Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

ISLEX - ei moderne islandsk-norsk ordbok

ISLEX er ei gratis nettordbok frå moderne islandsk til dansk, norsk (bokmål og nynorsk) og svensk.

Hovedinnhold

ISLEX er eit samarbeidsprosjekt mellom fem nordiske institusjonar om å utarbeide ei digital ordbok med islandsk som kjeldespråk og svensk, dansk, norsk og færøysk som målspråk. Dette er Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar (SÁ) i Reykjavik, Institutionen för svenska språket ved Göteborgs universitet, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitet i Bergen, Det Danske Sprog- og Litteraturselskab i København og Fróðskaparsetur Føroya i Torshavn. Den islandske redaksjonen har ansvar for kjeldespråket og for utforming og utvikling av databasen til ISLEX, og dei skandinaviske redaksjonane har ansvaret for kvart sitt målspråk.
 

ISLEX blei offisielt opna på Island i november 2011. Den norske delen er framleis under arbeid, men blir ferdig til utgangen av 2012. Den færøyske redaksjonen starta arbeidet først i 2011, men dei tek sikte på å opne versjon 1 av sin del av ordboka ved utgangen av 2012. Det har blitt innleidd eit samarbeid med Universitetet i Helsingfors med siktemål å også få finsk inn på målspråksida.
 

Om ordboka

  • ISLEX-ordboka er nettbasert og gratis for brukarane.
  • Ordboka har rundt 50 000 oppslagsord.
  • ISLEX skal vere ei samtidsordbok, det vil seie at ordtilfanget i hovudsak er henta frå kjelder frå dei siste 50 åra.
  • På norsk er det omsetjingar til både bokmål og nynorsk.
  • Brukarane kan sjølve velje kva for eit av dei aktuelle språka som skal vere metaspråk i ordboka, og ein kan velje om ein vil få omsetjingane på eitt eller fleire målspråk samstundes. Vil du sjå dei færøyske omsetjingane som ligg inne, trykkjer du på knappen ‘alle’ der ein vel språk.
  • Brukarar kan søkje både på islandske oppslagsord og i skandinaviske omsetjingar. Seinare vil ein også kunne søkje i dei færøyske omsetjingane.
  • Det vil vere opplysingar om det islandske bøyingsverket i artiklane, og i tillegg kan ein søkje på ulike former av oppslagsordet. Dette vil vere til god hjelp for dei som vil lære seg islandsk. Ved å føre musa over ekvivalentane, skal ein også få opp bøyingsendingar på målspråka.
  • Ordboksartiklane vil ha mange islandske brukseksempel, kollokasjonar og faste uttrykk med skandinaviske omsetjingar.
  • ISLEX har mange illustrasjonar i form av teikningar og fotografi.
  • Lydfiler som gjev ordboksbrukaren informasjon om uttale og/eller lyd knytt til dei ulike oppslagsorda skal komme.
  • ISLEX finst også i ein versjon for mobiltelefonar og nettbrett, adressa er den same som til heimesida på nett.

 

Nærare presentasjonar av ISLEX finn du nedanfor:

Merk at ordboksartiklane vil sjå annleis ut i den endelege utgåva!