- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Kontakt
- Opptak
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Kva biologiske, psykiske, miljømessige og sosiale faktorar ligg til grunn for helse og sjukdom hos menneske? Kva er forholdet mellom det teknisk moglege og det menneskeleg og samfunnsmessig mogelege i legevitskapen?
Medisinstudiet byr på både teoretiske og praktiske utfordringar. Du får kunnskap om menneskekroppen heilt ned til molekylærnivå og lærer om oppbygginga og funksjonane til dei ulike organa i kroppen. Studiet omfattar òg praktisk undervisning i alt frå akuttmedisin til omsorg for kronisk sjuke pasientar. Medisinstudentane blir utplasserte både i primærhelsetenesta i norske kommunar og ved spesialavdelingar på sentraliserte sjukehus.
Gjennom studiet lærer du framtidsretta og praktiske metodar for diagnostisering, behandling og førebygging av sjukdom. Du skal òg utvikle ein kritisk vitskapleg tenkemåte og ei evne til å reflektere over etiske problemstillingar. Ein god lege må kunne kommunisere med menneske og ha evne til å møte dei som treng råd og hjelp, på ein ansvarleg og respektfull måte.
Visste du at ...
Ved medisinstudiet i Bergen kan du ta eit semester med fordjuping i Global helse.
Studievegar
Profesjonsstudium
Medisinstudiet er eit seksårig profesjonsstudium der ein startar med preklinikk (to år) og hald fram med klinikk (fire år). Den prekliniske delen av studiet gir eit breitt teoretisk grunnlag med grundig innføring i anatomi, fysiologi, kjemi, biokjemi, cellebiologi, cellefysiologi, molekylærbiologi, nevrobiologi og organbiokjemi, og likeeins i latin, etikk og statistikk. I den påfølgande kliniske delen av studiet blir den grunnleggande forståinga av menneskekroppen omsett i praksis gjennom utplassering i helsevesenet og utvikling av sentrale ferdigheiter i arbeidet som lege. Teori og praksis er tett integrert i den kliniske delen av medisinstudiet gjennom undervisning i blant anna kirurgi, indremedisin, allmennmedisin, pediatri, psykiatri, patologi, nevrologi, samfunnsmedisin, rettsmedisin, radiologi og internasjonal helse. Mellom dei to avdelingane tek halve kullet ein «valtermin» på eitt semester. I valterminen kan ein velje å reise til utlandet på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, studere andre fag eller ta ein studiepause.
Forsking
Forskarlinja er eit spesialtilbod for medisinstudentar som har interesse for medisinsk forsking, og som kan tenke seg å forske parallelt med studiet. På forskarlinja får studentane delta i ei organisert forskaropplæring og utfører eigen forskingsaktivitet. Her inngår skriving av ei forskingsoppgåve som kan vere byrjinga på ein ph.d.-grad. Dersom du vel forskarlinja blir normert studietid forlengd med eitt år til sju år.
Oppbygging
I den første delen av studiet får du grunnleggande kunnskap om korleis menneskekroppen er sett saman og fungerer. Du følger undervisning saman med andre helsefagstudentar det første året. Det andre studieåret er undervisninga konsentrert om oppbygginga og funksjonane til dei forskjellige organa i kroppen.
Etter dei første to åra av studiet tek halve kullet ein «valtermin» på eitt semester. I valterminen kan ein velje å reise til utlandet på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, studere andre fag eller ta ein studiepause.
I den andre delen av medisinstudiet blir du undervist i både teoretiske emne og i praktisk legearbeid parallelt. I tillegg til Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen blir delar av den kliniske undervisninga gitt på sjukehusa i Førde, Haugesund og Stavanger og på tilhøyrande distriktspsykiatriske senter (DPS). I det siste studieåret blir du utplassert hos allmennpraktiserande legar i fire veker. Før slutten på det femte studieåret skal du skrive ei særoppgåve.
