Hjem
Click

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Programstyre ved LLE

Programstyra er ansvarlege for utvikling, leiing og evaluering av bachelor- og masterprogramma, og for at programma oppfyller krava i den nasjonale Studietilsynsforskrifta og det Nasjonale kvalifikasjonsrammeverket.

Samansetting av programstyra
I programstyra sit fagleg tilsette og studentrepresentant(ar). Studiekonsulenten for programmet fungerer som sekretær. Fagkoordinator er som hovudregel leiar av progamstyret. Storleiken på programstyra kjem an på storleiken på fagmiljøet og varierer ved LLE. 


Retningslinjer for sammensetning og mandat for programstyra ved HF
Det humanistiske fakultet har utarbeidd eit overordna mandat for programstyra.


Retningsliner for programstyre ved LLE
I tillegg har Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) utarbeidd eigne retningsliner for programstyra ved instituttet.


Programstyre ved LLE
Programstyra har normalt ansvar for både bachelor- og masterprogramma ved eit fag. Ved LLE har vi desse programstyra:

Programstyre for allmenn litteraturvitskap
Programstyre for digital kultur
Programstyre for gresk og latin
Programstyre for kunsthistorie
Programstyre for nordisk
Programstyre for norsk som andrespråk - norskkursa
Programstyre for lingvistiske fag (språkvitskap)
Programstyre for teatervitskap

 

Tverrfaglege programstyre tilknytt LLE
Det administrative og formelle ansvaret for dei to tverrfaglege bachelorprogramma i retorikk og kjønnsstudium ligg frå 2015 ikkje lenger ved LLE.  

Bachelor i kjønnstudium ligg no ved Senter for kvinne- og kjønnsstudium, og bachelor i retorikk ligg ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.