Det ustabile ungdomsspråket 

– Ungdommane i Høyanger ser i dag ut til å gå tilbake til fleire lokale språkformer, der det tidlegare var vanleg med austlandsprega former, seier stipendiat Randi Solheim ved NTNU i Trondheim.
Solheim har berre så vidt kome i gong med eit doktorgradssprosjekt som skal kartleggje språkvariasjonar og talemålsutvikling blant ungdom i Høyanger. Etter at det i 1915 vart etablert eit aluminiumsverk på staden, utvikla Høyanger seg raskt frå å vere ei lita jordbruksbygd til å bli ein moderne industristad. Av den smeltedigelen som oppstod, voks det ikkje berre fram ein ny kultur, men også eit språk som skil seg vesentleg frå talemålet i dei nærliggjande områda. 
– Eg trur det vil vere mogleg å tolke den spesielle talemålsutviklinga i Høyanger som eit uttrykk for kollektive endringar i folk si identitetsoppleving, som igjen har gått parallelt med utviklinga av lokalsamfunnet, seier Solheim. 
– Eg vil undersøke kva som pregar identiteten til ulike grupper av høyangerungdom i dag, og kva plass og funksjon det moderne industrisamfunnet har i sjølvbiletet deira. Dette kan igjen gi utslag i talemålet deira, til dømes gjennom ulike språklege strategiar. 
Solheim vil ta utgangspunkt i heile klassar ved ein vidaregåande skule i arbeidet. Gjennom referansar til foreldre og besteforeldregenerasjonen vil ho også seie noko om dialektutviklinga. Tidlegare har ei mindre gransking av høyangermålet blitt brukt for å illustrere ein teori om korleis ein ny dialekt blir skapt gjennom tre generasjonar: Ein lokal dialekt blir først utsett for påverknad utanfrå. Dette fører til ein periode med språkleg kaos, som til slutt stabiliserer seg i ein ny dialekt. 
– Det interessante med ungdommane i granskinga mi, er at dei representerer den fjerde generasjonen i ein slik modell. Mi oppgåve blir å undersøke kva som skjer med språket i denne fasen, seier Solheim. 
Sjølv om Solheim ser ein viss regressiv tendens i høyangermålet i dag, understreker ho at ungdomsspråket i seg sjølv ikkje er stabilt. 
– Ungdom kjem i ein mellomposisjon fordi dei eksperimenterer så pass mykje med eigen identitet og med språket sitt. Dei er derfor ikkje pålitelege kilder for korleis talemålet er og vil bli. Ungdomsspråket kan likevel seie noko om korleis utviklinga skjer. I tillegg til at dette, som i sosiolingvistikken blir kalla age-grading, er eit svært interessant fenomen i seg sjølv, seier Randi Solheim.