Utveksling
Studieopphald i utlandet kan vere nyttig for kommande legar. Det medisinsk-odontologiske fakultet samarbeider med mange ulike lærestader om studentutveksling. Dette skjer i hovudsak innanfor faste nettverk som Nordplus og Erasmus.
Yrkesvegar
Når du er ferdig med studiet, blir du autorisert som lege. For å kunne spesialisere deg må du ha gjennomført gjeldande turnusordning. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse. Du kan òg halde fram innan forsking og bidra til å betre livskvaliteten og helsa til store grupper i samfunnet i framtida.
Graden
Profesjonsstudiet i medisin fører fram til graden cand.med. Studiet tek 6-6½ år.
Mål og innhald
Profesjonsstudiet i medisin fører fram til graden cand.med. Studiet tek 6-6 1/2 år.
Føremålet med medisinstudiet er å gi deg det teoretiske, praktiske og åtferdsmessige grunnlaget som er nødvendig for legeyrket. Gjennom studiet utviklar du forståing for dei biologiske, psykiske, miljømessige og sosiale faktorane som ligg til grunn for den menneskelege helsa. Du får også innsikt i helseøkonomi og organisering av helsevesenet. Medisinstudiet gir i tillegg grunnlag for vidareutdanning og forskarutdanning.
Medisinstudiet inneheld mykje klinisk teneste som omfattar eit vidt pasientgrunnlag, frå primærhelseteneste i norske kommunar til sentraliserte spesialavdelingar ved sjukehus, og frå akuttmedisin til omsorg for kronisk sjuke pasientar.
Forskarlinja er eit spesialtilbod for ei gruppe medisinstudentar (inntil 10 %) som har interesse for medisinsk forsking og som kan tenkje seg ei forskarkarriere i framtida. Studentane på forskarlinja følgjer det ordinære medisinstudiet. Spesialtilbodet er at desse studentane i tillegg får ei organisert forskaropplæring og driv eiga forsking med skriving av forskingsoppgåve som kan vere starten på ei doktoravhandling. Studentar som vel forskarlinja får eit medisinstudium på 7 år.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap
Etter fullført studium skal kandidatane kunne:
- Greie ut om dei ulike biologiske, psykiske, miljømessige, sosiale og kulturelle faktorane som ligg til grunn for mennesket si helse, for utvikling av sjukdom og skade, og for samspelet mellom desse faktorane også i behandling og førebygging.
- Greie ut om korleis helsevesenet er organisert og om samspelet mellom dei ulike medisinske fagdisiplinar, offentlege og private helsetilbod i behandlinga av pasientane.
Praktiske evner/Ferdigheiter
Etter fullført studium skal kandidatane kunne:
- Bruke vitskapleg baserte og formålstenlege metodar for diagnostikk, behandling og førebygging av sjukdom innan det medisinske fagområdet med tanke på å hjelpe liding, sjukdom eller skade hos pasienten.
- Samspele med pasienten i diagnostikk, planlegging og gjennomføring av behandling og førebygging.
- Gjennomføre rasjonelle og effektive arbeidsrutinar.
- Kritisk vurdere det vitskapelege grunnlaget for fagleg kunnskap og faglege avgjerder.
- Bruke samfunnets ressursar til helsevesenet på ein mest mogleg rettferdig måte, inklusive prioriteringar på individnivå.
- Tolke og kommunisere dei avgrensingane som ligg i metodar som legevitskapen nyttar seg av, og forholdet mellom det teknisk og samfunnsmessig moglege og det menneskeleg ønskelege.
Generell kompetanse
Etter fullført studium skal kandidatane kunne:
- Skape kontakt, trygghet og tillit i lege-pasient-forholdet.
- Reflektere over etiske problemstillingar, og kunne møte menneske som treng deira råd og tenester på ein ansvarleg og respektfull måte.
