Hjem
Click

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Bergenskonferansen

Nynorsk for alle på Vestlandet?

Bergenskonferansen 2017 har norsk språk og nynorsken si rolle som tema, og blir skipa til i samarbeid mellom UiB, Bergen Mållag og Hordaland Mållag.

bergenskonferansen.jpg

Bryggen i Bergen

Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda overtok i 2016 Språksamlingane frå Universitetet i Oslo. Meininga er at materialet skal digitaliserast slik at det blir tilgjengeleg for språkforskarar såvel som for folk flest i inn- og utland. Eitt av spørsmåla som vert teke opp på konferansen er om Språksamlingane kan gje ny giv for forskinga på norsk språk.

Andre tema som vil bli teke opp: 

  • Korleis kan nynorsken styrkjast som kommunespråk og regionalspråk på Vestlandet? 
  • Stolte av eige språk: Nynorsk språksatsing på ungdomsskuletrinnet i Fjell kommune 
  • Språk og identitet med særleg vekt på nynorsk i integreringsarbeidet 

Seminaret er ope for alle interesserte.

Påmeldingsfristen er 17. mars. Ein kan melde seg på heile eller deler av konferansen. Meir informasjon i påmeldingsskjemaet.

PROGRAM

Laurdag 25. mars

Språk i styring og opplæring

11.00
Registrering og lunsj
12.45
Vel møtt ved UiB-rektor Dag Rune Olsen

12.55
Opning ved leiar i Noregs mållag Magne Aasbrenn

13.05
Helsingstale ved HVL-rektor Berit Rokne

13.20
Kan Språksamlingane gi ny giv for språkforskinga?

Innlegg av Rune Kyrkjebø, fyrstebibliotektar ved Universitetsbiblioteket

Samtale om forsking på norsk språk med utgangspunkt i Språksamlingane.

Ordstyrar: Helge Sandøy

14.55
Beinstrekk med kaffi og frukt

15.05
Korleis kan nynorsken styrkjast som kommunespråk og regionalspråk på Vestlandet?

Ordstyrar: Nils Mæhle    

  • Eli Bjørhusdal, fyrsteamanuensis ved HVL
  • Wilhelm Anglevik, skulesjef i Fjell kommune
  • Anna Elisa Tryti, byråd for byutvikling i Bergen kommune
  • Børge Haugetun, ordførar i Øygarden kommune
16.25
Beinstrekk med kaffi
16.30
Kulturelt innslag: Vestavill
17.00
Innlegg om Fjellprosjektet

Stolt av eige språk: Nynorsk språksatsing på ungdomsskuletrinnet i Fjell kommune
  • Jorid Saure, lærar ved Fjell ungdomsskule
  • Endre Brunstad, professor ved UiB
18.00
Avslutning dag 1
19.30
Festmiddag og sosialt samvær

Søndag 26. mars

Vegar til integrering

09.30
Språk og identitet med særleg vekt på nynorsk i integreringsarbeidet

Språk, identifikasjon og integrering – ei ugrei kopling?

Norsk for vaksne  innvandrarar = bokmål?

  • Hilde Osdal, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda
10.45
Beinstrekk med kaffi og frukt

11.00
Bør innvandrarar få nynorskopplæring?

Ordstyrar: Else Berit Molde

  • Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune
  • Marit Aakre Tennø, varaordførar i Luster kommune og tidlegare leiar i Noregs Mållag
12.15
Avslutning
12.30
Lunsj og avreise