VELKOMMEN

På vegne av organisasjonskomiteen for SAMSPEL- ISME 2002 er det ei stor glede for meg å invitera deg til å delta på International Society of Music Education sin 25. "World Conference in Music Education".

Som arrangør av SAMSPEL trur me at utfordingane for musikkfaget i det nye årtusenet må bli møtt med meir samarbeid og samspel menneske, fag og fagområde imellom. Ordet vi har valt som motto for konferansen er nettopp SAMSPEL, fordi det er eit kjerneomgrep både innanfor musikkfaget sjølv og på andre arenaer der menneske møtes, skapar noko og utviklar seg. På same tid veit me at SAMSPEL av ulikt slag produserer nye spørsmål og utfordringar som me også vil drøfta på denne konferansen.

Heimbyen til Edvard Grieg er ein moderne, internasjonal og på same tid tradisjonsrik og sjarmerande norsk by. Plassert midt i det vidkjende fjordriket i Vest-Noreg er byen som skapt for ein verdskongress, - ein konferanse og festival med deltakarar frå alle kontinent og med ein rikhaldig meny av musikalske og pedagogiske høgdepunkt. Difor er det eit sant privilegium å ynskja deg velkomen til Bergen i august der du kan ta del i mange slags SAMSPEL og bidra til å finna gode svar og framtidsretta løysingar på utfordringane for musikkfaget- i lag med andre.

Magne Espeland
Styreleiar ISME 2002