- Skape god samhandling og gode samarbeidsrelasjonar til andre kollegaer og medarbeidarar i helsevesenet
- Utøve ein vitskapleg tenkjemåte, og vise ei kritisk tilnærming til forskingsresultat.
- Vise evne til refleksjon over eigen åtferd og eiga læring, og ta ansvar for eiga vidare- og etterutdanning gjennom yrkeslivet
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 eller Matematikk S1+S2 + Fysikk 1 + Kjemi 1+2
Yrkesvegar
Når du er ferdig med studiet, blir du autorisert som lege. For å kunne spesialisere deg må du ha gjennomført gjeldande turnusordning. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse. Du kan òg halde fram innan forsking og bidra til å betre livskvaliteten og helsa til store grupper i samfunnet i framtida.
Adminstrativ ansvarleg
Det medisinsk-odontologiske fakultet.
Delstudium i utlandet
Studieopphald i utlandet kan vere nyttig for kommande legar. Det medisinsk-odontologiske fakultet samarbeider med mange ulike lærestader om studentutveksling. Dette skjer i hovudsak innanfor faste nettverk som Nordplus og Erasmus.
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studentrettleiar:
info@mofa.uib.no
55 58 64 00
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til UiB og til profesjonsstudiet i medisin.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 eller Matematikk S1+S2 + Fysikk 1 + Kjemi 1+2
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær kvote: 65,7
Førstegongsvitnemålskvote: 56,8
Antall studieplasser
160 studieplassar
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap
Etter fullført studium skal kandidatane kunne:
- Greie ut om dei ulike biologiske, psykiske, miljømessige, sosiale og kulturelle faktorane som ligg til grunn for mennesket si helse, for utvikling av sjukdom og skade, og for samspelet mellom desse faktorane også i behandling og førebygging.
- Greie ut om korleis helsevesenet er organisert og om samspelet mellom dei ulike medisinske fagdisiplinar, offentlege og private helsetilbod i behandlinga av pasientane.
Praktiske evner/Ferdigheiter
Etter fullført studium skal kandidatane kunne:
- Bruke vitskapleg baserte og formålstenlege metodar for diagnostikk, behandling og førebygging av sjukdom innan det medisinske fagområdet med tanke på å hjelpe liding, sjukdom eller skade hos pasienten.
- Samspele med pasienten i diagnostikk, planlegging og gjennomføring av behandling og førebygging.
- Gjennomføre rasjonelle og effektive arbeidsrutinar.
- Kritisk vurdere det vitskapelege grunnlaget for fagleg kunnskap og faglege avgjerder.
- Bruke samfunnets ressursar til helsevesenet på ein mest mogleg rettferdig måte, inklusive prioriteringar på individnivå.
- Tolke og kommunisere dei avgrensingane som ligg i metodar som legevitskapen nyttar seg av, og forholdet mellom det teknisk og samfunnsmessig moglege og det menneskeleg ønskelege.
Generell kompetanse
Etter fullført studium skal kandidatane kunne:
- Skape kontakt, trygghet og tillit i lege-pasient-forholdet.
- Reflektere over etiske problemstillingar, og kunne møte menneske som treng deira råd og tenester på ein ansvarleg og respektfull måte.
- Skape god samhandling og gode samarbeidsrelasjonar til andre kollegaer og medarbeidarar i helsevesenet
- Utøve ein vitskapleg tenkjemåte, og vise ei kritisk tilnærming til forskingsresultat.
