Hjem

Kommunikasjonsavdelingen

Nyhet fra På Høyden

Den blodige journal

I Universitetsbibliotekets samlingar over gamle bøker og handsskrift, finnest ei svært blodig forteljing. Katalogen over UB sine gamle skattar er no på nett.

 

Manuskriptet med namn WM. Davidson’s Bloody Journal er ei forteljing frå ein engelsk sjømann som mønstrar på eit russisk kaperskip og deltek i kapertokt i Middelhavet i åra 1788-89.

Kaperi, væpna piratfarty som tok fiendens handelsskip, var nemleg eit vanleg verkemiddel under sjøkrigane i det 17. og 18. hundreåret for å øydeleggje fiendens handel. Væpna private skip fekk fullmakt til å plyndre fiendens handelsskip, men kaperskipa var ikkje alltid like nøye med kva for nasjon eit freistande skip høyrte til. ”Distinksjonen mellom kaperi og regelrett sjørøveri var høyst illusorisk” skriv Sigurd F. Jacobsen i ein artikkel om sjørøvarens dagbok.

Les heile artikkelen: Sjørøverens dagbok

Den engelske piraten Davidson verva seg til teneste for Katarina den store av Russland som då låg i krig med Tyrkia. Sjørøvaren skildrar plyndringar av skip der mannskapet vert drepen til siste mann.

– Det er groteske skildringar, der mannskap vert halshugga og spring rundt på dekk som blodige, hovudlause høns, seier Rune Kyrkjebø, leiar for avdeling for spesialsamlingar ved UB.

Frå handskrift til nett

Varene som vart erobra var vin, brennevin, kaffi, bomull, hamp, honning, tobakk og pengar.

Etter ni månader på tokt, mønstra Davidson av i Trieste og fekk klekkeleg betalt for innsatsen.

UB si utgåve av manuskriptet stammar truleg frå 1824 og er ein av mange avskrifter av Davidsons originalmanuskript.

The Bloody Journal er berre ein av mange gamle skrifter som er samla i Manuskript- og librarsamlinga til UB. I nedste etasje på HF-bygget, er gamle skrifter samla. Her finnest middelalderfragment, fotografisamling over norrøne handskrift, diplomsamling, gamle bøker og gjenstandar.

Tidlegare måtte forskarar og andre interesserte sjølv innfinne seg på Sydneshaugen for å kunne leite etter skattane i samlinga. Men denne våren har Manuskript- og librarsamlinga fått katalogen ut på nett. Det er eit resultat av lang tids arbeid med å lage namneregister og inntastinga av den gamle handskrivne katalogen.

– Sjølv om dei er i pdf-filer, utgjer det eit stort framsteg for oss. Før måtte me bla i tre separate katalogar for å finne det me leita etter, seier universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge.

Offentleg sist i 1913

Sist katalogen over kva som skjuler seg hos Manuskript- og librarsamlinga vart offentleggjort, var i 1913. Då var alt teikna ned, trykt og sendt ut. Sidan den gong har samlinga vakse, og alt har blitt notert i handskrivne katalogar. Når katalogen no er digitalisert og er på nett, har ein eit langt lettare leiteverkty, både for publikum og tilsette.

– Me merker at fleire finn unikt materiale over nettet. Me har fått større tilgang på e-post enn me tidlegare har hatt. Me har fått gode tilbakemeldingar frå andre institusjonar, blant anna Nasjonalbiblioteket, som no lettare kan finne kva som er i våre samlingar, seier Rune Kyrkjebø.

Den gamle handskrivne katalogen har no i seg sjølv blitt eit historisk dokument, eller eit spanande skrift i seg sjølv etter bibliotekarane si meining.  

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.