Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

ph.d.-portrett

Finst det ulv i fåreklede?

Margunn Rauset er leksikograf og arbeider med ordbøker. Ho skriv doktoravhandling om faste uttrykk i bokmål og nynorsk.

margunn-rauset.png

Bilete av stipendiat Margunn Rauset
– Vi brukar uttrykk fordi vi likar dei og har bruk for dei, då er det ikkje så farleg om dei er «bokmålske» eller nynorske, meiner Margunn Rauset, stipendiat i nordisk språk.
Foto:
Ingrid Endal

Mange av dei faste uttrykka i det norske språket kan ein ikkje finne om ein slår opp i Nynorskordboka. Det kan gjere brukarane usikre på om det er greitt å bruke dei eller ei. Eit døme er ordet «får» som er eit importord frå dansk til bokmål  – ein har ikkje teke det inn i nynorsk rettskriving som enkeltståande ord, men det er akseptert i samansette ord som fårepølse og fårehund.

– Ein skulle tru at Nynorskordboka ville akseptere eit uttrykk som ulv i fåreklede, men her ser vi eit eksempel på omskriving. I Nynorskordboka nyttar ein ulv i saueham. Det er flott nynorsk, men eg trur ikkje det vert nytta av særleg mange, seier Rauset.

Likt og ulikt

Margunn Rauset er stipendiat i nordisk språk og undersøkjer kva som er likt og ulikt i den såkalla fraseologien på bokmål og nynorsk. Nærare bestemt ser ho på faste uttrykk av typen idiom (sitje med skjegget i postkassa), samanlikningsuttrykk (vere som hund og katt) og ordspråk (inkje er nytt under sola).

Ho har undersøkt standardverka Nynorsk- og Bokmålsordboka som normkjelder, og seinare skal ho samanlikne det med kva folk faktisk skriv.

– Eg blir stadig overraska over kva uttrykk ein ikkje kan finne i Nynorskordboka, som på andre område er både solid, brukarvennleg og god. Eg må òg innrømme at eg blei overraska over at Bokmålsordboka har med eit bevinga uttrykk som være såra og vonbroten, som direkte bryt med bokmålsrettskrivinga, fortel ho.

Det er, litt enkelt sagt, Språkrådet som avgjer kva ord som er tillatne i det norske språket. Dei uttalar seg om ortografi og morfologi, medan spørsmålet om kva som er akseptabelt på frasenivå, ligg utanfor normeringa.

– Då blir det opp til den enkelte å vurdere kva frasar ein reknar som akseptable, gjerne med støtte i ordbøker og andre språklege hjelpemiddel, forklarar Rauset.

– Kan ein til dømes skrive glimre med sitt fråvær og der er hunden nedgraven på nynorsk?

Du finn dei iallfall ikkje i Nynorskordboka. På den andre sida har det store nynorske ordbokverket Norsk Ordbok dokumentert at begge er i bruk på nynorsk.

– Dette gjer det svært krevjande for den jamne språkbrukaren å vurdere om eit uttrykk kan brukast eller ei. Standardordbøkene er sjølvsagt ikkje ein fasit på kva som er rett og galt, men det er fort gjort å bruke ordbøkene på den måten dersom ein er usikker.

Folk flest bryt reglar

Det er dei leksikalske forskjellane i dei faste uttrykka som interesserer Rauset mest, der ein har ord som av ein eller anna grunn blir oppfatta som problematiske på nynorsk, og ein gjer forsøk på å erstatte dei med synonym.

– Eit anna eksempel er uttrykket ta tyren med horna – der har Nynorskordboka ført opp varianten ta oksen med horna. Dei fleste vil bruke det første av uttrykka, uavhengig av målform, trur ho.

Verda i ordbøkene og den verkelege verda er altså forskjellige. Mange brukar uttrykk sjølv om dei ikkje står i ordbøkene – folk bryt ofte reglane for å seie og skrive uttrykka slik dei var opphavleg.

Rauset har sett på kva fraseologisk teori kan gje oss av svar på dei målformskilnadane vi ser i standardordbøkene. Det blir meir og meir tydeleg for henne at frasar ikkje nødvendigvis følgjer retningslinjene for god språkbruk generelt sett.

– Fraser følgjer sine eigne reglar til dømes når det gjeld bruk av s-genitiv, dobbel bestemming og plassering av possessivet, forklarar ho.

Difor meiner ho ein òg bør akseptere fleire importerte frasar enn det Nynorskordboka gjer, samstundes som det er slike brot med konvensjonane som gjer at mange opplever dei som problematiske å bruke.

Norsk er eitt språk

– Norsk er eitt språk, vi lånar på tvers av målformene og folk opplever at det er naturleg. Vi brukar uttrykk fordi vi likar dei og har bruk for dei, då er det ikkje så farleg om dei er «bokmålske» eller nynorske. 

Rauset ønskjer å bidra til å auke kunnskapen om den norske fraseologien og kor store forskjellane mellom målformene eigentleg er i dag. Dessutan håpar ho at funna hennar kan få konsekvensar for korleis ein utformar ordbøker i framtida.

– Vi har bruk for dei faste uttrykka uansett målform, meiner ho bestemt.