Hjem

K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning

Nyheter

Biooppdaging og bioprospektering

Forskarar ved K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking er involvert i bioteknologiprosjekter for å søkje etter og å ta i bruk enzym frå hydrotermale felt.

Flowmethod

Flowmethod

Biooppdaging, å oppdage nye ting innafor biologi, treng en fleirfagleg tilnærming som inkluderer økologi, evolusjon, biogeokjemi, bioinformatikk og bruken av djuphavsteknologi. Studie av metabolismen til mikroorganismar som ikkje er mogleg å dyrke, og der det heller ikkje er informasjon om funksjonen er tilgjengeleg, «the microbial dark matter» (MDM), gjennomgår no ei fornying takket være utviklinga av metagenomikk retta direkte mot sekvensering av total DNA frå mikrobielle samfunn. Ved K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking  forbetrar me konstruksjonen og brukar «in-situ» inkubatorar for å auke opprikinga av MDM. The overordna målet er å finne ny og fundamental kunnskap om metabolismen til mikroorganimsmar i hydrotermale felt i djuphavet. For å oppnå dette målet har me utvikla ein «inhouse metagenomics pipeline», som vist på hovudbiletet.

Bioprospektering er å finna nye artar med verdifulle genetiske og biogeokjemiske ressursar. Hydrotermale felt lokalisert i arktiske spreieryggar (AMOR) representerer eit unikt norsk habitat for å søkje etter enzym som er aktive i høge temperaturar. Varmeaktiverte og temperaturstabile enzym, i tillegg til enzyma som er aktive under moderate temperaturar, er brukt i ei rekke industrielle produkt, til eksempel papir, tekstiler, mat, farmasiprodukt, medisinar osv. I dag er det en konstant etterspurnad etter nye enzym for å utvikla meir berekraftige og økonomisk konkurransedyktige produksjonsprosessar, men også for å imøtekomme krav gitt på nye bioteknologiske arenaer. Forskarar ved K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking er involvert i bioteknologiprosjekter for å søkje etter og å ta i bruk enzym frå hydrotermale felt i AMOR i eit samarbeid med industrielle partnarar.  I det nasjonale prosjektet NorZymeD, er det fire akademiske og fire industri partnarar. Ved å kombinera biooppdaging og utvikling av enzym fokuserer prosjektet på utvikling av enzym og prosessar for biomasser og verdirekkjer der Noreg har klare konkurransefordeler, hovudsakelig lignocellulose og marine tilleggsprodukt frå fiskerier og akvakultur. I NorZymeD organiserer vi ein årleg open dag med seminar om enzym-baserte løysingar med politikarar, forskarar og industri som fokusgruppe. Dette året tok møtet plass i august på Hotel Neptun i Bergen. 

”Bioøkonomien -  omfattar økonomien som bruker fornybare biologiske ressursar frå land og sjø – slik som som avlingar, skogar, fisk, dyr og mikroorganismar – til å produsere mat, material og energi.”