Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

språk, nynorsk, språkpolitikk, fleirspråklegheit, bilingvalisme, tospråklegheit

Rom for språk (2013)

I samband med Språkåret 2013 arrangerer LLE ein fagleg konferanse i Bergen 14.–16. mars 2013. Konferansen skal markere språkleg mangfald og setje nynorsken i eit internasjonalt mangfaldsperspektiv.

Utgangspunktet for Språkåret 2013 er 200-årsjubileet for Ivar Aasen sin fødsel. Ivar Aasen (1813–1896) la det vitskaplege, litterære og ideologiske grunnlaget for eit nytt skriftspråk, nynorsken. Aasen er dermed ein heilt sentral person ikkje berre i norsk historie og norsk språkpolitikk – Aasen står òg sentralt internasjonalt for den allmenne forståinga av språkpolitikk og språkutvikling. 

 

Konferansen vil bruke Ivar Aasen-jubileet i 2013 som utgangspunkt for ei meir allmenn språkpolitisk orientering: Med bakgrunn i dagens språklege utfordringar, både nasjonalt og internasjonalt, er den overordna målsetnaden med konferansen å markere språkleg mangfald meir generelt, og å granske føresetnadene for ein språkpolitikk som fremjar språkleg mangfald. For å kunne gjere det, må nynorsken setjast inn i eit internasjonalt mangfaldsperspektiv der både språkbrukararen og språksamfunnet vert trekt inn. Her er det av interesse både med empiriske og teoretiske innslag. 

 

 

Inviterte innleiarar:

• Professor Ellen Bialystok, York University (Toronto, Canada)

• Professor Markku Suksi, Åbo Akademi & Justitieministeriet (Finland)

• Professor Jarmo Lainio, Stockholms universitet (Sverige)

• Professor Miguel Ángel Quesada-Pacheco (Universitetet i Bergen)

• Professor Arnfinn Muruvik Vonen, leiar i Språkrådet (Oslo)

• Lektor Hjalmar P. Petersen, Fróðskaparsetur Føroya (Færøyane)

• Professor Mila Vulchanova, NTNU (Trondheim)

• Fagleg leiar Cecilie Carlsen, Norsk språktest

• Førsteamanuensis Reidunn Hernes, Høgskolen i Bergen

• Michael Riessler (Universitetet i Freiburg/ Østsamisk museum)

 

 

Målgruppa for konferansen er fagfolk innanfor språkfag, samfunnsfag og utdanningsvitskap, i tillegg til språkpolitikarar, politikarar, offentleg forvaltning, målfolk og allment språkinteresserte. Målet med konferansen er fleirfaldig: fremje kontakt melom fagfolk og engasjerte spåkbrukarar, bringe fram spennande fagleg innsikt og skape langsiktige verknader som kan stimulere til ny og auka forsking. 

Konferansen vil finne stad i Bergen torsdag 14.mars til laurdag 16. mars 2013. Konferanselokalet er Litteraturhuset, Østre Skostredet 5-7, Bergen.

 

Kulturkveld: Fredag 15. mars arrangerer Språkåret 2013 ein kulturkveld i Litteraturhuset.

 

Konferansedagane: Dei tre dagane har kvar sine tema som igjen er knytte til spørsmålet om rom for språk.

 

1. Inn i språket

Dag 1 har tittelen ”Ut med språket”, og føremålet er å spegle det språklege mangfaldet i Noreg og andre land i dag, og å diskutere korleis samfunnet møter, eller bør møte, språkbrukaren som mangfaldsagent. Eit viktig utgangspunkt er at fleirspråklegheita slår ulikt ut for dei som bruker majoritetsspråk og dei som bruker mindretalsspråk, og at språkpolitikk spelar ei rolle for utfallet.

 

2. Ut i språket

Dag 2 har tittelen ”Inn i språket”, og då går vi frå samfunnet til individet. Vi tek utgangspunkt i språkbrukaren som mangfaldsagent. Aktuelt her er bruken av tospråklege opplæringsmodellar i skulen og effekten det har på språkutviklinga hos einskildindivid. Sjølv om det er fagleg semje om at det er positivt for individet å vere fleirspråkleg, er det viktig å få oppdatert kunnskap om kvifor og korleis kompetanse i fleire språk verkar på individet. 

 

Etter lunch vert det paralellseksjonar med phd-kandidatane Pernille Fiskerstrand, Gunhild Tomter Alstad, Randi Neteland, Hjalmar Eiksund, Gunhild Tveit Randen, Nina Schjetne og Eli Bjørhusdal.

 

3. Med og utan språk

Dag 3 har tittelen ”Med og utan språk” og koplar individperspektivet og samfunnsperspektivet. Eit sentralt spørsmål vert i kva grad samfunnet tek inn over seg den innsikta ein har om språkkompetane og tospråklegheit, og ikkje minst utviklinga av tospråklegheit hos einskildindividet. Her er det tale om å formulere språkpolitikk.

 

Språkkonferansen vil ha inviterte innlegg frå inn- og utland, og internasjonale og komperative perspektiv skal vere gjennomgåande.  

 

Andre tiltak

Konferansen går inn som del av det nasjonale "Språkåret 2013", og ved UiB har vi fleire andre arrangement før, under og etter konferansen.

 

Arrangementskomite:

- Førsteamanuensis Endre Brunstad: endre.brunstad@lle.uib.no

- Stipendiat Edit Bugge: edit.bugge@lle.uib.no

- Universitetslektor Ann-Kristin Helland Gujord: ann-kristin.gujord@lle.uib.no

- Professor Gunnstein Akselberg: gunnstein.akselberg@lle.uib.no

- Sekretær er Bente Selback: bente.selback@lle.uib.no