Kulturell Uorden vert fjernsynsserie

Ei fjernsynsserie basert på forskingsprogrammet Kulturell Uorden er under konkret planleggjing. Serien vil truleg få tildelt beste sendetid på NRK 1. Manuset, som er under bearbeiding av professor Jostein Gripsrud, skal etter planen vera ferdig i løpet av våren 2000, og opptaka vil truleg starta  nokre månader seinare. 

Gripsrud er initiativtakar både til forskingsprogrammet og fjernsynsserien. Han vil òg vera sentral som deltakar i programmet, der han skal ha ein programleiarfunksjon.
-– Fjernsynet er jo spesielt godt egna for ei personleg formidling av stoffet. Ettersom eg har lang trening i å undervisa og å snakka til folk, vil eg nok kunne bidra positivt i den samanhengen, seier Gripsrud. Han trur dessutan at fjernsynet i større grad enn tidlegare ønskjer å nytta vitskapsfolk framføre profesjonelle programleiarar i denne typeseriar.
– Eg  trur òg at sjølve temaet Kulturell Uorden vil ha mykje igjen for å verta framstilt
på ein estetisk måte, altså gjennom bilete på fjernsynet, legg professoren til.

Eit krevjande prosjekt
Heilt frå begynninga, då det vart søkt om økonomiske middel frå Forskingsrådet, har det vore meininga at det skulle utarbeidast ei fjernsynsserie i tilknytning til Kulturell Uorden-prosjektet.Gripsrud meiner det er eit utfordrande arbeid han har teke fatt i.

– Det er svært vanskeleg å uttrykkja seg kort og konsist om eit så stort prosjekt. Som forskar er eg jo vand til å skriva mykje meir omfattande, og for eit smalare publikum. I desse programma vil målet vera å nå ut til flest mogeleg, ikkje berre til sjåarar med universitetsbakgrunn. Dette innebærer eit sterkt behov for forenkling og tilspissing av stoffet for å gjera det meir tilgjengeleg, seier han. Gripsrud ser likevel for seg at størsteparten av dei som kjem til å følgja programma vil vera generelt kulturinteresserte menneske.

Tre program
Den nye serien vil omfatta tre program på ca 50 minutt. Kvart av dei vil ta føre seg dei tre hovudproblemstillingane i forskingsprogrammet; Forholdet mellom kunst og populærkultur, mellom vestleg og ikkje-vestleg kultur og forholdet mellom estetiske fenomen og forståingsmåter på ikkje-estetiske område. Gripsrud meiner at problematikken som er knytt til Kulturell Uorden-prosjektet er noko som angår mange.
– Både når det gjeld utforming av livsstil, reklame og generelle politiske og samfunnsmessige prosessar vil forskingsprogrammet kunne medverka til nye innfallsvinklar. Særleg i høve til globaliserings-problematikken vil dette vera aktuelt, understrekar den kommande programleiaren.

NRK produserer
Etter den foreløpige planen skal programma verta sendt våren år 2000. Det er NRK Hordaland som vil stå for produksjonen, og serien vil verta den tredje i rekkja av vitskapsprogram produsert av denne kanalen i løpet av dei siste åra. Redaksjonssjef i fjernsynsavdelinga, Kjell Jarle Høyheim, seier at dette er ei medviten satsing.
– Eg er overtydd om at det er svært mykje godt stoff i universitetsmiljøa, og vi er absolutt interessert i samarbeid for å laga gode program.Jostein Gripsrud sin idé er spennande, og når vi til tross for at prosjektet er både dyrt og arbeidskrevjande, vel å gå inn for det, er det fordi at vi trur at det vil  fanga mange sjåarar. Dette er òg årsaka til at vi vurderer å gje programmet ei svært god sendetid.
 
 

Artikkelen er hentet fra AGENDA nr. 1 2000, nyhetsblad fra Institutt for medievitenskap, UiB

Kulturell uorden

Kulturell uorden skal, gjennom en rekke enkeltstudier, kaste lys over de utfordringene våre begreper om kunst og estetikk står overfor i vår tid. Det vil særlig bli sagt vekt på konsekvenser av 1) økende overlapping mellom kunst og populærkultur, 2) økende utbredelse av estetiske fenomener og forståelser på tradisjonelt ikke-estetiske områder og 3) økende nærvær av    ikke-europeiske kulturuttrykk og økt utveksling mellom det europeiske og det ikke-europeiske. 

Prosjektleder: Jostein Gripsrud 
Tlf 55 58 91 17
e-post: jostein.gripsrud@media.uib.no