Hjem

Kommunikasjonsavdelingen

Nyhet fra På Høyden

”Fordrukken, forhoret og forelsket”

Slik skildrar Knut Hamsun sin eigen tilstand etter han møtte si kommande kone Marie. HF-biblioteket minnast kunstnaren Knut Hamsun med ei utstilling av hans brev til bergenske vener.

hamsun 3

«Du kan sikkert se paa denne min Skønskrift at jeg netop er hjemvendt fra...
«Du kan sikkert se paa denne min Skønskrift at jeg netop er hjemvendt fra Byen, fordrukken, forhoret og – giv Akt! – forelsket. Fan søkke mig, jeg har aldri været ude for verre!» Bilete henta frå bibliotekets nettutstilling.

«Du kan sikkert se paa denne min Skønskrift at jeg netop er hjemvendt fra Byen, fordrukken, forhoret og – giv Akt! – forelsket. Fan søkke mig, jeg har aldri været ude for verre!»

Det står å lese i brev frå Knut Hamsun til sin bergenske ven Johan Mandius Køhler Olsen, 5. mai 1908. Då hadde kommande Marie Hamsun tydeleg gjort sitt inntrykk.

HF-biblioteket stiller no ut si samling av brev frå diktaren til sine bergenske venner. I samlinga er det fleire brev til Johan Mandius Køhler Olsen, ein bergensk levemann kjent under namnet Køhler(en). I 1909 sendte Hamsun han ei pakke med sine eigne bøker, alle med kommentar og dedikasjon frå Hamsun sjølv.

Brev og dedikasjonar kan du no lese på nettutstillinga og i monter på HF-biblioteket. Det er i samband med årets Hamsun-jubileum, biblioteket har henta fram si samling brev frå diktaren. Hamsun skreiv brev til venninna Bolette Pavel Larsen, kritikar og journalist i Bergens Tidende. Han sendte også sine første vers til mannen hennar, bankfullmektig O.J. Larsen.

Ved sida av førsteutgåva av Sult, rommar samlinga til biblioteket også utanlandske utgåver av romanen.

– Me kjøper eigentleg ikkje inn utanlandske utgåver av norske romanar, det er Nasjonalbiblioteket si oppgåve. Men det er blitt gjort i dette tilfellet, seier Gatland og peiker på ein kuriositet blant utgåvene der den første franske utgåva av romanen frå 1895 har tittelen ”La Faim”, altså ”Sulten”.

I 1950 kom ei ny utgåve, denne gongen med tittelen i ubestemt form, og med eit begeistra føreord av den franske nobelprisvinnaren André Gide.

Utstillinga vil stå på biblioteket ut over våren, men er også tilgjengeleg i nettutstillinga.

Denne artikkelen er henta frå UiB si nettavis På Høyden.