Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ny bok

Språkmøte i barnehagen

Førsteamanuensis  Ann-Kristin Helland Gujord er har redigert boka saman med førsteamanuensis Magnhild Selås frå Høgskulen på Vestlandet.

sprakmote.jpg

Faksimile av bokomslaget (utsnitt)

I barnehagane går det barn med ulike språk og dialektar. Nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling, og forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira.

Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir drøfta, og boka er rikt eksemplifiserte med reelle døme. Målet er at den skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå og handtere mangfaldet i den moderne barnehagen, slik at dei har eit godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn.

Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga. Men boka vil vere eigna for alle som arbeider i barnehagen, og ho vil òg vere nyttig for grunnskolelærarstudentar.

Boka er utgjeven på Fagforlaget.