Hjem
Click

Det juridiske fakultet

Utvekslingsmuligheter i utlandet ved Det juridiske fakultet

På det integrerte masterprogrammet i rettvitskap er det lagt opp til at du reiser ut på 4. eller 5. studieår, gjennom å ta den valfrie delen av studiet i utlandet (spesialemne og/eller masteroppgåve).

Fakultetet har valt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for deg som er jusstudent.

Vi vil gjerne hjelpe deg på veg, så ikkje nøl med å ta kontakt med ein av rettleiarane! Dei fortel deg meir om dei ulike fagtilboda, universiteta og korleis eit utanlandsopphald vil passe inn i akkurat din utdanningsplan.

Rettleiarane er tilgjengelege i «Vrimle» kvar veke for å svare på spørsmål og hjelpe deg vidare på vegen ut i verda. I kalenderen på Mitt UiB kan du sjå kva tid du kan treffe utvekslingsrettleiarane. Du kan og sende spørsmål på e-post.