Hjem

Det juridiske fakultet

Kva kan du bli?

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspørsel etter deg med juridisk utdanning.

Med ein mastergrad i rettsvitskap blir du jurist og får tittelen Master i rettsvitskap.

Studiet gir juridisk kompetanse på høgt nivå og moglegheit for å søkje ei rekkje ulike jobbar.

Juristane si oppgåve er å ta avgjerder i rettslege spørsmål med grunnlag i gjeldande reglar, og å gi opplysningar og råd. Gjennom studiet i rettsvitskap lærer du å analysere, drøfte og ta standpunkt til rettsspørsmål på grunnlag av etablert juridisk metode. Du tileignar deg kunnskap om sentrale delar av rettssystemet og lærer å skaffe deg ny juridisk kunnskap. Du utviklar også evna til fagleg samhandling med andre, til rettspolitisk tenkjemåte og til formidling av fagleg innsikt.


Mange ulike bransjar

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som Konkurransetilsynet, Skatteetaten og NAV. Departementa og politiet er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Du kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Du kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og bevilling til å arbeide som advokat, må du ta eit obligatorisk advokatkurs. Du må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.