Hjem
Det juridiske fakultet
FORSKINGSFINANSIERING:

Mare Nullius: Får millionar til å forske på havrett i Stillehavet

Havrettskonvensjonen av 1982 er laga for ei stabil verd. Der hav er hav, og der øyer stikk opp av havet, avmerkt som grøne og brune flekkar på kartet. I Stillehavet står heile statar i fare for å forsvinne i havet. Kva skjer då med havretten?

Marovo-lagunen på Salomonøyene
Marovo-lagunen på Salomonøyene, har eit av dei største og rikaste korallreva i verda. Antropolog Edvard Hviding, som skal leie Toppforsk-prosjektet Mare Nullius, har i lengre periodar vore på feltarbeid i Papua New Guinea, Vanuatu, Fiji, Samoa, Cook Islands, New Caledonia og Hawai’i, i tillegg til å studere klimadiplomatiet til Stillehavslanda på regionale og globale arenaer.
Foto/ill.:
Edvard Hviding, UiB

Hovedinnhold

Sidan 1982 har både verda og havet endra seg. Isen rundt polane smeltar. Havet stig, og legg landområde under vatn. I Stillehavet kan dei pågåande klimaendringane få heile øystatar til å forsvinne i havet.

Kva skjer då med havretten?

– Når slike fysiske endringar skjer, blir rettsreglane utfordra. Reglane er i hovudsak laga for ein situasjon som er stabil, seier Ernst Nordtveit, professor ved Det juridiske fakultet.

Nordtveit medverkar i forskingsprosjektet Mare Nullius. Prosjektet er leia av antropolog Edvard Hviding, og fekk nyleg FRIPRO Toppforsk-midlar frå Norges forskingsråd.  

I det tverrfaglege prosjektet Mare Nullius Sea-level Rise and Maritime Sovereignties in the Pacific – An Expandend Anthropology of Climate Change tek forskarar frå naturvitskap, jus, samfunnsvitskap og humaniora del. Dei vil arbeide med spørsmål om korleis lokale og regionale perspektiv samhandlar globalt med øybuarane sine oppfatningar, ambisjonar og politiske strategiar. 

Fisken og havet er livsgrunnlaget

Ifølge Havrettskonvensjonen av 1982 har kyststatar suverene rettar til å nytte ressursane som finst i havet innanfor ei sone på 200 mil frå kysten. Rettane gjeld òg for kontinentalsokkelen.  

For mange øystatar er den økonomiske sona ein viktig del av livsgrunnlaget.

– Gjennom den økonomiske sona har desse statane eineretten til mellom anna fiskeressursar. Dei kan utnytta fiskeressursane sjølve eller til dømes gje lisensar til utanlandske fartøy som fiskar tunfisk, og gjennom dette få inntekter, fortel Nordtveit.

For nokre øystatar i Stillehavet kan klimaendringane bety undergangen. Dei vil forsvinne i havet.

– Dei må betale prisen for noko som nesten den heile rike verda har vore med på å forårsake, seier Nordtveit.

Ein stat utan land?

Det reiser juridiske spørsmål med globale implikasjonar. Viktige spørsmål er om staten kan oppretthaldast sjølv om landområdet er borte og folket har flytta til ein annan stad, og om retten til den økonomiske sona i havet kan oppretthaldast.

– I Stillehavet vil endringane skje raskt. Dei juridiske spørsmåla må koplast til politiske prosessar, seier Nordtveit.

Vårt ønske er at rettsvitskapen kan bidra til å handtere den nye situasjonen

– Folkeretten er ei tung materie

Nordtveit og førsteamanuensis Knut Einar Skodvin vil saman med ein stipendiat drive den juridiske forskinga i Mare Nullius. Dei vil publisere i internasjonale tidsskrift, og delta i den internasjonale diskusjonen om korleis havretten skal forvaltast når jorda og havet er i rask endring.

– Folkeretten er ei tung materie, som vi ikkje raskt kan endre. Det tok svært lang tid å forhandle fram Havrettstraktaten. Og ytterlegare tretten år før den vart ratifisert av mange nok statar til å bli verksam i 1995.

Havretten gjev i dag ikkje noko klart svar på kven som kan bestemme over eit havområde der det ein gong låg ein stat. Det er uklart om den økonomiske sona som høyrde til landet kan oppretthaldast. Dersom området skal reknast som ope hav, vil alle kunne fiske fritt og staten og folket vil missa eit viktig inntektsgrunnlag.

Følgene av klimaendringane var ikkje noko ein kunne sjå kome i 1982, då havrettsforhandlingane vart avslutta. Sjølv om ein ikkje er ukjent med å handtere endringsprosessar også rettsleg, står vi no overfor så raske og omfattande endringsprosessar at vi vil måtte utvikle nye system og rettslege mekanismar for å kunne handtera dei, forklarar Nordtveit.

I Stillehavet vil endringane skje raskt. Dei juridiske spørsmåla må koplast til politiske prosessar

Rettvitskapen kan bidra

Det oppstår heilt særeigne problem når heile statar kan forsvinne. Dersom  heile eller deler av Florida blir lagt under vatn, ville dette bli eit internt problem i USA. Florida-buarane ville ha rett til å busetja seg i andre delar av USA. Dei ville ikkje ha delstaten sin lengre, men dei ville framleis kunne vere amerikanarar og bu i landet sitt.

I Stillehavet er det annleis.

Det er ein fare for at heile statar og heile kulturar kan forsvinne. Tapet av det økonomiske grunnlaget vil få store følger for folk, som har utvikla nokså unike måtar å leve på. Verdssamfunnet står overfor svært basale spørsmål om korleis vi skal handtere dei raske og dramatiske endringar der vi må flytte store folkegrupper fordi delar av jorda blir ubueleg.

Situasjonen i Stillehavet er truleg berre ein forsmak på dei problema ein vil kunne stå overfor, meiner Nordtveit.

Det oppstår også andre folkerettslege spørsmål dersom heile øystatar forsvinn. Kvar skal menneska frå øya flyttast? Vil dei ha krav på å kunne busetja seg i same område og eventuelt oppretthalda sitt eige styre, innanfor grensa til ein annan stat? Kva skjer då med språk og kultur, som heng så tett saman med levemåten på øya? Dersom dei vert spreidde og tekne opp i andre kulturar, må ein rekna med at deira eigen kultur lett vil forsvinne.

– Vårt ønske er at rettsvitskapen kan bidra til å handtere den nye situasjonen, seier Nordtveit. Sjølv om dette er nye utfordringar som også vil krevja politiske løysingar, vil det vera viktig å drøfta dei grunnleggjande rettslege problema som dei fysiske endringane skaper.