Konkurransetilsynet
Silje Bruun Teigen arbeider som førstekonsulent i Konkurransetilsynet.
Konkurransetilsynet er ein spennande arbeidsplass med stort fagleg miljø og mange utfordringar. Som jurist får eg høve til å spesialisere meg innan konkurranserett, og til å samarbeide på tvers av fagdisiplinane jus og økonomi.
Eg jobbar med utgreiing av saker, alt frå vurderingar av om oppkjøp og fusjonering av selskap er i strid med konkurranseloven, til å vurdere om ulike føretak sin framferd er i strid med konkurranseloven sine forbodsbestemmingar.
Som tilsett i eit forvaltingsorgan får eg god innsikt i forvaltningsloven, og i det daglege vurderer eg blant anna innsynskrav. Sidan konkurranserett har stor påvirkning frå EF-retten, får eg også god kunnskap innan EF-rett og engelsk juridisk terminologi.
Eg får også utfordringar som å halde foredrag og seminar, samt høve til å delta på internasjonale møter og konferansar.
Sist endret: 10.1.2012