Hjem
Click

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Stadnamnsamlinga

På Stadnamnsamlinga er det arkivert namnemateriale frå heile landet, mest frå Hordaland.

Dei aktuelle namnelistene inneheld fleire hundre tusen stadnamn. Mange av namna er førde over på kartotekkort.

Størsteparten av listene og korta er skanna slik at tilfanget kan bli lettare tilgjengeleg. Eit par hundre tusen namn er i tillegg regsiterte i ein database. For å tilgang til databasen, gå inn på Stadnamnsamlinga sine søkesider.  Dei fleste namna som er samla inn i dei siste tiåra, er plasserte på kart (då helst ØK).


Grunnlaget for Stadnamnsamlinga og arbeidet som har tilknyting til samlinga, vart på mange måtar lagt av namnegranskaren Gustav Indrebø (1889 - 1942). Kring 1930 organiserte Indrebø ei storstilt innsamling der skuleelevar frå nær sagt heile landet skreiv ned stadnamn på heimstaden sin.