Hjem
Det juridiske fakultet
News

Prestisjetung havrettskonferanse til Bergen

Dei fremste ekspertane i verda kjem til Bergen for å diskutere dei rettslege utfordringane med eit Arktis i endring.

Isflak på havet
Foto/ill.:
flickr/ NASA/Kathryn Hansen

Hovedinnhold

Den årlege internasjonale konferansen i havrett til Center for Oceans Law and Policy (COLP) ved University of Virginia, blir arrangert i Bergen 25.–28. juni i samarbeid Det juridiske fakultet. COLP er eit av dei fremste havrettsmiljøa i verda. Konferansen er den 39. i rekka og tar opp eit nytt tema kvar gong.


Arktis i fokus

Temaet i år er utfordringane med eit Arktis i endring, med fokus på kontinentalsokkelen, skipsfart og fiske. Klimaendringar i Arktis reduserer isdekket og vil etter kvart opne for olje- og mineralutvinning og for skipsfart til og frå Asia.
 
– Nye vandringsmønster for makrell er eit døme på korleis klima- og temperaturendring kan skape utfordringar for fiskerett og ressursforvaltning i arktiske farvatn. Konferansen vil gje viktige tilskot til kunnskapen om området og dei rettslege reglane som regulerer Arktis og havområda nær Noreg. Fokuset er utfordringane i regulering av utnytting og forvalting av eit av dei viktigaste og mest sårbare områda i verda, der verknadane av klimaendringar og forureining har vist seg mest, fortel professor Ernst Nordtveit ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Konferansen er retta mot juristar som arbeider med spørsmål innan havrett og generell marin rett, men den kan òg vere interessant for samfunnsvitarar og naturvitarar som er opptekne av tema om styring av havområda. Fleire av deltakarane på konferansen er blant av dei fremste ekspertane i verda på havrett og polare rettsspørsmål.

– Konferansen er svært prestisjetung og blant deltakarane er beslutningstakarar og internasjonale toppakademikarar innan feltet. Medarrangøren vår på Island, Thomas Heidar, er rettssjef i det islandske utanriksdepartementet, og er nett utnemnt til domar i Den Internasjonale havrettsdomstolen under FN og John Norton Moore og Myrom Nordquist ved COLP har m. a. vore rådgjevar for den amerikanske regjeringa, mellom anna utanriksminister Hillary Clinton.


Bergen på kartet

Nordtveit fortel at det vekker interesse og ein del oppsikt at konferansen er lagt til Bergen. Han har vore sentral i å få konferansen til Bergen og viser til at var mogleg gjennom langvarig samarbeid og kontakt via forskingsprosjekt. Han har sjølv halde innlegg på tidlegare konferansar.

– Bergen har lange tradisjonar og sterke fagmiljø i marin og arktisk forsking i mange disiplinar. Konferansen har ei fleirfagleg vinkling og fleire framståande forskarar frå Bergen kjem til å presenterer heilt ny forsking her. Det er ein viktig sjanse til å knyte kontaktar og «sette Bergen på kartet» for det internasjonale fagmiljøet på feltet. Det er eit høve til vise fram det marine forskingsmiljøet i Bergen framfor eit globalt publikum, og særleg nokre av våre yngre folk, som Knut Einar Skodvin ved Det juridiske fakultet.  Det hjelper oss til å bygge kompetanse i forvalting av havområde og marine ressursar, og då særleg Arktis, som vil bli så viktig, men som er så forsømt i norsk rettsvitskap.

Bergensmiljøet er godt representert på konferansen. I tillegg til Det juridiske fakultet, deltar Bjerknessenteret, Senter for geobiologi og Havforskningsinstituttet med innlegg på konferansen.


Den sentrale havrettstraktaten

Innanfor havretten står Havrettstraktaten sentralt. Den vart inngått i 1982 og sett i kraft i 1995 etter at nok statar hadde ratifisert den. Fleire av deltakarane på konferansen har vore med sidan traktaten var inngått.

– Traktaten er grunnlaget for ei rettsordning på havet og har etablert institusjonar for vidareutviklinga av retten og tvisteløysing, og for forvalting av naturressursrar, som til dømes International Seabed Authority på Jamaica og Havrettsdomstolen som er nemnt.

– Traktaten regulerer kyststatane sin rett til havområda, territorialfarvatnet som kan gå ut til 12 nautiske mil frå grunnlinene, den eksklusive økonomiske sona på 200 nautiske mil og retten til kontinentalsokkelen og ressursane der. Den regulerer retten til fiske på ope hav og rett til naturressursar på havbotnen utanfor  grensene til kontinentalsokkelen. Vidare regulerer den retten til ferdsel på havet, fri gjennomfart i internasjonale strede, miljøspørsmål og meir.