Nyhet
28.04.2009

Professor Angelo Forte vitjar Det juridiske fakultetet

Forte, som er tilsett ved School of Law, University of Aberdeen, vil være gjesteforskar ved fakultetet i perioden 1 - 31. mai.

Føremålet med å invitera professor Forte som gjesteforskar er å utvida og intensivera samarbeidet mellom han og Professor Jørn Øyrehagen Sunde. Vidare er det intensjonen at professor Forte, som har ein Chair in Commercial law ved The Law School of Aberdeen, skal introduserast for konkurranse- og avtalerettsmiljøet i Bergen gjennom eit lunsjseminar med temaet: "Soft Law Instruments and the Codification of English Contract Law". Professor Forte skal òg førelesa 2 timar på kurset "Rettshistorie og komparativ rett" over temaet "Mixed legal cultures".

I tillegg skal han halda ei førelesing ved Centre for Medieval Studies om duellen som konfliktløysingsmiddel i keltisk og islandsk rett i mellomalderen.

Opphaldet er finansiert av Universiteet i Bergen, via internasjonale gjesteforskarmidlar.

Heimesida til Professor Angelo Forte