Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det juridiske fakultet
Skal du reise på studieopphald i utlandet må du alltid hugse å søkje om førehandsgodkjenning og om endring av utdanningsplan frå Det juridiske fakultet (same skjema) før du reiser ut og om endeleg godkjenning når du kjem att.
Det er studenten sitt ansvar å leggje fram nok dokumentasjon både i høve til søknad om førehandsgodkjenning og i høve til den endelege godkjenninga ved heimkomst.
Skjema for søknad om førehandsgodkjenning og søknad om endeleg godkjenning finn du utanfor informasjonssenteret på fakultetet, til høgre på denne sida og på Mi side.
Førehandsgodkjenning
Førehandsgodkjenning
Saman med søknad om førehandsgodkjenning treng vi kursskildringar og informasjon om talet på studiepoeng for kvart einskild kurs. Erasmusstudentar skal også levera utfylt learning agreement saman med søknaden.
Når du søkjer om førehandsgodkjenning vurderer fakultet om faga du planlegg å ta vil kunne godkjennast som del mastergraden i rettsvitskap eller ikkje. For å få støtte frå lånekassen er det ein føresetnad at delstudia i utlandet er førehandsgodkjende av fakultetet.
Fristar
For utveksling som tek til i haustsemesteret har vi sett 1. juni som siste frist for å søkja om førehandsgodkjenning, og for utveksling som tek til i vårsemesteret er 1. desember siste frist for søknad om førehandsgodkjenning. Vi rår deg likevel til å søkja om førehandsgodkjenning så tidleg som mogleg semesteret før du skal ut i verda, dette fordi sakshandsamingstida oftast er kortare resten av semesteret enn akkurat rundt fristane.
Endeleg godkjenning
Endeleg godkjenning
Saman med søknad om endeleg godkjenning må du leggja ved ORIGINAL karakterutskrift. Leverer du søknaden i infosenteret på fakultetet kan infosenteret ta stadfesta kopi slik at du får med deg originalen med det same.
Sender du søknaden pr post vil original karakterutskrift verta returnert saman med svaret på søknaden. Fakultetet MÅ sjå originalen, slik at stadfesta kopiar frå andre stader enn infosenteret på fakultetet kan ikkje godtakast.
Fritak for masteroppgåva
Skal du søkja fritak for masteroppgåva på bakgrunn av skriftleg(e) arbeid du har gjort medan du har vore utanlands? Då treng vi, i tillegg til karakterutskrift, dokumentasjon av ordlengda og innhaldet i oppgåva di. Rettleiiande ordgrense for den norske masteroppgåva er 12 000 ord, og oppgåver skrivne under utanlandsopphald må tilsvara dette.
Dersom du har skrive éi stor oppgåve som del av eit LLM-studie, er det tilstrekkeleg at du fører opp tittelen på oppgåva i søknaden om endeleg godkjenning og leverer kursskildring frå vertsuniversitetet som fortel korleis oppgåve ein må skriva for å få tildelt LLM-graden. Oppgåver skrivne under annan type utveksling enn LLM, eller som del av eit LLM program der ein ikkje skriv éi stor oppgåve, må leverast i sin heilskap. Det same gjeld dersom ein søkjer fritak på grunnlag av to (unntaksvis tre) mindre oppgåver på til saman 12 000 ord. Oppgåva/oppgåvene kan leverast anten i papirversjon eller i elektronisk form som vedlegg til e-post.
Skal du søkja fritak på grunnlag av to mindre oppgåver som til saman utgjer eit heile, må du i tillegg levera ei kort innleiing (om lag ei side) som gjer greie for innhaldet i oppgåvene og korleis oppgåvene har ein samanheng med kvarandre.
Frist for søknad om endeleg godkjenning
Fordi semesterslutt ute varierar veldig og det dessutan er stor skilnad på kor lang tid det tek før vertsuniversiteta utstedar karakterutskrift/vitnemål er det ikkje ein felles frist for når ein må søkja om endeleg godkjenning. Felles for alle gjeld likevel at ein må søkja om endeleg godkjenning innan ein månad etter at ein har motteke offisiell dokumentasjon på resultat oppnådde under utanlandsopphaldet.
Når søknaden er handsama vil fakultetet automatisk rapportera dei oppnådde studiepoenga til lånekassen slik at du ikkje sjølv treng å søkja Lånekassen om omgjering av lån til stipend.
