Hjem

Kommunikasjonsavdelingen

Statleg besøk med ny strategi

Ein ny nasjonal strategi for bioteknologi er på veg. Når statsråd Tora Aaasland kjem til UiB på torsdag møter ho ein dekan som meir enn gjerne fortel om kva UiB kan bidra med.

- Det som skil oss frå alle dei andre er at me har ei marin forankring for forskinga på bioteknologi, seier dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Dag Rune Olsen.

Torsdag kjem statsråd Tora Aasland til Universitetet i Bergen for å fortelja om den nye nasjonale strategien for bioteknologi.

Kan løysa samfunnsproblem

I forskingsmeldinga ”Klima for forskning” seier regjeringa at dei ynskjer meir kunnskap om mellom anna bioteknologi. Norsk forsking skal vera eit hjelpemiddel til å møta framtidige utfordringar, og bioteknologi skal vera eit av verkemidla.

Strategien tek mellom anna utgangspunkt i BIOTEK 2012, Forskningsrådet sin rapport om framtida for bioteknologieks forsking i Noreg. Her har UiB kome med sine innspel.

- Styrke i grunnforsking

Dekan Dag Rune Olsen vil gjerne visa Aasland at UiB har sterke kort på handa når det gjeld bioteknologisk forsking.

Universitetet i Bergen har mange dyktige forskingsgrupper som saman vil kunne skapa eit unik bioteknologimiljø, meiner dekanen. Han nemner Sars-senteret som eit døme.   

 - Grunnforskinga, slik som ved Sars-senteret, legg grunnlaget for vidareutvikling av bioteknologisk forsking. Ei vellukka satsing på bioteknologien må vera forankra i solid kunnskap om molekylærbiologiske prosessar. Og det er her me har vår største styrke ved UiB. Forsking på bioteknologi ved UiB kan gje nye løysingar innan mat- og helseproblematikk, seier han.

Sars-senteret er internasjonalt anerkjent for si grunnforsking på marine dyr. UiB si internavis På Høyden skreiv nyleg om oppsiktsvekkjande resultat publisert i Science.

- Må tenkja langsiktig

Dag Rune Olsen er glad for at regjeringa vil styrka satsinga på bioteknologisk forsking. Skal forskinga på bioteknologi løftast til eit nytt nivå i Noreg er det ikkje berre opp til universiteta, meiner han.

- Me kan ikkje løfta teknologien om det berre er dei norske universiteta som satsar. Me treng ei heilskapleg satsing, saman med instituttsektoren og næringslivet utgjer me ein heilskapleg verdikjede. Skal me få nytte av teknologien må me tenkja samarbeid og langsiktigheit.

Regjeringa planlegg å ferdigstilla strategien i løpet av neste år, og opnar for innspel frå fagmiljøa fram til utgangen av 2010.

Dekanen vil bruka tida godt.

- Eg trur besøket er eit godt høve til å starta ein dialog. Fram til den nye strategien vert lagt fram håper me på ein endå nærare dialog enn tidlegare, seier Dag Rune Olsen.