Hjem
Det juridiske fakultet
nye professorar

Professorbølgje på Det juridiske fakultet

Rekrutteringa er på veg opp, og Det juridiske fakultet har fått fem nye professorar i løpet av året.

Hovedinnhold

– Dette er resultatet av ei langsiktig satsing, seier dekan Asbjørn Strandbakken.

Han er glad over å ha fått nettopp desse fem med seg på laget:

– Eg vil takke dykk for at de har gått det lange løpet. De er verkeleg «crème de la crème» når de blir professorar i rettsvitskap!

Dei fem ferske professorane er Ragna Aarli (47), Hans Fredrik Martinussen (34), Bent Liisberg (61), Thomas Eeg (48) og Jørn Jacobsen (35).

I førre veke fekk dei kake, og fri mikrofon til å fortelje om prosjekta sine for alle dei tilsette på fakultetet.

Meir forsking

Ragna Aarli er visedekan for forsking på Det juridiske fakultet, og har sett fakultetet endre seg over tid.

– Frå å vere meir berre ein utdanningsinstitusjon har jussen blitt meir eit forskingsfakultet, seier Aarli.

Les saka i UiB si internavis På Høyden