Regelverk
Regelverk
Studiar i utlandet vert godskrivne som spesialemne og/eller masteroppgåve i masterstudiet i rettsvitskap i medhald av kapittel 5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet:
§ 5-1 Generelt om godskriving og faglig godkjenning
- Beståtte emner, fag, eksamener eller prøver fra studier som er akkreditert etter universitets- og høyskoleloven godskrives, jf. § 1-3, 5. ledd, i grad der det godtgjøres at den aktuelle eksamen mv. er tilsvarende det omsøkte fritak i innhold, omfang og dybde. For emner, fag, eksamener eller prøver ellers kan det etter søknad gis faglig godkjenning etter samme retningslinjer. Ved vurdering av kravet til "tilsvarende dybde" må det tas hensyn til variasjonene i utdanningsstruktur og rettssystem.
- Juridiske fag i rettssystemer som ligger fjernt fra det norske, som for eksempel common law land (trust, equity, contract, tort mv.) kan gis faglig godkjenning som tilsvarende emner på 4. eller 5 studieår ved fakultetet, selv om faget ikke er på masternivå i vedkommende land.
- (...)
§ 5-7 Godskriving av masteroppgave
- Masteroppgave godskrives dersom studenten har bestått tilsvarende prøve ved norsk eller utenlandsk lærested i form av selvstendige skriftlige arbeider som i hovedsak tilsvarer masteroppgave skrevet som del av et norsk masterstudium i rettsvitenskap.
- For at et selvstendig skriftlig arbeid skal kunne godskrives som masteroppgave, må oppgaven gjelde rettsvitenskapelige spørsmål, herunder ikke-dogmatiske fag som for eksempel rettshistorie, rettssosiologi, feministisk rettsteori (law and gender), rettsøkonomi (law and economics) og corporate governance.
- Masterprogrammer i juridiske fag (LLM eller tilsvarende nivå) ved utenlandske universitet med et samlet omfang på minimum 60 ECTS-credits/60 studiepoeng kan gi fritak for både spesialemne (30 studiepoeng) og masteroppgave dersom det i studieplanen fremgår at det stilles krav om selvstendige skriftlige arbeider på minimum 12 000 ord.
- Dersom en oppgave som nevnt i første til tredje avsnitt like ovenfor er produsert under et utvekslingsopphold som er forhåndsgodkjent av fakultetet, bortfaller retten til å delta i JUS399/JUS398 Masteroppgave ved fakultetet
- Ved forhåndsgodkjenning av utenlandsopphold kan det stilles vilkår om at studenten skal skrive masteroppgave som del av oppholdet.
§ 5-8 Godskriving av spesialemner
Emner som overlapper de obligatoriske emnene i studieplanen godskrives ikke som spesialemne, med mindre det godtgjøres at emnet i hovedsak er ulikt det obligatoriske emnet. Emner som også tilbys som Spesialemne ved fakultetet godskrives under forutsetning av at samme emne ikke er lest som spesialemne ved UiB.
§ 5-9 Delstudier i utlandet; Forhåndsgodkjenning og godskriving
- Etter bestått 3. studieår kan studenter reise på utveksling som en del av masterprogrammet. Det kan gis forhåndsgodkjenning for – og senere godskriving av – emner tilsvarende 30 studiepoeng spesialemner, og/eller skriftlig arbeid tilsvarende masteroppgaven (30 studiepoeng). Disse skal inngå i graden.
- En student som har bestått 30 studiepoeng på 5. studieår, kan kun få forhåndsgodkjent utveksling i ett semester, eller et LLM-program.
- Ved rangering av søkerne til et bestemt sted, skal studenter som søker utveksling for første gang prioriteres foran de som tidligere har vært på utveksling som del av masterprogrammet.
- En student som har fått godskrevet utveksling som spesialemner, kan ikke ta ytterligere spesialemner i mastergraden.
- Studenter skal søke om endelig godkjenning av delstudier i utlandet senest én måned etter at offisiell dokumentasjon på oppnådd resultat er mottatt.
- Der delstudier i utlandet utgjør de siste emnene i graden, skal dato for oppnådd grad settes til dato for vedtak om godskriving av disse.
Spørsmål?
Har du spørsmål om godkjenninga, eller treng meir info? Send ein e-post til utveksling@jurfa.uib.no, eller ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 95 00.
Sist endret: 21.5.2012
Tilhører
Last ned filer
- Søknad om forhåndsgodkjenning (bokmål) (PDF-fil, 82 Kb)
- Søknad om førehandsgodkjenning (nynorsk) (PDF-fil, 82 Kb)
- Søknad om endelig godkjenning (bokmål) (PDF-fil, 70 Kb)
- Søknad om endeleg godkjenning (nynorsk) (PDF-fil, 70 Kb)