Hjem

Kommunikasjonsavdelingen

Målpris til UiB

Universitetet i Bergen får Målprisen 2010 av Noregs Mållag. – Svært oppmuntrande og gledeleg, seier rektor Sigmund Grønmo.

– Me legg vekt på å bruke begge målformene, og har ein medviten språkpolitikk. Denne rosen set me stor pris på, seier Grønmo til LNK-avisa.

UiB fekk eigne retningsliner for språkbruk i 1996. Målet var å bruke minst 30 prosent nynorsk. Det var ambisiøst, meiner leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård. Han meiner UiB har arbeidd medvite for at nynorsken skal ha ein naturleg plass i høgare utdanning.

– Universitetet i Bergen motverkar med sin språkpolitikk målskifte etter vidaregåande. På masterutdanningar ser me mellom anna at nynorsken held stand, seier Øvregård.

– Me brukar mykje nynorsk i informasjonsmateriale, og eg personleg vekslar mellom bokmål og nynorsk, både muntleg og skriftleg, seier rektor Grønmo.

Tidlegare vinnarar av målprisen:

  • 2010: Universitetet i Bergen
  • 2009: Magnhild Meltveit Kleppa
  • 2008: Halvor Folgerø og Finn Tokvam
  • 2007: Arne Johannesen
  • 2006: Olaug Nilssen
  • 2005: Kjartan Fløgstad
  • 2004: Are Kalvø
  • 2003: Ola Jonsmoen
  • 2002: Kari og Ivar Medaas
  • 2001: Hellbillies
  • 2000: Opera Software
  • 2000: Guri Vesaas