Nyhet
29.03.2012

Kvifor språk?

Spanande språkdagar då ungdomsskuleelevar besøkte universitetet for å få vite kva ein kan bli med språkutdanning.

19-IMG_1855_1000.jpg

Foto: 
Alf Edgar Andresen

Kva kan du bli om du satsar på språkutdanning på UiB? Det var spørsmålet nærare 90 skuleelevar frå 9. trinn i Bergensområdet kom for å få svar på under språkdagane som Institutt for framandspråk og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium arrangerte for tredje gong i mars.

Språkinteresserte elevar frå fleire bydelar i Bergen kom til universitetet og språkdagane for å lære meir om kva yrkesmogelegheiter ein har med ei utdanning innanfor språk. Språkdagane vart arrangert i samarbeid med prosjektet «Ka vil du bli?» i Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Målet er at elevane skal ta meir kvalifiserte utdanningsval i den vidaregåande skulen.

Språkdagane starta med ein introduksjon om universitetet og språkfaga. Elevane fekk høyre kvifor kunnskapar i norsk og framandspråk er relevante i arbeidslivet. Masterstudent i arabisk, Lars Sindre Ånneland, fortalte kvifor han har vald å studere arabisk og kva han tenkjer om framtida si. Elevane fekk òg høyre korleis studiekonsulent Guro Sandnes har brukt sine språkkunnskapar i arbeidslivet etter at ho var ferdig med mastergraden i tysk. Siren Sundland, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Vest og styreleiar i DNS, fortalte korleis ho hadde vore opptatt av å velje ei utdanning som kunne opne dører i yrkeslivet, framfor ei meir snever yrkesutdanning. Sundland har sjølv fransk i tillegg til hovudfag i nordisk frå UiB. 

Etter introduksjonen vart elevane delt i grupper og kasta seg inn i det varierte og meir praktisk retta programmet. Gjennom aktiv deltaking fekk elevane prøve seg mellom anna som norsklærarar for framandspråklege studentar og som omsetjarar. Dei fekk prøve språkkunnskapane sine i framandspråk-quizen og dei nordiske språknøttene. Det vanka heider og ære, og ikkje minst bokstavkjeks til gruppa som klarte seg best i språknøttene. Hos klassiske fag fekk elevane demonstrert korleis dei kan tolke og lage nye framandord ved hjelp av greske og latinske ordstammar, og Mikuri Seki, lærar på japansk, viste korleis ein tyder japanske skriftteikn. Elevane fekk òg ein smakebit på korleis ein kan forske på og studere litteratur.

Engasjementet var stort hos elevane og tilbakemeldingane frå lærarar og elevar gode under oppsummeringa. Etter fem intensive språktimar kunne elevane gå heim med mange svar på kva ein kan bli dersom ein satsar på språk. No håper vi å sjå elevane igjen som språkstudentar på universitetet om nokre år.