje i når ein skal velje omgangskrins, færre typar
kulturelle og sosiale aktivitetar å vera med i. Noen har fokusert på den maskuline
bygdekulturen som ein utstøytingsmekanisme både for unge kvinner og mjuke menn. Dette
trur eg ikkje ein skal overdrive, og det er i ferd med å forsvinne i dei fleste bygder.
Men meir alvorleg er det at dagens unge, i alle fall dei med høgare utdanning, stiller
store krav til fritidsmiljøet sitt. Her kjem dei fleste småplassar til kort, og eg er
redd meir så om 20 år, rett og slett fordi offentlege tilbod blir bygd ned og marknaden
for private tilbod ikkje finst. For mange yrke med høgare utdanning ser vi at folk i dag
pendlar inn til utkantkommunar frå meir sentrale nabokommunar. Den inkluderande landsbygda, som vart bygd i kjølvatnet av gamle
Venstres folkedanningsstat og den sosialdemokratiske orden etter kriseforliket mellom
Bondepartiet og Arbeidarpartiet i 1935, er under sterkt press. Det er ofte slik at dei som
blir pressa ut på eitt område, gjerne frå arbeidsmarknaden, også blir pressa ut
sosialt og politisk. Som de forstår, er eg pessimist på distrikta sine vegne dersom
dagens globaliseringsprosess får gå vidare i 20 år utan avgjerande motstand og politisk
kontroll. Og mange av dei negative konsekvensane vil hamne på kontoret til helsevesenet i
distrikta og på distriktsdoktorens venterom. Den alternativ hypotesen Men eg har også ein alternativ hypotese. Den norske
ann-leisøkonomien, annleiskulturen og annleismentaliteten er så sterk at den vil stå
imot presset mot global konvergens. Per i dag ser eg ikkje meir enn 20% sjanse for at den
skal slå til. Men om den skal slå til, er opp til folk flest, for globaliseringa er
ingen naturprosess. Noen stader må ei alternativ utvikling starte, og kvifor ikkje i
Noreg? Dessutan trur eg at mennesket er eit sosialt dyr, i tillegg til å vera ein
rasjonell økonomisk aktør. Før eller seinare vil det sosiale instinktet i oss presse
fram ein snuoperasjon. Spørsmålet er når. I ein studie frå Frankrike med den slåande tittelen «Verdens
elendighet» («La misère du Monde») har Pierre Bourdieu og hans kollegaer vist korleis
sosial eksklusjon lett blir ein kumulativ prosess. Og i Frankrike er det nettopp i dei
urbane forstadene og i utkantane at den sosio-økonomiske eksklusjonen slår sterkast ut.
Bourdieu, som nettopp døydde 71 år gammal, brukte ein stor del av sine siste år til å
arbeide politisk imot konsekvensane av globalisering og marknadstilpassing. Om den
alternative hypotesen for Distrikts-Norge i 2020 skal slå til, må vi gripe inn på
samfunnsnivå og stoppe denne sosiale dødsspiralen. Ein annan av verdas leiande sosiologar, briten Anthony Giddens,
har skrive boka «Den tredje veg». Det er ein god, til dels glitrande analyse av
globaliseringa og dens konsekvensar, men etter mitt syn er Giddens meir vag og veikare
når det gjeld eit politisk program for å styre globaliseringa til folks beste. Men ein
ting vil eg seie meg samd med Giddens i: det må utviklast institusjonar som kan styre
finansmarknadene, som kan forhindre den økologiske katastrofen og som kan forhindre den
sosiale utarminga som truar med å ekskludere ein stor del av verdas folk frå ei verdig
liv. Spørsmålet er ikkje om marknadsfundamentalismen vil lide nederlag, men når. For i
motsetning til Bauman så meiner eg vel at Titanic kan snu før vi renner på eitt dei
farlege isfjella. Men i mine blå stunder er eg slett ikkje sikker. Avslutning: Eg trur lokalsamfunna i Distrikts-Norge kan overleva
globaliseringa. I Noreg har vi økonomi til det. Vi har folk. Vi har ressursar.
Det finst marknader, som til og med veks. Men det trengst langsiktig tenking. Det trengst
mye hardt arbeid, også kroppsarbeid, som nesten ingen vil ha lenger. Det trengst at folk
grev der dei står, det vil seie utnyttar dei ressursar og den kompetanse dei sit på. For
eit samla nasjonalt løft for distrikta, både på kysten og i innlandet, trengst eit
breitt politisk forlik av same type som kriseforliket i 1935. Finst det politisk vilje til det? Dessverre, så tviler eg på
det, i dagens politiske klima. Til det er det for mye eigenmarkering og symbolpolitikk i
dagens politiske landskap. Men det kan snu. Når eg blir spurt om råd, seier eg til ungdom med
oppvekstbakgrunn frå eit kyst- og bygdesamfunn i dag: reis ut og ta deg utdanning, gjer
endeleg det. Om du drar tilbake med det du kan, vil du aldri angre på det. Bygde-Norge i
dag og enda meir i framtida vil vera takksame for alle som kjem tilbake og kan noe. Hjernedrenasje er kanskje den farlegaste sjukdomen som distrikta
er utsett for. Kva kan ein dokter gjera med dette? Ganske lite, men også svært
mye. Det er eit val. Det er svært lite ein kan gjera, dersom ein vel å definere yrket
trongt, som ein profesjon som skal kurere sjukdom. Men mye, dersom ein dokter også skal
ha eit kall, om å gjera ein allmenn innsats for samfunnet. Dette høyrest svært så
gammaldags ut, men det er veldig nødvendig. I den globale tidsalder manglar vi framfor alt tryggleik, seier
Zygmunt Bauman. Derfor blir det gammaldagse moderne att, derfor er det stor etterspurnad
på lokalt fellesskap («community»). Doktoren leverer tryggleik, fysisk og
eksistensiell, særleg ved livets begynnelse og slutt, når vi er som mest sårbare. Doktoren leverer tryggleik, der folk er. Lokalsamfunnets fremste eigenskap, enten det er ein myte eller ein
realitet, er også tryggleik. Tryggleikens fiende er for mye fridom. Men det seinmoderne
mennesket kan slett ikkje leva utan fridom. Balansen mellom tryggleik og fridom bestemmer
om eit samfunn er godt eller dårleg å leva i, også på bygda. Målet for legestanden i distrikta må vera å bidra til å levere
tryggleik, slik at vi kan nyte ein passeleg dose fridom. For min del er eg veldig nysgjerrig på i kva retning dei siste
reformene har ført oss. Særleg fastlegereformen må ha hatt avgjerande innverknad på
dagens og morgondagens bygdesamfunn. Men så langt eg kjenner til, er det ingen som
har undersøkt dette. Så enn så lenge kan vi berre kikke inn i glaskula og gjette. Ei utfordring til slutt: distriktsdoktoren må ut for å fortelja
og slåst. Fortelje om konsekvensane av sosial og økonomisk eksklusjon, og slåst for
fellesskapsverdiane. Noen meiner at distriktsdoktoren er ein utdøyande rase. Eg synest
tvert imot at eg kan sjå konturane av ein ny stamme, nærare folk, tilpassa ei ny tid, og
som vi treng meir enn noen gong. 1 -Foredrag for den første nasjonale konferansen om
distriktsmedisin Sommarøy, 07.03.2002 |
![]()
![]()
Instituttets hovedside
UiBs
Hovedside
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
Oppdatert 14. juli 2002
John Leer