- Vise evne til refleksjon over eigen åtferd og eiga læring, og ta ansvar for eiga vidare- og etterutdanning gjennom yrkeslivet
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, første studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| MED1MANA | Muskel- og skjelettsystemet | 5 | 2 | |||||||||
| BIOBAS | Biomedisinsk basalblokk | 30 | 1-2 | 1 | ||||||||
| PASKON1 | Pasientkontakt | 0 | 1-2 | 1 | ||||||||
| NOM | Medisinsk nomenklaturlære | 5 | 1 | |||||||||
| MEDSTA | Medisinsk statistikk | 5 | 2 | |||||||||
| MED1ETIKK | Etikk og klinikk | 5 | 1-2 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MOSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1 | |||||||||
| EXPHIL-MOEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, andre studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MED1NEVRO | Nevrobiologi | 20 | 3 | |||||||||
| MED1ANA | Organanatomi | 15 | 3-4 | 3 | ||||||||
| MED1ORGFYS | Fysiologi | 20 | 4 | |||||||||
| MED1BIOMED | Biomedisinske tema | 5 | 4 | |||||||||
| Valg mellom A og B kull | ||||||||||||
| Medisinstudiets 2. avdeling (Klinikk) A-kull | ||||||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 3. studieår A-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDGRUNN | Grunnkurs klinikk | 4 | 5 | |||||||||
| MEDIND1 | Indremedisin blokk 1 | 7 | 5 | |||||||||
| MEDKIR1 | Kirurgi blokk 1 | 7 | 5 | |||||||||
| MEDALM-INTRO | Allmennmedisin introduksjon | 2 | 5 | |||||||||
| MEDKIR2 | Kirurgi blokk 2 | 9 | 5-6 | 5 | ||||||||
| MEDMBK | Medisinsk biokjemi | 5 | 6 | |||||||||
| MEDMBI | Medisinsk mikrobiologi og immunologi | 5 | 6 | |||||||||
| MEDIND2 | Indremedisin blokk 2 | 9 | 6 | |||||||||
| MEDEPI | Epidemiologi | 2 | 6 | |||||||||
| MEDPAT1 | Patologi del 1 | 3 | 6 | |||||||||
| MEDPAT-A | Patologi, A-kull | 10 | 6 | |||||||||
| MEDFAR-A | Farmakologi, A-kull | 7 | 6 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 4. studieår A-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDØYE | Augesjukdomar | 7 | 7 | |||||||||
| MEDØNH | Øyre-nase-halssjukdomar | 7 | 7 | |||||||||
| MEDNEV | Nevrologi | 7 | 7 | |||||||||
| MEDHUD | Hud- og veneriske sjukdomar | 6 | 7 | |||||||||
| MEDGEN | Medisinsk genetikk | 5 | 8 | |||||||||
| MEDREV | Revmatologi-A-kull | 2 | 8 | |||||||||
| MEDONK | Onkologi-A-kull | 2 | 8 | |||||||||
| FYSMED-REHAB | Fysikalsk medisin | 2 | 8 | |||||||||
| MEDGER | Geriatri A-kull | 2 | 8 | |||||||||
| MEDIND3 | Indremedisin blokk 3 | 7 | 8 | |||||||||
| MEDKIR3 | Kirurgi blokk 3 | 7 | 8 | |||||||||
| MEDPAT1 | Patologi del 1 | 3 | 8 | |||||||||
| MEDPAT-A | Patologi, A-kull | 10 | 8 | |||||||||
| MEDFAR-A | Farmakologi, A-kull | 7 | 8 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 5. studieår A-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDPSY | Psykiatri | 13 | 9 | |||||||||
| MEDTRYGD | Trygdemedisin/ reseptlære | 0 | 10 | |||||||||
| MEDKLS | Klinisk statistikk, etikk og vitskapsteori | 2 | 10 | |||||||||
| MEDPED | Pediatri | 14 | 10 | |||||||||
| MEDFØD | Gynekologi og obstetrikk | 14 | 10 | |||||||||
| MED2SÆR | Særoppgåve | 10 | 10 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 6. studieår A-kull (krav: 63 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDALM | Allmennmedisin | 12 | 11 | |||||||||
