Nyhet
23.08.2010

Suksess for HF sitt praksisemne

Intensivt kurs, skriveøvingar og obligatoriske øvingar ber frukt. Studentane ved Praktisk informasjonsarbeid står sterkare i arbeidsmarknaden etter praksisperioden.

- Nøkkelen til suksess er at vi fokuserer på undervising som er relevant og matnyttig for studentane i praksis og i arbeidslivet seinare, fortel fagansvarleg Ivar Utne, amanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).

Praksisperiode

I ein periode som strekk seg over fem veker, får studentane prøvd seg ut i arbeidslivet hjå informasjonsavdelingar i ulike bedrifter og organisasjonar. Her skriv dei pressemeldingar og nyhendesaker, har mediekontakt og er involverte i utviklinga av kommunikasjonsstrategiar. Dette er ei ordning som både studentar og praksisstadane er tente med. Studentane får nyttig erfaring og får øvd på det dei har lært i undervisinga, medan praksisstadene får eit friskt blikk og ei ekstra hand til arbeidet.

For Janne Hjelle, som tok Praktisk informasjonsarbeid i vårsemesteret, var praksisen ein fulltreffar:

- Min praksisstad var midt i blinken i høve mine interesser. Eg har lært å tenkje langsiktig informasjon og å gjere vurderingar på eigahand. Alt under trygg rettleiing på praksisstaden.

Janne, som hadde praksis på Den nye opera i Bergen, jobba mykje med å utarbeide innhaldet i sesongprogrammet der. Ho var ein av 13 studentar som i vårsemesteret vart sendt ut i praksis etter å ha følgd undervisinga på Praktisk informasjonsarbeid.

- For min del innfridde faget meir enn det eg forventa det skulle, og eg arbeidde omtrent dobbelt så mykje på praksisstaden som eg trengte.

 

Nøgde studentar

Praktisk informasjonsarbeid har mellom anna som mål å gje studentane ei reell erfaring med arbeidslivet, og å gje dei eit fortrinn i arbeidsmarknaden etter avslutta utdanning ved HF og SV. Fleire studentar har nytta høvet til å skape gode kontaktar i løpet av studiet.

- Eg har fått maks utteljing for emnet, kan ikkje seie noko anna. Eg har fått øving i informasjonsarbeid og praksis, og eg har til og med fått sommarjobb som resultat av emnet, fortel John-Aksel Haukanes som òg tok Praktisk informasjonarbeid i vårsemesteret og som fekk sommarjobb i informasjonavdelinga til TV2 etter å ha hatt praksis hjå Raude Kross Hordaland. Sommarjobben i TV2 vart utlyst eksklusivt til studentar på Praktisk informasjonsarbeid.

Praksisen er det avgjerande for mange studentar som vel å ta Praktisk informasjonsarbeid, både for at dei vel faget, og for deira vurdering av faget i etterhand.

- Eit bra emne for dei som vil liggje ein hundesnute framfor dei andre studentane etter utdanninga. Fint å ha litt praksis og ein god attest å slå i bordet med, forutan attesten din frå Rema 1000 eller Posten, seier John-Aksel.

Populært og matnyttig fag

Praktisk informasjonsarbeid er eit 15 studiepoengsemne, som kan verte tatt som frie studiepoeng, og som inngår som obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Språk og informasjonstudiar. Emnet vektlegg praktisk skriveøving, og vert undervist av profesjonelle henta inn frå bransjen, og pleier sterke band til nærings- og kulturliv i Bergensområdet. Emnet har ei veksande mengde avtaler med praksisplassar. Praksisstadene kan fortelje at dei er veldig nøgde med studentane dei får.

Emnet er populært blant studentar, og det er fleire søkjarar kvart semester. Dei tilgjengelege plassane må difor verte fordelt basert på karakterar og kvar i studielaupet studentane finn seg. Eit absolutt minstekrav er at studentane har avlagt 120 studiepoeng.

- Vårt gode ry blant studentane er ei av våre sterke sider. Nøgde studentar garanterer jamn rekruttering til emnet, fortel Ivar Utne, som no legg siste hand på undervisingsplanen for haustsemesteret.

Les meir om faget, praksisperioden og opptaket her.