Gå til innhold
English A A A
Kurs GEO640

Planlegging og samfunn

Fagansvarlig

Søknadsfrist 1.9.2012
Studiepoeng 10
Påmelding Søk på dette kurset

Beskrivelse

Emnet gir ei oversikt over nyare planleggingsteoriar. Gjennom teoriane og døme frå samfunnsplanlegginga på ulike nivå og frå ulike sektorar får studentane innsikt i kva samfunnsplanlegging er, kva prosessar som gjer seg gjeldande, og resultat av samfunnsplanlegging. Emnet fokuserer på å forstå samanhengen mellom ulike globale prosessar og lokale, regionale og nasjonale grep innanfor samfunnsplanlegging på ein heilskapeleg måte.

Målgruppe

Kurset rettar seg til personar som arbeider med eller ønsker å arbeide med samfunnsplannlegging i eit lokalt/regional, nasjonalt og/eller globalt perspektiv.

Mål og innhold

Studentane skal trenast i å forstå samfunnsplanlegging i lys av globalisering og kompleksitet forårsaka av samspelet mellom lokale og globale prosessar.

Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare planleggingsteori. Det vert lagt særleg vekt på å få fram kva respons lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte den global flyten av idear, kapital og menneske med. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar, så vel som korleis teoretiske prinsipp om medverknad verkar og blir praktisert på ulike geografiske nivå. Det blir lagt særleg vekt på å forstå korleis nye former for planlegging, slik som "governance", entreprenørpolitikk, nabolagsstrategiar, stadsutviking, nyregionalisme og "new urbanism" samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, økonomiske, sosiale og materielle tilhøve. Byplanlegging, samferdsle, næringsplanlegging, planleggingsstrategiar for regional utvikling og stadsutvikling vil bli nærare drøfta og modellar blir sett ut i livet. I undervisninga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å diskutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innanfor planlegging, i lys av kontekstuelle føresetnader, og studere korleis dette blir iverksett.

Etter fullført og bestått kurs skal studenten såleis sitje igjen med ei oversikt over nyare planleggingsteoriar.Gjennom desse teoriane og døme frå samfunnsplanlegging på ulike nivå og frå ulike sektorar skal studenten ha tileigna seg innsikt i kva samfunnsplanlegging er, kva prosessar som gjer seg gjeldande, og også forstå og forklare resultat av samfunnsplanlegging. Studenten skal vidare ha opparbeidd evne til å forstå samanhengen mellom ulike globale prosessar og lokale, regionale og nasjonale grep innafor samfunnsplanlegging på ein heilskapleg måte.

Undervisning

Undervisninga omfattar forelesingar, ekskursjonar og seminar.

Vurdering / eksamen

Skuleeksamen, 5 timar

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkarar over 25 år som søker opptak til vidareutdanning, blir tatt opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ikke må dokumenterast. Søkarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse (GSK).

Anbefalte forkunnskaper

Grunnleggande kunnskap i geografi og samfunnsvitskap, og basiskjennskap til samfunnsplanlegging.

Kontakt

Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU)

Postboks 7800

5020 BERGEN

tlf 55 58 20 40

eller

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Dette er ei formell, fagleg omtale av emnet. Denne gjeld for vårsemesteret 2012 og kan bli endra i komande semester.

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Etter- og videreutdanning

Mål og innhald

Studentane skal trenast i å forstå samfunnsplanlegging i lys av globalisering og kompleksitet forårsaka av samspelet mellom lokale og globale prosessar.

Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare planleggingsteori. Det vert lagt særleg vekt på å få fram kva respons lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte den global flyten av idear, kapital og menneske med. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar, så vel som korleis teoretiske prinsipp om medverknad verkar og blir praktisert på ulike geografiske nivå. Det blir lagt særleg vekt på å forstå korleis nye former for planlegging, slik som "governance", entreprenørpolitikk, nabolagsstrategiear, stadsutviking, nyregionalisme og "new urbanism" samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. Byplanlegging, samferdsel, næringsplanlegging, planleggingsstrategiar for regional utvikling og stadsutvikling vil blinærare drøfta og modellar blir sett ut i livet. I undervisinga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å dikutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innan planlegging i lys av kontekstuelle føresetnader, og studere korleis dette blir iverksatt.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal sitje igjen med ei oversikt over nyare planleggingsteoriar. Gjennom teoriane og døme frå samfunnsplanlegginga på ulike nivå og frå ulike sektorar skal studenten ha tilegna seg innsikt i kva samfunnsplanlegging er, kva prosessar som gjer seg gjeldande, samt forstå og forklare resultat av samfunnsplanlegging. Studenten skal ha opparbeidd evne til å forstå samanhengen mellom ulike globale prosessar og lokale, regionale og nasjonale grep innanfor samfunnsplanlegging på ein heilskapeleg måte.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggande kunnskap i geografi og samfunnsvitskap og basiskjennskap til samfunnsplanlegging.

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon med GEO328

Undervisning og omfang

Forelesingar, seminar og feltstudiar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 5 timar