Hjem
Click

IT-avdelingen

Jobbe med IT ved UiB?

Universitetet i Bergen har mange varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan ei rekkje fagområde. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er stadig viktigare og det kjem til å skje mykje spennande i framtida.

Den sentrale IT-avdelinga sine ansvarsområde krev kompetanse på ei rekkje fagområde. Dette inkluderer blant anna nettverk og telefoni, brukarstøtte, drift av pc-ar og tenarmaskiner, og utvikling og integrasjon av applikasjonar. Vi er interessert i både nyutdanna og andre søkjarar med relevant kompetanse og erfaring.

Stillingar under utlysing ved IT-avdelinga finn du i menyen på denne sida. Andre einingar ved UiB har også behov for IT-kompetanse, bl.a. tilknytta forskingsprosjekt og administrative datasystem. Kanskje finn du jobben for deg blant universitetet sine ledige stillingar akkurat no?

 

Sjå også

Jobb ved universitetet?

Studere IKT ved UiB