Hjem

IT-avdelingen

IT-tenester for gjester

Om du er på besøk ved UiB eller ikkje har fått brukarkonto ennå, kan du sjølv skaffe tilgang til Internett. Andre IT-tenester kan tildelast ved behov.

 

UiB har alltid gjester

Universitetet i Bergen har til ei kvar tid gjester som kan trenge IT-tenester. Mange av desse er forskarar eller studentar. Nokre er foredragshaldarar eller konferansedeltakarar. Andre er samarbeidspartnarar frå det offentlege eller næringsliv. Dei fleste greier seg med tilgang til Internett.

 

Internett

Trådlaust datanett gir tilgang til Internett mange stader på universitetsområdet. Studentar og tilsette ved universitet og høgskular kan bruke eduroam. Andre kan sjølv opprette ein eigen  gjestekonto. Det er også mogleg for gjester å kople til Internett med nettverkskabel via UiB sitt trådfaste datanett.

 

Pålogging til UiB-PC

Universitetet sine PC-ar krev pålogging. Men ein tidsavgrensa kurskonto kan brukast til dette. Alle tilsette kan på førehand opprette slik tilgang for gjesteforelesarar, kursdeltakarar og andre.

 

Treng du fleire IT-tenester?

Fleire IT-tenester er tilgjengeleg med ein tidsavgrensa brukarkonto i SEBRA. Institutt, avdelingar og andre einingar ved universitetet har godkjennarar som kan skaffe ein slik brukarkonto. Aktuelle brukarar er gjesteforskarar og andre med tilknyting til universitetet.

 

Les meir på:
it.uib.no (IT-hjelp)