| MEDRET-A | Rettsmedisin | 3 | 11-12 | 11 | ||||||||
| MEDKIR4 | Kirurgi blokk 4 | 12 | 12 | |||||||||
| MEDRAD | Radiologi | 8 | 12 | |||||||||
| MEDIND4-A | Indremedisin blokk 4 | 12 | 11 | |||||||||
| MEDSAM | Samfunnsmedisin | 14 | 11 | |||||||||
| MEDINTH | Kurs i internasjonal helse | 2 | 11 | |||||||||
| Medisinstudiets 2. avdeling (Klinikk) B-kull | ||||||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 3. studieår B-kull | ||||||||||||
| Valgtermin | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling (valtermin) | - | - | ||||||||||
| Vel blant andre emne ved UiB | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GLOBALHEALTH | Global Health | 30 | 5 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 3. studieår B-kull - Vårtermin | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDGRUNN | Grunnkurs klinikk | 4 | 6 | |||||||||
| MEDKIR1 | Kirurgi blokk 1 | 7 | 6 | |||||||||
| MEDIND1 | Indremedisin blokk 1 | 7 | 6 | |||||||||
| MEDALM-INTRO | Allmennmedisin introduksjon | 2 | 6 | |||||||||
| MEDKIR2 | Kirurgi blokk 2 | 9 | 6 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 4. studieår B-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDMBK | Medisinsk biokjemi | 5 | 7 | |||||||||
| MEDMBI | Medisinsk mikrobiologi og immunologi | 5 | 7 | |||||||||
| MEDEPI | Epidemiologi | 2 | 7 | |||||||||
| MEDØYE | Augesjukdomar | 7 | 8 | |||||||||
| MEDØNH | Øyre-nase-halssjukdomar | 7 | 8 | |||||||||
| MEDNEV | Nevrologi | 7 | 8 | |||||||||
| MEDHUD | Hud- og veneriske sjukdomar | 6 | 8 | |||||||||
| MEDGER-B | Geriatri B-kull | 2 | 8 | |||||||||
| MEDREV-B | Revmatologi-B-kull | 2 | 8 | |||||||||
| MEDPAT1 | Patologi del 1 | 3 | 7 | |||||||||
| MEDIND2 | Indremedisin blokk 2 | 9 | 7 | |||||||||
| MEDPAT-B | Patologi, B-kull | 10 | 7 | |||||||||
| MEDFAR-B | Farmakologi, B-kull | 7 | 7 | |||||||||
| MEDONK-B | Onkologi-B-kull | 2 | 8 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 5. studieår B-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FYSMED-REHAB | Fysikalsk medisin | 2 | 9 | |||||||||
| MEDGEN | Medisinsk genetikk | 5 | 9 | |||||||||
| MEDKIR3 | Kirurgi blokk 3 | 7 | 9 | |||||||||
| MEDIND3 | Indremedisin blokk 3 | 7 | 9 | |||||||||
| MED2SÆR | Særoppgåve | 10 | 11 | |||||||||
| MEDPSY | Psykiatri | 13 | 10 | |||||||||
| MEDTRYGD-B | Trygdemedisin/ reseptlære | 0 | 10 | |||||||||
| MEDKLS-B | Klinisk statistikk, etikk og vitskapsteori | 2 | 10 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 6. studieår B-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDALM | Allmennmedisin | 12 | 12 | |||||||||
| MEDINTH | Kurs i internasjonal helse | 2 | 12 | |||||||||
| MEDRET-B | Rettsmedisin | - | 12-13 | 12 | ||||||||
| MEDPED | Pediatri | 14 | 10-11 | 11 | ||||||||
| MEDFØD | Gynekologi og obstetrikk | 14 | 10-11 | 11 | ||||||||
| MEDIND4-B | Indremedisin blokk 4 | 12 | 12 | |||||||||
| MEDSAM | Samfunnsmedisin | 14 | 12 | |||||||||
| Profesjonsstudiet i medisin, 7. studieår B-kull | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEDKIR4 | Kirurgi blokk 4 | 12 | 13 | |||||||||
| MEDRAD | Radiologi | 8 | 13 | |||||||||