Hjem
Det juridiske fakultet
AKTUELT

Kven har rett til å eige?

Å gå på tur i skogen har like lite og like mykje med eigedomsrett å gjere som det å signere kjøpekontrakt for eit hus.

Hovedinnhold

– Eigedomsrett vedkjem alle og grip inn i mange ulike delar av livet. Alle har ei meining om feltet, og er noko av det som gjer det spennande, seier stipendiat Erlend Baldersheim. Han har nyleg gjeve ut boka "Reglar om fast eigedom".

I jussen handlar fast eigedom i første rekkje om grunnstykket og det som er fast knytt til det, som vegetasjon, bygningar og vegar. Men også mineral i grunnen, vassdrag og havet. Denne innarbeidde definisjonen av omgrepet fast eigedom er noko blodlaus, synest Baldersheim.

Han meiner definisjonen kjem til kort, då den ikkje seier noko om kva rolle den spelar for oss menneske. Heim, føde, fritid og framtid knyter seg alle til fast eigedom på ein eller annan måte. Det er den ytre ramma for menneskeleg livsutfalding, aktivitet og samkvem. Det er der livet tek til, blir levd og sluttar.

– Sambandet mellom fast eigedom og menneskelege interesser er det som fengjer meg sterkast, seier Baldersheim.

Frå by til vidde

I "Reglar om fast eigedom" ønskjer forfattaren å forklare rettsområdet til dei som ikkje kjenner det frå før.

Han startar med å ta lesaren med på ei reise for å illustrere kor stort mangfaldet av faste eigedomar er. Reisa tek til i byen, der det meste av arealet er oppteke til bygningar, gater og parkar. Er det trongt om plassen, som i Bergen, tek ein gjerne undergrunnen i bruk til parkeringsanlegg og fyller ut sjøgrunnen for å få plass til næringsverksemd.

På veg ut av byen ser ein industriområde, høgblokker, kjøpesenter og veganlegg, før jordbruksområda tek over og ferda går vidare til utmark, fjell og vidder. Inngrepa i naturen varierer frå hogstfelt og fiskeoppdrettsanlegg til hyttefelt, alpinanlegg, kraftleidningar og turtstiar.   

Eigedomar skapar relasjonar

– Studiet av fast eigedom handlar på mange måtar om kva forhold vi står i til andre menneske, fortel Baldersheim. Til naboar, etterkomarar, familiemedlemmer og andre medborgarar.

Kva den enkelte gjer på sin eigedom får konsekvensar for andre. Vert det etablert ein restaurant i gata di, kan du rekne med auka støy og forsøpling. Dersom ein grunneigar byggjer i strandsona, vert det trongare om plassen på strender i nærleiken. Enkelte har moglegheita til å råde over noko, og høve til å ekskludere andre frå det same.

– Heile samfunn mellom menneske kan byggjast og verte øydelagd ved hjelp av reglar om fast eigedom. Det er eit rettsområde der mykje står på spel, forklarar Baldersheim og gjev døme på nokre problemstillingar.

Kan kommunen utan vidare byggje garasjeanlegg under folk sin eigedom? Kven avgjer kvar det skal byggast vindmølleparkar? Kva konsekvensar får omfattande vegarbeid og vegstenging for butikkane som ligg langs vegen? Kan du bore etter grunnvatn på store djup, der du kjem under naboen sin grunn? Kan turgåarar ta snarvegen gjennom hagen din i strandsona?

– Det er vanskeleg å rekne på, økonomisk, sosialt og ideelt, eller å forstå kor viktig fast eigedom er som ressurs, understrek han.

Ei anna historie

Studiet av fast eigedom handlar altså om grunnstykke og menneske, slår Baldersheim fast. Med utgangspunkt i eit konkret grunnstykke studerer ein forholdet mellom folk og eigedom, og forholdet mellom ulike personar.

Baldersheim viser til at det finst god litteratur på feltet frå før, og trekk fram fleire tradisjonelle og velskreve bøker som omhandlar emnet.

– Men akkurat den historia som eg prøver å fortelje har ikkje blitt fortalt før. Eg hadde eit ønskje om å forklare faget på ein sjølvstendig måte, seier han.

I "Reglar om fast eigedom" brukar forfattaren plass på definere omgrep, som er viktig for å lære seg reglar, og setje dei i samanheng med kvarandre. Omgrepa er dei normative byggjesteinane i rettssystemet. Han trekk også inn rettsfilosofi og miljøtilhøve, og er svært oppteken av forholdet mellom eigedom og samfunn.

Ikkje berre for juristar

Baldersheim håpar å få fleire interessert i fagområdet ved å lese boka. Sjølv synes han det er eit av jussen sine komplekse og mest gjevande område å arbeide med. Han skriv doktorgrad om eigedomsrettsomgrepet, og underviser også i faget Tingsrett på andre studieåret.

– Samfunnet utviklar seg heile tida og reglane om fast eigedom vil aldri vere endeleg fastlagde. Dette skapar eit levande og dynamisk rettsområde, seier han.

– Reglar for fast eigedom er grunnleggjande, vi kan ikkje klare oss utan. Det finst ikkje eit rettssystem utan reglar for fast eigedom. Og ikkje eit menneske i verda utan ei forståing for det, avsluttar Baldersheim.

Les meir om boka "Reglar for fast eigedom" i På Høyden